Utanlandske bankar har no 76 prosent av den den norske bank-marknaden, viser ei undersøking. Ein samfunnsøkonom, Johannes Idsø, ved Høgskulen på Vestlandet har gjort ei større norsk bank-gransking for perioden 2006 til 2015 .( Klassekampen 20/1) I 2006 hadde utanlandske bankar tre prosent av den norske bankmarknaden, i 2015 heile 76 prosent. Forretningsbankane miste først kundane sine til dei utanlandske, no står sparebankane for tur, hevdar Idsø.

Dette er dramatisk, ikkje berre for norsk bankvesen, også for Noreg og velferdsstaten som er avhengig av jamne skatteinntekter.

Mer debatt om superbussen: Eldre krever lengre stopp og flere holdeplasser

Dei siste åra har eg ofte tenkt i mitt stille sinn at det er noko alvorleg gale med norske bankar. Dei har ikkje fulgt rettleiinga som den statlege styringsrenta gir. Den har vore svært låg den siste tida, heilt ned i 0.5 prosent, medan bankane har halde si rente på det jamne i fleire år på huslån, høgare på andre lån. I utlandet er bustadrenter langt lågare.

I tillegg er kundebehandlinga blitt dårlegare, både i bankar og somme butikkar. Fleire fortel om arrogant og nedlatande behandling, særleg frå unge funksjonærar. Somme avviser samtalar om indivuduell tilpassing av låneavtalar.

Eit eksempel frå mitt eige liv: Då eg før jul skulle byte ut den gamle bilen min med ein nyare, tok eg lån i ein irsk bank, som tilbyr tenester her, i samsvar med EØS-avtalen. Eg fekk den same renta som eg har på huslånet mitt i den lokale banken og med garanti berre i gjenstanden som eg kjøpte. Men banken ville hatt god garanti i huset mitt, som var litt belånt hos dei, om eg skulle døy eller kræsje bilen innan kort tid. Og eg har aldri misleghalde betalingsavtalar hos dei.

Les også debattinnlegget: Av og til tenker jeg at det skulle vært et slags «førerkort» for å skaffe seg hund

Kanskje likte den unge mannen å bruke litt makt overfor eldre damer? I alle fall har banken gitt dei unge funksjonærane for dårleg opplæring i kundebehandling.

Det er både dårleg yrkes-etikk og dårleg forretningsskikk å la vere å tilby folk tenester, og det utan risiko.

De gamle lokale bankene hadde truleg betre yrkesetikk, og også eit formulert mål om å vere til for interessene til bønder, fiskarar og anna befolkning i kommunen der dei dreiv.

Utanfor EØS ville norske bank- interesser hatt heilt andre vilkår enn dei har no. Men også no, innafor EØS, kunne norske politikarar vise meir gangsyn og ta ansvar og rettleie norske bankar ved å vedta like rammevilkår for norske og utanlandske bankar.

Utifrå slike retningsliner måtte dei norske bankane moderere rentekrava sine, noko som ville gitt dei muligheit til å drive med eit moderat overskot, men ikkje bli utradert.

Det krevst sterk rygg for å bere gode dagar, seier eit gammalt ordtak. Viss den norske velstanden skal haldast oppe, må mange heile tida passe på og arbeide fornuftig og målretta.