Debatt:

Naturvernforbundet svarer om landbasert lakseoppdrett: Er alt bra med fisk på land?

Saken oppdateres.

Det går ein debatt om alt er bra når det blir produsert fisk på land i Aure. Naturvernforbundet vil gå gjennom nokre av spørsmåla i denne saka.

Landbasert oppdrett er tenkt å løyse problem med rømming og genetisk blanding med laksen som finst i elva frå før. Lakselusproblematikken er eit anna tema. Utslepp av fiskebæsj likeins. Når Salfjord sine planar på Tjeldbergodden ikkje drar eksisterande konsesjonar på land, men gjeld ny produksjon i tillegg til det som finst frå før, blir det ingen forbetringar totalt sett på noko av dette.

Men det blir nokre forverringar med Salfjord sitt prosjekt. Dei vil reinse utsleppa, men det verkar som 1/3 av laksebæsjen, tilsvarande eit lastebillass dagleg, hamnar i sjøen likevel. Det kjem altså i tillegg til dei utsleppa som finst i området frå før.

LES OGSÅ: Vil ha vindkraft i Aure til Europas største oppdrettsanlegg på land

Fisken på land må ha mat. Det kan sjå ut som det går i alle fall 1,5 kilo med laksemat for å få 1 kilo med laks igjen. Sidan vi for lengst har fôra opp fiskeavfall og liknande, vil auka oppdrettsvolum ta av det som menneske kan ete.

For å få havvatn opp på land må det pumpast. Det er tale om enorme mengde vatn, og det er tale om enorme mengde straum. I tillegg har det vore tale om å varme vatnet noko, som krev mykje energi. Til sist skal ikkje verksemda bruke ferskvatn, men salte av havvatn, som og krev energi.

Trass reinsinga blir det mykje laksebæsj som må tynnast ut. Dermed må visst eit slikt anlegg ligge omtrent i Golfstraumen. Der finst det verken straumproduksjon eller kraftliner. All energiproduksjon har negativ verknad på naturen. Nye kraftliner er heller ikkje uskuldig i så måte.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Det blir alt no produsert meir fisk i Aure enn det folk i Aure orkar å ete. Når maten som laksen skal ete heller ikkje blir produsert i Aure, så vil all produksjonsauke i området føre til auka transport som stort sett er ugunstig for miljøet.

Njordr håpar dei skal få lov til å gjere om naturen på Skardsøya til straum under påskot av at det er nødvendig for å berge oss frå klimaendringane. Naturvernforbundet er ikkje samd i dette, men viss så skulle vere tilfelle, så må straumen frå Skardsøya i så fall brukast i staden for noverande oljeforbruk. Då kan ikkje den same straumen seljast til Salfjord. Njordr, Salfjord eller båe har rekna med noko som ikkje kan gå i hop.

Naturvernforbundet si oppfatning av Salfjord sitt prosjekt i Aure er at dette ikkje er bra for miljøet. Det løyser ikkje problema næringa har no. Andre problem vil auke.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter


Adresseavisen ønsker en åpen og saklig debatt. Våre debattfelt er åpne 07-00 hver dag. Les debattreglene her.

På forsiden nå