Kronikk mandag 18.05. 2009

Arkitekturpolitikk – også for Trondheim?

Det meste av tida er vi i ein arkitektonisk samanhang. Huset vi bur i, arbeidsplassen vår, skuler, vegar, parkar; byrommet og dei fysiske omgjevnadene utgjer ei viktig ramme for liva våre. Så kvifor finst det ingen arkitekturpolitikk i Trondheim kommune?

Saken oppdateres.

Med jamne mellomrom opplever vi i Trondheim at det vekkjes til live eit stort engasjement når byutvikling vert satt på agendaen av media. Ikkje så underleg, fordi korleis vi bur, og korleis det ser ut kring oss er viktig for folk fleist.



Det så vi under det store folkemøtet på Britannia Hotel sist haust, der fleire hundre innbyggjarar samt lokalpolitikarar frå alle parti stilte opp i debatt om byutvikling. Det var ei positiv oppleving! Men no er det naudsynt at ord vert omsett i handling, nærare bestemt i ein konkret arkitekturpolitisk handlingsplan for Trondheim.



I dag har kommunen ingen heilskapleg politikk på området. Det er fire år siden rådmannen skreiv i kommunen sitt budsjettdokument at ”en offensiv utvikling av en estetikk- og arkitekturpolitikk krever en ekstraordinær innsats det ikke er funnet rom til.”



Når vi skriv 2009 er ikkje budsjettsituasjonen for Trondheim kommune enklare, men det er liten tvil om at vi treng ein meir aktiv diskusjon om byutvikling generelt, fortettingspolitikken, utbygging på Brattøra, nybygg og utvikling av Midtbyen, og ikkje minst dagens satsing på å utvikle bærekraftige område, slik det er planar om på Brøset.



Statleg drahjelp



No kan drahjelpa visa seg å vere kort veg unna. Etter initiativ frå Norske Arkitektars Landsforbund sett Regjeringa no arkitekturpolitikk på dagsorden med ein nasjonal handlingsplan for arkitekturpolitikk, som er venta ferdigstilt til sommaren.



Planen er eit samarbeidsprosjekt mellom 13 departementar. Det seier sitt om kva for eit mangfald arkitekturfeltet byr på. Regjeringa sitt foreløpige arbeid har vore å konsentrere arbeidet om desse ni tematiske innsatsområda:

Stadsutvikling

Bærekraft

Universell utforming

Det offentlege som førebilete

Helse

Kulturarv og samtidsuttrykk

Kunnskapsutveksling

Næringsperspektiv

Profilering og identitetsbygging



Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske sitt departement leiar og koordinerar arbeidet, der også sentrale institusjonar og etatar, fagmiljø og ressurspersonar vert involvert.



Blant Regjeringa sine mange aktive medspelarar er Fakultet for arkitektur og billedkunst ved NTNU, saman med Arkitektur og designhøgskulen i Oslo og Norsk Form, som også skal arrangere ein stor konferanse om arkitekturpolitikk og arkitekturforskning i Oslo 26. og 27. mai.



Arkitektur er både næring og kultur

Om ein ser litt nærare på nokre punkt her, så forstår ein raskt at eit skarpare fokus på arkitektur og kvaliteten på våre fysiske omgjevnader er viktig for ei positiv samfunnsmessig, økonomisk og kulturell utvikling.



Klimakrisa har gjort oss merksame på viktigheita av å redusere miljøutslepp og energiforbruk knytt til bygningar og anlegg, som er fastlands-Noreg si største næring. Og nettopp organisering av arealbruk, produksjon av bygningar og anlegg og utforming av byar og bygningar heng nøye saman med og påverkar klimautviklinga.



Difor er behovet for forskning og utvikling av ny kunnskap og kompetanse stort. Nye byggeforskrifter krev til dømes nye måtar å prosjektere og bygge på, nye tekniske løysingar, nye materialar.



Spørsmål kring brukskvalitet og oppleving av miljøvenlege løysingar, og korleis ein ser føre seg framtidas byplanlegging, bumiljø og estetikk, er utfordringar som Trondheim, med sine sterke fagmiljø ved både NTNU og SINTEF, har dei beste føresetnader for å gå laus på.



Eit døme frå mitt eige fakultet er det nye forskningssenteret ZEB (The Research Centre on Zero Emisson Buildings), som saman med offentlege og private partnarar i løpet av dei neste åtte åra skal satse om lag 300 millionar kroner med eit mål om å skape neste generasjon bygningar, med eit nøytralt klimagassutslepp.



Rammer for liv og vekst

Danmark fekk sin arkitekturpolitikk i 2007 gjennom handlingsplanen ”Rammer for liv – rammer for vækst”, som set ei rekkje konkrete krav til arkitektonisk kvalitet i både offentleg og privat planlegging og bygging. Kva kan vi ta med oss fra vår nabo i sør?



I ein god arkitekturpolitikk må ein vektleggje energi- og ressurseffektive løysingar med bruk av fornybar energi, og mindre bruk av helse- og miljøfarlege stoff i byggeverksemda. Ein må tenkje bærekraft gjennom heile livsløpet for bygningar og anlegg, det gjeld gjennom planlegging, prosjektering, bygging, drift og vedlikehald.



Sentralt er det også at vår eldre arkitektur og kulturarven skal haldast ved like og utviklast. I område med verneverdige bygningar og anlegg må ein ta særskilt omsyn til kulturhistoriske verdiar, samstundes som at det må være høve til transformasjon og ny bruk av eksisterande bygningar og område.



Arkitekturpolitikk må altså ta føre seg dei kulturelle, historiske, sosiale, miljømessige og økonomiske kvalitetane arkitekturen har for byen, og at ein brukar arkitektur, fysisk planlegging og eigedomsutvikling som drivkraft for ei kvalitativ og bærekraftig utvikling av byen og omgjevnader.



God arkitektur er nemlig ikkje berre kvalitetsmessig utforming av enkeltbygningar. Like viktig er heilskapen og romma mellom bygningar, der folk lever sine liv.



Kan vi få til dette også her i Trondheim – ein handlingsplan med hovudmål å få til ein heilskapleg arkitekturpolitikk for byen? Kva meiner eigentleg politikarar, administrasjon, arkitektar, og – ikkje minst – innbyggjarane i Trondheim om korleis byen skal sjå ut om 10, 20 og 50 år?



Fakultet for arkitektur og biletkunst ønskjer å skape en arena for denne debatten. Difor inviterar vi til ope hus i ein serie folkemøter på Dokkhuset til hausten med følgjande, overordna spørsmål: Kan vi heva kvaliteten på arkitekturen, og få til ei samla tenking kring våre fysiske omgjevnader?



tore.haugen@ntnu.no

























 
 
På forsiden nå