Det er i Elgeseter gate ein ved hjelp av både kollektivtransport, gange og sykkel kan skape den nødvendige kontakten mellom dei ulike delane av campus.

I september 2015 gjekk regjeringa inn for å samle NTNU i ein framtidig campus rundt Gløshaugen og at universitetscampusen på Dragvoll skulle avviklast. Både Trondheim kommune og NTNU hadde lenge arbeidd med lokalisering av ein hovudcampus i tilknyting til Gløshaugen, og i 2016 presenterte NTNU ein lokaliseringsrapport som ifølgje mandatet skulle bidra til ein ambisiøs og heilskapleg campusutvikling for NTNU i Trondheim. Rapporten vurderte tre alternativ for NTNUs campusutvikling: ei utbygging mot Midtbyen, vestover mot Elgeseter eller sørover mot Lerkendal.

Les også: NTNU må lokkes mot sentrum

Rapporten presenterte også mellom andre fire viktige prinsipp for utviklinga av campus som skulle leggast til grunn for analyser og val av alternativ:

• Campus må få ein sterkare urban karakter med ein differensiert arealbruk, bustader, arbeidsplassar, service og kulturtilbod.

• Utbygginga må styrke knutepunkt knytt til kollektivtrafikken med sosiale og faglege møtepunkt

• Utviklinga av campus må vere berekraftig med ein effektiv og grøn transport og mobilitet

• Utbyggingsplanen må ha eit langsiktig perspektiv med ein planleggingshorisont i 2060 Desse prinsippa innebar også viktige føringar for ei berekraftig byutvikling. Det er derfor underleg at dei ikkje vart lagt til grunn i den vidare campusplanlegginga og i rapporten si tilråding. Sjølv om lokaliseringsrapporten la vekt på at ein i planleggingsarbeidet skulle legge til grunn ambisiøse miljø- og utviklingsmål og ein planleggingshorisont i 2060, makta NTNU likevel ikkje å løfte blikket utover dei areala som NTNU eig i dag, og som ifølgje NTNU sin eigedomsstrategi skal leggast til grunn for utbygginga.

Etter at denne rapporten var presentert har det skjedd mykje. NTNU har fusjonert med HIST og overtok store areal på Kalvskinnet med langsiktige kontraktar. I ettertid har NTNU også avvikla ein arkitektkonkurranse og kåra eit vinnarutkast som er i konflikt med kommunens og antikvariske styresmakter sitt syn på bygging i Høgskoleparken.

Det synes derfor som om NTNU har behov for å sette ein fot i bakken, når prosjektleiar for campusutviklinga, Merete Kvidal, i ein kronikk i Adresseavisen, 3.03.2018, seier at alle alternativa er opne og at NTNU no ønskjer ein god debatt før det skal konkluderast. Det er bra! I den samanheng kan det vere fornuftig å leite fram tidlegare rapportar og sjå kva NTNU der skreiv om viktige universitets- og byutviklingsprinsipp.

Målet med flytting av campus Dragvoll, var å etablere eit meir byintegrert universitetet og styrke kontakten med byens sosiale, kulturelle og økonomiske liv. Ikkje minst har samarbeidet med Trondheim kommune tatt utgangspunkt i dette. Kontakten mellom Gløshaugen, St. Olav hospital og Midtbyen skulle styrkast ved å «etablere Elgeseter gate som ryggraden i universitetsutbygginga», heitte det i lokaliseringsrapporten.

LES OGSÅ: Vi kan få både campus og park

Dette er ein interessant premiss som dessverre er forlate i den vidare campusutviklinga. Det er i Elgeseter gate ein ved hjelp av både kollektivtransport, gange og sykkel kan skape den nødvendige kontakten mellom dei ulike delane av campus frå Valgrinda i sør, til Kalvskinnet i nord og til Midtbyens kulturelle, sosiale og økonomiske liv. Dette er ei oppgåve det er vanskeleg å forstå at Klæbuveien som gang- og sykkelveg kan fylle. Det er også vanskeleg å tru at Klæbuveien kan bli ei «universitetsgate som bygger opp under Trondheims attraksjonsverdi som by- og universitet», med mindre ein bygger ned Høgskoleparken.

Men Elgesetergate slik vi opplever denne gata i dag, med stor trafikkbelastning, støy og forureining og med bygningar som lukkar seg mot gata, kan heller ikkje vere «ryggraden i universitetsutbygginga». Her må kommunen ta viktige grep om trafikken slik at Elgesetergate blir ei miljøgate der biltrafikken mot Midtbyen er kraftig redusert, eller i beste fall borte. Elgesetergate/Prinsen gate må bli ei gate for kollektivtrafikk, gange og sykkel og med viktige knutepunkt for kollektivtrafikken ved Hesthagen, Studentersamfundet /St. Olav hospital og Kalvskinnet. Dette må bli ei gate som kan utvikle gode urbane kvalitetar med differensiert arealbruk og med viktige publikumsfunksjonar som vender seg mot gata, og med knutepunkt som må utviklast til viktige sosiale og faglege møteplassar som knyter campus saman.

Les også: Campus vil føre til mer hyblifisering

NTNU vil også i framtida vere lokalisert på Kalvskinnet, på St. Olav hospital og i Valgrinda. Desse områda må knytast betre saman med effektive og miljøvennlege transportløysingar i ein framtidig urban struktur. Ein slik utbyggingsstrategi vil redusere utbyggingsbehovet på Gløshaugen og unngå utbygging i Høgskoleparken, men også lettare dekke det arealbehovet som NTNU vil kunne få i framtida. Lokaliseringsrapporten opererer med eit arealpotensial på Kalvskinnet som vil kunne gi plass til heile campusen på Dragvoll. Dermed vil viktige deler av universitetet kunne flytte tilbake til der universitetet hadde sitt utgangpunkt i 1767 som landets eldste vitskapelege institusjon, og bidra til eit moderne, byintegrert universitet i tråd med dagens universitetsideal.

I det tidsperspektivet som NTNU opererer med i universitetsutviklinga (2060), bør det vere rom for å tenke nytt og langsiktig, særleg sidan campus er ei viktig brikke i Trondheims byutvikling. For å sikre ei framtidsretta by- og universitetsutvikling, er det viktig at campusplanleggarane har vilje til å heve blikket utover dagens eigedomsportefølje og undersøke om utbygginga av ein hovudcampus for NTNU i Trondheim også må kunne skje på andre areal enn dei NTNU allereie eig rundt Gløshaugen.

Dag Kittang. Foto: Vegard Eggen