Har vi trønderske verdiar, og kva vil det seie å vere trøndersk?

No er det under eitt år til dei to trøndelagsfylka skal bli eitt. Det nye kommande fylket Trøndelag annonserer på Facebook og spør kva som er typisk trøndersk, og ein debatt er på gang om vi treng ein norsk kulturkanon. Da kan det vere interessant å undersøke om vi har vi ein trøndersk kulturkanon.

Kva består i så fall den av? Har vi trønderske verdiar, og kva vil det seie å vere trøndersk? Er det forskjellig å vere nord-trønder og sør-trønder – og er det noko anna enn det å vere norsk? Kva med Jämtane, er dei verkeleg øst-trøndarar, og skulle vi ha innlemma dei i Stor-Trøndelag, fordi vi har ein felles kultur med dei? Er vi meir like dei enn folk på Vestlandet, for eksempel? Korleis kan vi finne ut av dette?

Les også kronikken: Kreativt Norge er et lite kreativt navn

FN-organisasjonen for kultur og undervisning; UNESCO har sju konvensjonar, og ein av dei gjeld immateriell (ikkje-materiell) kulturarv. Norge skreiv under på denne i 2003, og det første fenomenet som vart innskrive i denne verdensarvlista var argentinsk tango. Det hittil einaste norske eksemplet på ei slik liste er bygging av Oselvarbåten i Hordaland. Kva med den trønderske polsen? Eller er det no fleire som dansar Hip-hop?

I mars 2017 skal Norsk Kulturråd for første gong lansere ei liste over immateriell kulturarv i Norge, og lokalsamfunnet Henning i Steinkjer kommune har vore med i eit internasjonalt pilotprosjekt saman med ei bygd på Island for å finne ut den beste måten å registrere immateriell kulturarv på. Gjennom tre møter i bygda kom det inn over 90 forslag til kva som kunne vere immateriell kulturarv i Henning. Det kom forslag på dansar og leikar, det å binde kornband, å fortelle om tussar og troll, namneskikkar i fjellet og på gårdane, å spele einspretten med fotball, drømmen om fleirbrukshall, festen i ungdomslaget 6. juledag, å gå Bulleråsrennet, å spele basseball, gamle syteknikkar, måtar å bake på og mange fleire.

Les også debattinnlegget: Overvik kan ikke bygges ut uten at vi får ei miljøgate øst for Skovgårdkrysset

Det kom inn flest forslag under kategorien det å vere saman i festleg lag: Nesten 30 forslag kom det inn under denne kategorien, når vi spurte om kva folk sette mest pris på å gjere i bygda Henning. Kanskje dette er ein typisk trøndersk verdi? Komme saman, gjere noko artig eller konstruktivt saman (dugnad kom mellom anna opp som forslag). Kriteria er at dette skal vere noko som er gjort over ei lengre tid, og som ein stadig har lyst til å fortsette å gjere. Dessutan må det ikkje vere i strid med bærekraft og menneskerettar.

Om dette er typiske aktivitetar i ei bygd i Steinkjer, korleis skil dette seg ut frå det å vere trøndersk, det å vere norsk, det å vere nordisk, europeisk eller det å vere ein verdensborgar? Mye av dette er felles verdiar, men gjennom hundreåra har det fått ulike uttrykk på dei ulike plassane. Om vi ikkje passar på «vår» måte å gjere det på, så kan «vår» måte å vere saman på forsvinne – og verda bli litt fattigare. Gjer det i så fall noko? UNESCO seier at det er ikkje nok at nokon har gjort ein ting før, nokre må stadig ville fortsette å gjere det. Da vil det også endre seg…

Les også Snorre Valens kommentar: «18.000 mennesker har fått færre muligheter, mindre håp, og tyngre liv»

Folkemusikk og folkedans skal jo vere typisk for «folket». Men Gjermund Larsen måtte få over ein handfull spelemannsprisar før han vart spurt om å spele på ein så folkeleg festival som Steinkjerfestivalen. Han har spelt på nobelkonsertar, på slottet og store næringslivsmiddagar. Korfor har ikkje det trønderske folket oppsøkt folkemusikken han står for i store skarer før? Er Skei og PT, Åge og DDE meir trønderske enn Gjermund Larsen? – og eg trur fleire trøndarar har eit forhold til Rihanna og Madonna enn seterkaukane til Kjersti Kveli. Er da musikken til Madonna meir trøndersk enn seterkauken?

Er det typisk trøndersk å berre oppsøke musikk dei hører på radio eller får anbefalt på Spotify? Er det typisk trøndersk å ha det så travelt at ein ikkje har tid til å høre etter om ein liker dagens trønderske folkemusikarar – fordi det kostar nokre ekstra minutt å leite etter musikken deira?

Eg utfordrar alle til å leite fram eit par låtar av Kjersti Kveli og Gjermund Larsen og høre på dei og gjere seg opp ei meining om dei. Er dette en musikk vi identifiserer oss med – og som dermed likevel er typisk trøndersk i dag? Typisk trøndersk fordi det har eit tidsdjup og er samtidsmusikk med klare røtter bak i tid.

Les også Snorre Valens kommentar: «18.000 mennesker har fått færre muligheter, mindre håp, og tyngre liv»

Danmark har no hatt eit stort prosjekt på gang med å finne dei typiske danske handlingane og verdiane. Dette har skapt stort engasjement, og det har totalt kome inn over 2400 forslag, ei gruppe har valt ut 20 av desse, og alle har kunna stemt på kva som er typisk dansk. Dette har ført til at hundretusenvis av danskar har engasjert seg – og ti verdiar er valt ut som dei mest typisk danske.

I det vi nærmar oss eitt trøndersk fylke for første gong på mange hundre år: Kva kjenneteiknar det å vere trøndersk? Er vi opne, eller er vi lukka, er vi frampå eller er vi bakpå? Er det å fortelje historier om Olav den Heilage, synge Lys og varme av Åge Aleksandersen eller å spele og lytte til La Plagiata av Hilmar Alexandersen som gjer oss trønderske? Eller er det alt dette og meir til? Kva er i så fall IKKJE trøndersk immateriell kulturarv, eller IKKJE trønderske verdiar? Går det an å finne det ut? Dette kunne kanskje vere ein interessant oppgåve for Adressa og Trønder-Avisa, samt NRK Trøndelag?

Hør våre kommentatorer snakke om å flytte ut arbeidsplasser fra Oslo, bykrangel og nedleggelsen av Mathallen

Les flere debattinnlegg på adressa.no/meninger

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

Kronikkforfatteren: Johan Einar Bjerkem er instruktør i UNESCO-konvensjonen for vern av immateriell kulturarv og dagleg leiar i Stiftinga Hilmar Alexandersen Foto: STEINAR FUGELSØY