Det staselege sveitserhuset ligg vakkert til nede ved Lindåsosane med fritt utsyn til holmar og skjær.
Den gong det stod ferdig i 1903, etter to omgangar med bygging også på 1800-talet, var villaen ei perle.
Men då sambuarparet Elisabeth Tonheim og Tor Mjelstad kjøpte den romslege einebustaden i 2003, var det mykje og mangt som måtte gjerast. Flyttet huset og forvandlet det:
Først kjøpte de et gammelt tømmerhus for 5000 kroner...
— Eg har bygd kjøkkeninnreiinga av dei gamle kledningsborda på huset. Treverket var så sprøtt at vi, etter å ha etterisolert bygningen utvendig, ikkje kunne spikre kledningen opp att. Eg kjøpte ein kjøpmannsdisk, som eg plasserte inn i kjøkkenet og bygde reisverk rundt, forklarar Elisabeth Tonheim.
Ho sit i peisgrua og drikk kaffi, iført arbeidshabitten i ullfrotte, som også er favorittantrekket.Bikkar temperaturen over 30 grader, skiftar rett nok den hendige 48-åringen til piratbukser, t-skjorte og sandalar.
Det solide kjøkkengolvet ser ut som det alltid har vore der, men dei originale, kraftige golvplankane frå 1760 er kjøpt hos ein kar i Oppland.
Den kvitmåla grua har ho sjølv teikna.
Fem ting du bør fikse hjemme nå
Den fine, gamle grøne trebjelken som ligg på peishylla er handla i Oslo, men kjem opphavleg frå ei løe i Telemark.
Og vedkomfyren stod tidlegare i barndomsheimen til bestemora hennar.— Vi sette inn att dei store, originale vindauga etter at eg hadde restaurert dei. Då vi fekk vite at det ville koste 30.000 kroner å reparere eit vindauge, tenkte eg at dette må eg lære meg. Det er viktigare at vindauga er tette enn at dei er doble. Far til mor mi og bestefaren hennar var møbelsnikkarar. Vi er seks søstrer som sysselsette oss sjølve då vi var barn. Vi var svært aktive, bygde, sagde og leika mykje med lego, fortel Elisabeth Tonheim.
Den jamaldrande sambuaren, eller obersten, som ho konsekvent omtalar han, er vekependlar.
Tidlegare var Tor Mjelstad frå Osterøy i Forsvarets spesialstyrkar, men no er obersten områdesjef i Heimevernet.
I ei spalte som ho har hatt i lokalavisa, har sambygdingane fått eit humoristisk innblikk i mellom anna militær presisjon i kjøleskapet, der absolutt alt har sin faste plass.
Nevenyttige Elisabeth har utdanning både som sjukepleiar og journalist, men for fem år sidan byrja ho å lage bruksgjenstandar og kunst av det andre kastar.
Det hender at folk blir litt overraska når ho hiv seg rundt halsen på dei i rein begeistring over å ha fått ein bunt med rusten kjetting, men slikt venner ein seg til.
Derfor hører de regnet som trommer på taket:
Droppet loftet siden hele familien er høye mennesker
— Det å vere ærleg i all sin framtoning er viktig for meg. I mange år pendla eg til Austlandet og arbeidde frå sju om morgonen til elleve om kvelden, og i helgane jobba vi livet av oss her med huset. Til slutt var eg heilt nedkøyrt og fekk panikkangst, men eg fortsette likevel som før i eit år til, og det øydela noko av toleransen min for stress. Eg er framleis veldig energisk og har vanskeleg for å takke nei til oppgåver, men det viktigaste er at det mentale er i orden og korleis du har det inne i deg, slår ho fast.
No er dei fem soveromma i andre etasje ferdig pussa opp, to av desse fungerer som kombinerte opphaldsrom og kontor.
Obersten, som høyrer til den kategorien som ikkje gir seg før han er hundre prosent nøgd, har isolert og lagt nye tregolv, medan ho har malt golv, tak og vegger.
Neste prosjekt er å få ferdig det største badet og gangen i same høgda.
Dei er og i sving med å lage eit bibliotek over to etasjar med ei romantisk vindeltrapp opp til loftet.
— Då eg budde austpå, lengta eg tilbake til vêret på Vestlandet. Vi har handverkarar i familien som har hjelpt til og synt oss korleis vi skal få ting til. Når ein held på sjølv, går det litt seint og då har du tid til å ombestemme deg mange gonger før du er ferdig, seier Elisabeth Tonheim.
Les også: