På studieretningene indøk og nanoteknologi ved NTNU vert det langt færre jenter til hausten. Dette er studier med ekstremt høge inntakskrav. Det er ingen overrasking når jentepoenga er borte, og dei som forventa noko anna heng ikkje med i timen. Hadde ein til dømes innført gutepoeng på medisin i Trondheim, hadde det vore nettopp gutane som var i fleirtal.

Ein kan jobbe for likestilling utan å etterstrebe absolutt kjønnsbalanse for ein kvar pris. Eg har tidlegare sagt at gutar som i dag ønskjer å studere teknologi og realfag startar heilt i frå fødselen av sist i køen. Kjønnspoeng har ein ikkje moglegheit til å hente inn, uansett kor hardt ein jobbar. Dette er ein prinsipiell urettferdigheit.

Jone Trovåg, leiar i Studenttinget, meiner på vegne av NTNUs studentar at kjønnspoeng er diskriminerande. Marianne Aasen (Ap) meiner kjønnspoeng er et godt verkemiddel for å oppnå likestilling. Spørsmålet ein må stille seg er om ein ønskjer sjanselikskap eller resultatlikskap.

I Adressa har vi lest at andelen jenter med tilbod om studieplass på Indøk har gått i frå 50 til 24 prosent. Adressa skriver også at andelen som takker ja til tilbodet har gått i frå 51 til 18.7 prosent. Kvifor er det slik at fleire jenter enn tidlegare takkar nei til tilbodet om studieplass på Indøk?

Tekna Student har lenge meint at det ikkje er ønskeleg å nytta kjønnspoeng som eit middel for å betre kjønnsbalansen, og har derfor vore ein forkjempar for å satse på andre rekrutteringstiltak, som bevisstgjering på nytten av realfag og teknologi allereie i grunnskulen. Heldigvis er det utruleg mange fleire jenter som veljar realfag og teknologi i dag enn tidlegare – det kan vi takke mange rekrutteringstiltak for, ikkje kjønnspoeng.

Kjønnspoeng kan ikkje komme og gå annakvart år, det skaper stor usikkerheit for dei som planlegg å søkje opptak. Inntil Tekna Student får det som vi vil og kjønnspoeng fjernast heilt, så bør minst eitt av to tillegg til dagens ordning med kjønnspoeng innførast.

1) Innfør ein trappefunksjon der ein til dømes får to poeng gitt at det er mindre enn 20 prosent av eitt kjønn ved førre opptak, og ett poeng viss det er mindre enn 30 prosent av eitt kjønn ved førre opptak (i dag får ein to poeng der det er kjønnspoeng).

2) Kjønnspoeng tel berre på ordinært opptak, på lik linje med andre ekstrapoeng.

Sakens kjerne er ikkje at færre jenter startar på Indøk denne hausten. Kring to av tre som fullfører høgare utdanning på landsbasis er kvinner, og det er nettopp kvinner som går ut av vidaregåande med best resultat. Dersom jenter til dømes ønskjer å verte sivilingeniørar, så kan dei det, utan kjønnspoeng – men dei må ville det. Då snakkar eg ikkje om dei uheldige som ikkje kom inn i år, men dei som takka nei til plassen sin – og alle dei andre som aldri søkte.

For første gong på lenge var det i år ein nedgang i søkjarar til master i teknologifag. Dersom Noreg skal vere ein konkurrerande kunnskapsnasjon i framtida treng vi fleire ønskjer å verte teknologar og realistar, både gutar og jenter.