Minneord Steinar Bjerkestrand

Steinar Bjerkestrand, tidlegare direktør ved Nidaros domkirkes restaureringsarbeider (NDR), døydde 16.november etter eit kort sjukeleie, 68 år gammal. Med Steinars bortgang har miljøet ved Nidarosdomen mista ei kjelde til kunnskap og formidling, og ein medviten forvaltar av arven ved dei historiske anlegga rundt Erkebispegarden og Nidaros domkyrkje.