ROALL HOGNESTAD

Roall Hognestad døydde 31. oktober, 91 år gamal, og vart bisett frå Svanholm seremonirom 9. november. Han var fødd i Time på Jæren, vart agronom før han utdana seg til arbeid i den produsenteigde meieriindustrien. Då han gjekk på Statens Meieriskole i Trondheim var han ein ihuga turnar. Han øvde fast i Trondhjems Turnforening i mange år og foreininga møtte med sorgflor på fana for den hjelpsame heiderslagsmannen.

Etter fleire års læretid, privat og skulestyrt, praktiserte han som meieriteknikar før han utdana seg til meieriingeniør ved Noregs Landbrukshøgskole og vart driftsleiar, seinare meieristyrar ved Harstad Meieri, ved Verdal meieri og Innherredsmeieriet. Ti år seinare vart han adm. direktør ved Trøndermeieriet i Trondheim og i distriktselskapet Trøndelag Meieri. Dette var ei tung stilling med nedlegging av meierianlegg, men Roall var sterk både som fagmann og medmenneske.

Roall sa oftast ja til arbeid i lag og organisasjonar. Han var i mange år formann i Nordisk Meieriteknisk Råd og Norsk Meieriteknisk Forening, formann i styret for Nord-Norges Meierifolks Forening, Trøndelag Meierifolk, styremedlem i Norske Meierifolks Landsforening og lønsutvalet, styreformann i Landteknikk A/L Han var med i marknadsråd og tidsskriftutval, skreiv Trøndelag Meierifolks 100 års soge, var formann i Verdal vannverk og ordførar i fortandarskapet i Verdal Sparebank.

Roall kjende nok ei dragning frå Arne Garborgs rike med storhavet og eit gjennomrasjonalisert landbruk og veksterleg industri , men det var i det skogrike, frodige Trøndelag han slo rot med familie.

Mange toppsjefar i norsk meieriindustri var tillitsmenn for meierifagfolket. Tillitsmennene for mjjølkeprodusentane, Jon Sundby og Hans Borgen verdsette dette. Vår gode ven og kollega kunne trygt sjå seg attende.

Sverre Sørbø

Minneord i Adresseavisen