«Kvifor bur du i Trondheim Solveig? Eg blir uvel kvar gong eg tek Værnesekspressen inn mot byen. Ein by utan sjel.»

Det kokar inni meg, men eg held roa på utsida ettersom det er ein god kollega som seier det. Og det er då det går opp for meg. Eg har blitt «trønder». Eg som kun skulle innom studentbyen Trondheim nokre år for å feste frå meg før vaksenlivet tok til. Dette er no 12 år og sju leiligheiter sidan. Eg har mann, hund, to barn med trønderdialekt, hytte i Storlidalen, fast jobb på NRK Tyholt, potetåker, og ein kjellar fylt til randen av tomme Trøndesodd-spann.

LES OGSå: Kjenner du noen som ligner på Trønderhipster

Kva skjedde? Trivelege Trøndelag skjedde. Byen kor det er heilt innafor å gå på Bunnpris i pysjen og kor du kan legge igjen lommeboka på bussen og plukke den opp etter ein runde. Eg har sykkelavstand til både audemark og uteliv.

Eg starta i kjerna. Tre ulike bofelleskap i inneklemte veiter i sentrum, med søt lukt av muggsopp og øl. Det einaste eg opplevde av natur var bussturen til Dragvoll. Men eg var godt kjent i alle krikar og krokar av Studentersamfundet. Mine første år delte eg med halvnakne studentar, bæsjebok på do, røyking på taket av byen, og ein nabo som aldri gikk lei av å glede oss med sitt ølflaske oppi rumpa-triks. Typisk trønder tenkte eg.

Så utvida horisonten seg. Innkjøp av hund gjorde at eg oppdaga verda utanfor Trondheim sentrum. Flotte turområder på Jonsvatnet, Malvikmarka, Bymarka og den næraste og hyppigst besøkte, Estenstadmarka. Klubb og duppe på onsdagar på Estenstadhytta anbefalast om du kan like ein oppoverbakke før eit mektig måltid. I dette området har eg gått på kryss og tvers i åtte år, men eg er enno ikkje like kjent her som i Studentersamfundet. (Det har skjedd meir enn ein gong at eg har gått meg vill på returen og havna på Jonsvatnet når bilen står på Dragvoll.)

No er det Rosenborg som er min heim i Trøndelag. Det er nesten pinleg kor triveleg det er i borettslaget vårt. Dugnadsand, filmfestival i den felles hagen, fri tilgang på folks plommer og heimebrygg, barn som spring fritt mellom husa, planer om hønsehus og biehotell. Eg har minst 50 folk å le med og 100 skuldre å grine på i den lille sirkelen av gamle trehus. Men fell du et tre uten alle si velsigning er du ille ute.

Heim nr to er hytta i Storlidalen. Den vakraste dalen eg veit om som kan anbefalast både for småbarnsfamiliar og den meir ekstreme friluftstypen. Her fiskar familien ørret, går på langrenn, plukkar molter, men mest av alt sit vi og nyt utsikta frå terrassen. Dessverre er et litt for god nettdekning der, så mannen har tilgang på både nettpoker og Facebook. Men ungane har fått opplyst at det ikkje fins internett i Oppdal.

Sjølv om eg ikkje har sett alt i Sør-Trøndelag enno har eg mange favorittar på lista. Klæbu er gull om hausten, her er det berre å forsyne seg av sopp og bær. Men går eg nærare inn på kor kantarellplassen ligg blir det skilsmisse. Det har eg ikkje råd til, for det vakraste Trøndelag har å by på for meg er min eigen trønderfamilie. At ungane blir flira av i Florø på grunn av sin komiske dialekt må eg berre leve med. Men eg legg ikkje om, ein plass må grensa gå, sjø.