Det er underlege ting som skjer i Trondheim for tida. Trondheim har godt utbygd fjernvarme og det meste av varme blir produsert ved energigjenvinning frå søppel. Distribusjonen av varme dekker eit stort konsesjonsområde. Både produksjon og distribusjon har fått offentlege subsidiar. Likevel blir det bygd nye bygg innanfor konsesjonsområde som ikkje, eller i svært liten grad, skal bruke fjernvarme.

Mange nye bygg har finne fram til at det er lite varmebehov og det vil kunne bli dekt på andre måtar som kostar mindre. Velger ein ulike kombinasjonar med varmepumpe og solenergi vil ofte årskostnaden for energi bli lågare enn det fjernvarme vil koste. Likevel blir bygget knytt til fjernvarmenettet for at det skal bli nok effekt på nokre få kalde dagar i året.

Det betyr at det blir pumpa fjernvarme rundt i Trondheim heile året, mens det bare blir levert til kunder nokre få dagar.

Altså går store delar av energiproduksjonen til fjernvarmen med til å varme opp grunnen i Trondheim slik vi ofte kan sjå det ved gangvegen langs Nidelva. Det er dårleg både for samfunnsøkonomi og miljø at ikkje fjernvarme blir utnytta så godt som råd.

Det som er endå meir underleg er at bygg som ikkje skal bruke fjernvarme, får offentleg støtte for å kunne velje bort fjernvarme. Nå skal Sør-Trøndelag fylke bygge ny vidaregåande skole på Heimdal innafor konsesjonsområde for fjernvarme. Der skal Enova gje støtte på 21,5 mill. kroner. Delar av denne støtte blir gjeven til energiløysningar som skal føre til at bygget slepp å kjøpe fjernvarme.

Likevel skal fjernvarmen koplast til slik at bygget skal vere sikra på dei kaldaste dagane når det ikkje er sjølforsynt. På desse dagane er og delar av fjernvarme produsert med fossilt brensel.

Fikk du med deg landskapsarkitektenes kronikk om Nidarø: Vi har kvessa blyantene, åpnet de grønne hjertene våre og laget en visjon for Nidarø som ny bypark

Forklaringa på at ikkje noko politisk nivå reagerer, kan bare skuldast manglande kunnskap eller vilje til å sjå samanheng. Det er sjølsagt spennande med ny teknologi, men nokon miljøgevinst er det neppe. Skal det blir slutt på dette, må fjernvarme bli prisa slik at den ikkje blir utkonkurrert av andre alternativ.

Når først fjernvarmenettet er utbygd, må ein syte for at mest mulig blir bruka til å dekke reelle behov. Det må bli slutt på at løysningar og alternativ energiforsyning berre blir vurdert ut frå smale og kortsiktige miljøhensyn.