Den 22. mai blir verdas viktigaste matematikkpris, Abelprisen, tildelt den kanadiske matematikaren Robert Langlands i regi av Det Norske Vitenskapsakademi i Oslo.

Abelprisen har nå nådd eit nivå av internasjonal anerkjenning som er verdig norsk histories største vitskapsmann.

Historia om matematikaren Niels Henrik Abels liv og arbeid er soga om både vitskapleg triumf og personleg tragedie. Her i Trondheim fell det naturleg å spørje om landets einaste vitskaplege selskap i Abels levetid, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, DKNVS, fylte si oppgåve og anerkjende det unge geniet. Før eg svarar på det spørsmålet vil eg slå fast følgjande:

Historia om Niels Henrik Abels liv og arbeid er mest utan parallell i vitskapshistoria. Det er historia om personlege triumfar og intens tragedie, om åndens og intellektets siger over personlege vanskar og verdas ukunne, for så i siste stund å ende med ein altfor tidleg død, ein lagnad han protesterte mot med sine siste krefter.

Les også: Abelprisen til visjonær matematiker fra Canada

Vi, hans etterkomarar, gjer klokt i å bry oss med å ta lærdom av omstende som møtte Abel, slik det har blitt klargjort for oss av hans seinare kollegaer og forfattarar.

Her skal vi belyse frå veldokumenterte kjelder ein liten bit av historia om Abel og mottakinga han fekk. Der er mange kjelder. Eg nemner her Viggo Brun, Christian Skau, og i særleg grad Arild Stubhaugs bok.

Det er nettopp på grunn av dei vanskelege omstende Abel arbeidde under, og hans korte liv, at Viggo Brun påpeika i eit foredrag i DKNVS i 1952, at den meininga har blitt gjeldande, som uttalt av ein kjend tysk matematikar i 1834, at Abel ikkje vart anerkjend ved noko universitet eller vitskapleg selskap. Den slags omtale, og ennå verre, vart ytterlegare forsterka og førd vidare som sanning i mange krinsar. Slike historier blir det sagt, skuldast og ein kjend italiensk matematikar som den originale upålitelege kjelda. Viggo Brun gjorde det klart at dette er eit forvrengt bilete.

Les også: Marius (18) vant 15 000 kroner i matematikkonkurranse

Her er ei sanning: Den 24. september 1827 vart Niels Henrik Abel, berre 25 år gamal, vald til fullt medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab ved eit ordinært møte i Trondheim. Hendinga fann stad i den staselege Gamle festsal i Katedralskolen, i den salen Selskabet hadde hatt sine regulære møter i sidan 1787 som Norges einaste vitskaplege institusjon, eit selskap som hadde oppnådd anerkjenning i Europa eit halvt århundre før Norge fekk eit universitet.

Vidare hadde Abel levert ei større matematisk avhandling til Selskabets trykte serie, Skrifter, alt før hans seinare berømte reiser til Berlin og Paris, på eit kritisk tidspunkt då han ennå ikkje var kjend internasjonalt.

Arbeidet var utført hausten 1823 og vinteren 1824 mens han ennå var berre 21 år gamal! Det var blitt tilrådd trykt av professor Christopher Hansteen, og overlevert Selskabet ved Hansteens medverknad den 22. mars 1826. Avhandlinga var på heile 30 trykte sider, og denne Trondheims-avhandlinga, som den er blitt kalla, vart trykt i Skrifter 1827 som dekka tre års vitskaplege bidrag til Selskabet.

Opptatt av debatt? Les også: Det er et sammenhengende grusteppe, noen steder flere cm dypt, hvor den mest erfarne syklist kan miste kontroll over sykkelen

Tittelen var Et lidet Bidrag til Læren om atskillige transcendentale Functioner. Det var eit typisk uttrykk for Abels smålåtne veremåte at han refererte til eit 30 siders matematisk verk som «Et lidet Bidrag…». I 1881-utgåva av Abels samla arbeid, Oeuvres Complètes, var dette arbeidet omsett til fransk, noko som då endeleg gjorde det meir tilgjengeleg i utlandet. Det er verd å merke seg at Abel alt i så ung alder var i gang med eit av hans aller største tema i sin korte karriere: transcendentale funksjonar.

Eit hovudpoeng ovanfor er for det første å vise at Abel verkeleg var anerkjend i Norges internasjonalt respekterte vitskaplege selskap; dinest å bidra til å løfte vårt syn på Abel noko ut av den miserable historia, slik Viggo Brun ville, og formidle både at Abel kjende stor indre glede og tilfredsheit i livet mens han avanserte gjennom stadier av meir og meir sofistikerte matematiske oppdagingar. Og viktigast, at han hadde mange vener som var glad i han og respekterte han, som hans medstudentar som han reiste med gjennom Europa, som Holmboe og Hansteen og fru Hansteen. For ikkje å snakke om hans redaktør-ven dr Crelle i Berlin, og ikkje minst hans kjærast, Christine Kempf, og dei omsorgsfulle folka i Froland som såg til han på det siste.

Mer debatt: Vi føler at 17. mai er en inkluderende dag

Utan tvil er Abel Norges største vitskaplege geni til denne dag. Sidan eg her har gått litt inn på DKNVS si rolle, vil eg legge til:

Den årvakne haldning Selskabet viste til Abel, var ikkje eineståande, men vart repetert, ikkje lenge etter. Mens Henrik Wergeland var meir eller mindre frosen ut frå det gode selskap og frå aviser som Morgenbladet i Kristiania, vart han vald inn som medlem i Selskabet og omtala som «vort unge geni.» Her kan vi merke oss at Wergeland skreiv sitt største meisterverk i ein alder av 22 år.

Liknande var det med Ivar Aasen, som kom ut av det ukjende, utan formell skulegang, og som frå 28-års alder aleine dokumenterte og analyserte det norske folkespråket, finansiert og støtta av DKNVS-stipend gjennom ni år. Eit monumentalt verk utan like i norsk historie.

Desse tre var av ein ny generasjon som skulle bygge den nye nasjonen Norge etter at landet hadde oppnådd uavhengigheit frå Danmark i 1814. Leiande krefter i Trondheims vitskapsselskap DKNVS fremja deira verk. Dette er ein tradisjon som er levande den dag i dag, gjennom årlege tildelingar av vitskaplege prisar til unge talent.

Niels Henrik Abel var ikkje berre den første, men og den yngste.

Hør våre kommentatorer og gjest Ola Lund Renolen snakke om MDG-landsmøtet, trondheimspolitikken, Giske og Støre

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

Kronikkforfattaren: Kristian Fossheim er tidlegare preses i DKNVS/Professor emeritus i fysikk, NTNU