På den annen side, torsdag 25. mars 2010

Sprikande historier

Siste utgåve av NAF Veibok ligg på bordet mitt – «breddfull av konkrete informasjoner, tips, råd og fakta», som det heiter i forordet i boka.

Saken oppdateres.

«Det er først og fremst fakta som teller», les eg vidare, eg skal få «noe å vite». Dette er eigenreklame for eit kvalitetssikra oppslagsverk.

Kvalitetssikring inneber mellom anna at informasjon ein stad i boka må samsvare med det som står andre stader, men også med kva fagfolk kan gå god for. Eg har sett på dei små historikkane om norske byar i boka, og her sviktar det på begge punkta. Om Trondheim kan vi lese at byen under Olav Trygvason «ble landets første hovedstad. Herfra ble det store Norges-veldet styrt, det strakte seg fra Kvitsjøen i øst til Nord-Amerika i vest. Senere (altså etter den tida da Noregs-veldet vart styrt frå byen) er Trondheim blitt knyttet til en ny Olav, Haraldsson – Den hellige... I middelalderen var Trondheim den verdslige og åndelige hovedstaden i Norge».

Her er det mye sprøyt på få linjer. Å bruke ordet «hovudstad» rundt år 1000 er meiningslaust, og på den tida det tok til å få litt meining, hadde kongen hovudsete i Bergen. Noregsveldet er plassert 250 år for tidleg, og norske kongar har aldri hatt makt i Nord-Amerika. Omtalen av Trondheim heng da heller ikkje saman med det som står om andre byar. Bergen blir omtala som «Norges første rikshovedstad og kroningsby». Oslo vart «hovedstad i 1299. Oslo var også kroningsstad til 1519». Jamvel Steinkjer var «sete for jarlene Eirik og Svein mens de styrte i Norge omkring år 1000». Det er å dra usikre sagaopplysningar langt ut på viddene.

Om det er gildt å vere hovudstad, er det også gildt å vere gamal. I boka blir alderen på Skien og Oslo rekna frå år 1000 – verken før eller seinare. Grunnlaget er arkeologiske funn som tyder på busetnad på stadene lenge før dei er nemnde i sagaene. Til gjengjeld blir Tønsberg gjort til eldste byen i landet på grunnlag av sagatradisjonen, trass i at arkeologien tyder på at han er langt yngre. På Levanger var det «marked og kaupang» i middelalderen, fortel boka. Dette er berre ein hypotese som krev utgravingar for å bli noe meir. I det heile sprikar opplysningane i boka. Her kan det verke som om redaksjonen ukritisk har teke inn tekstar dei har fått får lokale turistkontor eller andre lokalpatriotar utan å samordne dei og kvalitetssikre dei.

Men gjer det da så mye at opplysningane spriker? Er det ikkje håplaust gammaldags å tru at kunnskap kan vere fast og eintydig? I alle fall ser det ut for at statssekretær Roger Solheim i kulturdepartementet meiner det. Han vart nyleg intervjua i samband med at departementet ikkje vil gje statsstøtte til nettutgåva av Store Norske Leksikon. «Ingen har monopol på sannheten», seier Solheim. «Ingen har monopol på å beskrive virkeligheten. Det er sjelden man finner én objektiv sannhet. Oppfattelsen av virkeligheten er like mangfoldig som samfunnet for øvrig... Vi er veldig redd for en ensretting med et kvalitetssikret faktaoppslagsverk som sier at dette er virkeligheten sett fra statens side».

NAF Veibok må i så måte vere statssekretærens draum av eit oppslagsverk. Her er inga einsretting av kunnskapen, i staden blomstrar mangfaldet. Dessutan er vegboka sjølvfinansierande, i motsetning til leksikonet. Og skal vi tru kulturminister Huitfeldt, er det «ikke statens ansvar å overta ansvaret for et prosjekt som ikke lønner seg kommersielt». NAF Veibok i staden for Store Norske – kunnskapssamfunnet Norge går strålande utsikter i møte!

ola.stugu@ntnu.no

Gikk du glipp av disse?
 
 
 
 
 
 
På forsiden nå