Blant gravide og unge menn

85 dagar med striregn i Bergen hadde sin verknad på Lars Petter Sveen. Han fann forma på det som blei debutboka hans: Novelle-samlinga «Køyre frå Fræna».

Saken oppdateres.

- Det var nedbørsrekord i Bergen, og eg tok til å sakne Fræna, staden eg kjem frå. Heilt overraskande begynte eg å få bilde derfrå på netthinna, ikkje av folk eller situasjonar, men av landskapet, barndommens rike, seier Lars Petter Sveen. - Det sette meg i gang med boka.

Fræna som ramme

Fræna grensar til Molde i sør, og landskapet er det vanskeleg å seie noko stygt om. Men naturskildringar var det ikkje som kom ut av pc-en til Lars Petter Sveen. Han har skrive ei bok om unge menn. Berre ein av dei køyrer frå Fræna, det er i opningsnovella, der eit ungt par gir seg i veg, med god grunn.

Dei unge mennene i resten av boka køyrer ikkje, dei blir. Sjølv om dei på ulike vis har trøbbel med seg sjølv, med omgivnadene, og omgivnadene har trøbbel med dei.

- Burde dei køyre frå Fræna?

- Nei, dette er ikkje noko forsøk på demonisering av landsbygda eller oppgjer med bygde-Norge, heller tvert imot. Å gjere Fræna til sjølve representanten for bygde-Norge, ville òg vere eit vågestykke. Men landskapet stod klårt for meg, og det blei den ramma eg la på meg, den eg trengte for å skrive meg sjølv inn i Fræna, Fræna inn i Norge og Norge inn i Fræna.

- Men det går for seg merkelege ting i novellene dine? Bankelydar i veggane, gjenferd, rasehat, fanatisme. . .

- Ja, men kan hende ikkje meir merkeleg enn det som hender i byen. Av alle klisjeane som er festa til bygda blir innbyggjarane nærmast gjort til noko fjernt orientalsk. Ingen seier om Dag Solstad at han skriv om by-Norge, sjølv om handlinga i bøkene hans alltid går for seg i byar.

Makt og ondskap

Debutboka til Lars Petter Sveen har jamt over fått gode kritikkar. Bokmeldarane har tatt ho som teikn på at det politiske perspektivet kan vere på veg tilbake i litteraturen. I ei av novellene utnyttar ein lokal partimann andres ulukke som satsplanke for å komme seg opp og fram. I ei anna er ei fanatisk blanding av religion og politikk ute og går. I ei tredje er det ein stortingspolitikar som brukar religion som politisk argument, blind for at han torpederer eigne ideal.

- Ingen forfattar vil vel skrive ein propagandaplakat. Eg hadde iallfall ikkje orka lese det. Men til spørsmålet om ein bør blande politikk og litteratur, vil eg seie som den danske forfattaren Claus Beck-Nielsen, at det handlar vel heller om «hvordan fanden man skal kunne skille dem ad», seier Lars Petter Sveen. Likevel saknar han at mykje samtidslitteratur ikke forheld seg til moderne maktanalyse.

- Eg har vore oppteken av det Pierre Bourdieu skriv om makt og klassar som dannar seg gjennom ulik fordeling av økonomisk og kulturell kapital, og av Hannah Arendt, som etter rettssaka mot naziforbrytaren Adolf Eichmann, skreiv om «ondskapens banalitet». Om korleis alminnelege menneske kan stå for rein ondskap mens dei meiner at dei gjer si plikt. Eg bestemte meg for at det var betre å mislukkast i å bringe inn det politiske enn ikkje å prøve. Eigentleg er det politiske med fleire stader i samtidslitteraturen, om enn indirekte. Det kan like gjerne vere kritikarane som ikkje les politikk inn i bøkene.

Unge menn og gravide kvinner

- Kvinnelege forfattarar får gjerne spørsmålet «kvifor skriv du berre om kvinner». Så kvifor skriv du berre om menn?

- Det er heilt bevisst. Eg kan lettare skrive om dei, og eg ville at det skulle handle om unge menn. Kvinnene i boka mi er meir skissemessige, og dei er skildra gjennom augo til mennene. Eg plasserer mennene i ulike situasjonar, og i den konstellasjonen dei har havna i, følgjer dei si eiga handlingsrekke.

- I fleire av novellene finst det ei gravid kvinne?

- He, he, ja. Eg oppdaga plutseleg at eg satt med ein bunke novellar der bortimot halvparten handla om nybakte fedre.

Lars Petter Sveen og kjærasten fekk sin førstefødde midt oppe i skriveprosessen. - For å lage ein truverdig situasjon i fiksjonen er du avhengig av å vite hva for kjensler det er snakk om. Skal du skrive om å vere far, er det godt å ha opplevd det sjølv, så du kan trekke ut den kjensla og kople ho til grunnideen i det du skriv, seier han.

Nytt prosjekt på gang

Sveen vedkjenner seg inspirasjon frå sambygdingen Edvard Hoem og hans sjølvbiografi og bygdebiografi «Heimlandet. Barndom». Norsklærarane hans oppmuntra han, men etter vidaregåande skole køyrde Lars Petter Sveen sjølv frå Fræna, og det blei lite med skrivinga. Det bar til Bergen for å studere nordisk språk og litteratur. Men fort fann han ut at litteraturen var meir engasjerande enn norrønt, språkhistorie og dialektprøver. I staden blei det Oslo og bachelorgrad i historie, og deretter Skrivekunstakademiet i Bergen. Antologien dei tolv skrivekunst-studentane gav ut gjorde at Aschehoug blei interessert i den unge forfattarspiren og henta han inn.

- Først var dei interessert i dikta mine, men eg hadde skrivesperre på dikt og baud dei novellene mine i staden. Etter å ha lese både dikt og noveller frå meg, bad dei om meir noveller. Og der startar historia om novellesamlinga, fortel Sveen, som nå går på bibliotekarstudiet.

- Har du begynt på ei ny bok?

- Eg begynner på eit nytt prosjekt i neste veke. Men det er for tidleg å snakke om kva. Kan hende brenner eg alt i raseri i oktober.

- Har du brent manuskripta dine nokon gong?

- Nei, men kasta har eg gjort!

 
På forsiden nå