Helsefagarbeidar Nina Korneliussen står utan arbeid og opplever at fagbrevet er utan verdi. Ein av årsakane er at ledige stillingar blir gjort om til sjukepleiarstillingar.

Vi har høyrt frå eksperthald om framskrivingane som viser at Norge vil kunne mangle over 50 000 helsefagarbeidarar i 2035. Det blir teikna eit skremmebilde av eldrebølgja som snart er over oss og som vil krevje uhorveleg mange varme hender og kloke hovud i helse- og omsorgssektoren. Staten har køyrt store kampanjar for å lokke fleire unge til helsearbeidarfaget.

Les også: Arbeidsledig helsefagarbeider skaper debatt

Verdilaust fagbrev: Likevel opplever mange nyutdanna helsefagarbeidarar det same som Nina Korneliussen beskriv; at dei etter avslutta utdanning ikkje får jobb og ender opp som tilkallingsvikar og i midlertidige, små stillingar. Helsefagarbeidaren, som har utdanning på vidaregåande nivå med to år i skole og to år i lære, opplever at kompetansen dei har opparbeidd seg verken er verdsatt eller etterspurt. I et leserinnlegg skriver hun:  - Du sitter igjen med et verdiløst papir som du like gjerne kan tørke deg bak med, seier Nina om fagbrevet ho har tatt. Er det då slik som enkelte påstår, at kompetansen ein helsefagarbeidar har etter fire års utdanning og læretid ikkje er god nok for å kunne jobbe med dagens og morgondagens pasientar?

Stolt yrke: Helsearbeidarfaget blei oppretta i 2006 og erstatta hjelpepleiarutdanninga og omsorgsarbeidarfaget. Yrkestittelen er helsefagarbeidar og ein har autorisasjon som helsepersonell. Det er det største yrkesfaget i vidaregåande opplæring og har blitt større år for år. I 2016 fekk om lag 1 800 unge fagbrev som helsefagarbeidar. Omtrent like mange vaksne, med lang erfaring frå helse- og omsorgssektoren, tok fagbrevet som praksiskandidat. Helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar er framleis dei største gruppene i dei kommunal helse- og omsorgstenestene. Det blir utført over 60 000 helsefagarbeidarårsverk i Norge årleg. Helsefagarbeidarane utgjer sjølve grunnmuren i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Les også om Katrine Rask, som har en usikker arbeidssituasjon som helsefagarbeider.

Erstattast av sjukepleiarar: Ein stor del av dagens helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar nærmar seg pensjonsalder. Ein skulle tru at behovet for å erstatte desse var stort. Det vi derimot ser, er at når ein hjelpepleiar eller helsefagarbeidar går av med pensjon og stillinga blir ledig, er det ikkje sånne som Nina som får jobben. Nei, stillingane blir gjort om til sjukepleiarstillingar. Dette er ei kjent problemstilling særleg frå sjukehus der sånne omgjeringsprosessar har gått føre seg i fleire tiår.

Det er leiarane i helse- og omsorgssektoren som bestemmer kven som skal tilsettast og kva slags yrkesgrupper ein ønskjer. Argumenta for kvifor ein heller vil ha sjukepleiarar enn helsefagarbeidarar er velkjende: Alt har blitt så mykje meir komplisert enn det var tidlegare. Fagforbundet meiner like fullt at ein treng både sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Pasientane treng helsefagarbeidarane: I Fagforbundet organiserer vi dei fleste hjelpepleiarane og helsefagarbeidarane. Dei fortel om ein arbeidskvardag som slett ikkje berre består av avanserte medisinske prosedyrar. Pasientane treng grunnleggjande stell og hjelp til gjeremål. Pasientar og brukarar har krav på dyktige fagfolk som ønskjer å vere nær, samtidig som dei yter profesjonell hjelp. Det praksisnære er kjernen i helsearbeidarfaget. Vi har spurt våre helsefagarbeidarar kva som var motivasjonen bak yrkesvalet. Svaret er krystallklart: Ein helsefagarbeidar vil vere til stades i enkeltmenneskets liv og bidra til at pasienten eller brukaren får dekt sine grunnleggjande behov og får ein meiningsfull kvardag. Vi treng fagfolk med akkurat den type motivasjon og kompetanse like mykje som vi treng fagfolk til å skrive rapportar, organisere turnusen, administrere medisinar og ta seg av dei aller mest avanserte oppgåvene. Det er snakk om både – og, ikkje anten – eller.

Vi treng dei beste: Nina Korneliussen og mange med henne har opplevd at kompetansen dei har ikkje blir verdsatt.

Og når ein får jobb er det sjeldan full stilling. Det er ei skam. Leiarar og politikarar må sørge for at ikkje fleire opplever det same. Inngrodde førestillingar om at det berre er universitets- og høgskoleutdanna som kan gjere ein god jobb i helsevesenet, må bort.

Helsearbeidarfaget er ingen bløff. Sjølv om erfaringane til Nina ikkje er unik, er det også mange tusen unge og vaksne som har oppnådd fagbrev og som i dag har meiningsfulle og viktige jobbar der dei blir høgt verdsatt både av pasientar og brukarar, pårørande og kollegaer.

Vi treng dei beste til å ta seg av våre nærmaste. Det inkluderer helsefagarbeidaren som, i lag med alle dei andre yrkesgruppene i helsesektoren, kvar dag yter pleie og omsorg av høg kvalitet overfor dei som treng det aller mest.

Mette Nord, leder i Fagforbundet