I 1274 gav kong Magnus Lagabøter ut ei lovbok for heile Noreg, seinare kalla Landslova.

- Kong Magnus Lagabøters Landslov av 1274 er den eine av tre lovgjevingsprosjekt i mellomalderen som ein kan seia var verkeleg vellukka, skriv kronikkforfattaren. Biletet syner det eksemplaret av lovboka som er ved Gunnerusbiblioteket. Foto: Nils Kristian Eikeland/NTNU

Truleg vart den fyrst gjeven til tingmennene på Frostating, og deretter presentert på dei tre andre lagtinga i Noreg. Gunnerusbiblioteket har eit manuskript av kong Magnus Lagabøters Landslov av 1274. Det er eigentleg ganske lite med ei heller anonym innbinding. Men innhaldet er storslagent, og manuskriptet er ganske unikt i både ein europeisk og norsk samanheng.

I dag er det ingen som vert særleg imponert over at ein i Noreg fekk ei riksdekkjande lovbok for snart 750 år sidan, for i vår tid er lovbøker heller vanleg rundt i Europa. Men det å laga lovbøker vart fyrst vanleg etter den franske revolusjonen. Sjølve ideen om lovbøker er langt eldre enn den franske revolusjonen, og går heilt tilbake til midten av 1100-talet. Det var mange europeiske kongar som drøymde om å laga ei lovbok i mellomalderen, og det var fleire som prøvde. Men dei fleste laga bare lovbøker for einskilde byar eller provinsar i riket sitt. Ei landsdekkande lovbok som Landslova av 1274 var det nesten ingen som klarte å gje.

Eigentleg var det bare tre lovgjevingsprosjekt i mellomalderen som ein kan seia var verkeleg vellukka. Det fyrste var ei lovbok for kongeriket Sicilia frå 1231, kalla Liber Augustalis. Den andre var Las Siete Partidas frå 1265, som gjaldt for Castilla i dagens Spania. Og så har ein altså kong Magnus Lagabøters Landslov for Noreg for 1274. Det var dei to andre lovbøkene som gjorde at kong Magnus fekk ideen om å laga ei riksdekkjande lovbok for Noreg. Liber Augustalis for Sicilia vart truleg kjent i Noreg, sidan vi veit at kong Håkon IV korresponderte med kong Fredrik II av Sicilia på den tida lovboka vart laga. Las Siete Partidas veit ein sikkert var kjent i Noreg. Årsaka er at prinsesse Kristina, søster til Magnus Lagabøter, vart gift med prins Filipe av Castilla i 1258. Ikkje mindre enn 100 personar frå det norske hoffet reiste til Castilla for å vera med på bryllaupet. Dei vart verande vinteren over, og kunne dermed med eigne augo observera korleis ein i Castilla arbeidde med å laga ei lovbok.

Då Landslova vart laga i 1274, var altså lovbokideen utprøvd andre stadar i Europa. Av dei tre lovbøkene er det likevel Landslova som er den mest imponerande. Det er særleg tre grunnar til dette. Landslova fekk ei særs lang levetid. Las Siete Partidas vart kalla tilbake alt i 1273. Mykje av årsaka var at det imponerande og omfattande lovverket rett og slett var for komplisert til å bruka. Landslova var derimot gjeldande rett i Noreg like til 1687, som vil seia i over 400 år. Landslova må likevel sjå seg slått av Liber Augustalis, som var gjeldande rett på Sicilia like til byrjinga av 1800-talet. Samstundes har ein bare bevart to eksemplar av Liber Augustalis, noko som indikerer at den vart lite brukt. Landslova har ein derimot bevart i 42 fullstendige manuskript og 49 manuskriptfragment frå mellomalderen, der nesten alle er frå tida før 1350. Ein kan rekna seg fram til at det på midten av 1300-talet fanst ett landslovsmanuskript per 1150 innbyggjar i Noreg. Paradoksalt nok har ein i dag nesten ingen manuskript av Landslova i norske samlingar. Eit viktig unnatak er manuskriptet av Landslova som finst på Gunnerusbiblioteket, som er eitt av tre manuskript av Landslova frå mellomalderen som framleis finst på norsk jord.

Landslova var ei lovbok, men var ein del av eit større lovgjevingsprosjekt. I 1276 gav kong Magnus Lagabøter ei lovbok for dei norske byane, truleg i 1277 gav han det som ein kan kalla ei administrasjonslov, og i 1281 vart ei eiga lovbok for den islandske delen av det norske riket gjeve. Både bylova og den islandske lovboka bygde på Landslova, men innehaldt mykje unikt lovstoff, slik at lovgjevinga til kong Magnus Lagabøter var meir omfattande og strekte seg over lenger tid enn Landslova og året 1274.

Det er fleire grunnar til at Landslova vart så populær og utbreidd. Ein viktig grunn var at den la opp til at retten i lovboka var eit utgangspunkt som kunne tilpassast lokalt gjennom rettspraksis. For i følgje landslova er det bare tåpen som brukar lova etter sin bokstav dersom lova er for streng eller for mild. I staden skulle lova brukast slik at den gav eit godt resultat. For å sikra eit godt resultat måtte både lagmannen, som var kongeleg dommar, og lokale meddomsmenn, delta. Det skjedde gjennom at dei norske lagmennene reiste rundt på landsbygda og dømte saman med dei lokale tingmenna. Dette samspelet mellom lagmannen som kongeleg dommar og lokale meddomsmenn gjorde at sjølv om Landslova på ingen måte var skapt gjennom ein demokratisk prosess, så hadde ein lokalt eit stort høve til å påverka retten i den einskilde saka. Dette er igjen ei årsak til at Landslova ikkje var eit lovverk som bare var utstilt på kongen sitt slott, men fekk verknad ute blant folk. Og faktisk har fleire av Landslovsmanuskripta det ein kan kalla bruksstorleik. Det vil seia at dei var små og hendige, laga slik med tanke på at lagmannen skulle ha dei med på si årlege reise rundt i lagdømet.

Manuskriptet av Landslova på Gunnerusbiblioteket er nettopp eit slikt bruksmanuskript som gjorde at Landslova kunne takast med ut til folket. Det er difor eit storverk som biblioteket har bevart, sjølv om manuskriptet er ganske smålåte.