Får Verdalskalk tilgang til en milliard kalkstein i Tromsdalen, forsvinner skjøtselen av kulturlandskapet, folk må flytte og turgåere utsettes for støv og støy.

Gruvedrift vil alltid gi miljøkonsekvensar og vi må jobbe for at desse blir så små som mogleg. Naturvernforbundet er ikkje mot gruvedrift, men vi jobbar for at det skal bli stilt strenge miljøkrav. Ein må ta vare på og utnytte ressursane så godt som mogleg.

Gruvedrift føreset mellom anna løyve frå Fylkesmannen eller Miljødirektoratet (forureiningslova) og Direktoratet for mineralforvaltning (minerallova). Samstundes er bruken av areal styrt av lokaldemokratiet. Før gruvedrift kan starte må difor kommunen vedta ein reguleringsplan for området, jamfør plan- og bygningslova.

Verdal kommune skal no ta stilling til ein reguleringsplan som vil gi Verdalskalk tilgang til om lag ein milliard tonn kalkstein. Med noverande årsuttak vil gruva kunne driftast i 700 år før ho går tom. Imidlertid vil uttaket etter alt å døme auke til 2,5 millionar tonn årleg etter kvart som Norcem si gruve i Brevik blir tømt. Med den mengda får en ei levetid på 400 år for Tromsdalen-gruva. Planbestemminga gjer det klart at dagbrotet skal fyllast med vatn etter at drifta er avslutta.

Det er rørande å sjå omtanken for landskapsopplevinga om eks antal hundre år: «Vannlinja inn mot terreng bør gis en myk linjeføring og flikes opp slik at den harmoniserer med lignende vann i området.»

Samstundes veit vi ein del om korleis landskapet vil bli i vår levetid. Arealet som blir tilgjengeleg for dagbrotsdrift er 2,25 kvadratkilometer. I tillegg kjem eit 400 dekar stort deponi for jord og trestubbar frå gruvearealet. Heile den austre delen av Tromsdalen vil bli eit månelandskap av opne dagbrot, deponi og anleggsvegar. Den første utvidinga vil utradere Tromsdalsgarden. Med den forsvinn skjøtselen av kulturlandskapet. Dei som bur der må flytte. Da fer også grunnlaget for støykontroll:

Utsleppsløyvet tek berre omsyn til folk i husvere, ikkje til folk på tur. Ein annan grunn til auka støynivå er at drifta vil breie seg utover i dalen i staden for å gå ned i djupna. Det same vil skje med støvforureininga. Større areal vil òg gjere det vanskelegare å kontrollere forureining til vatn, grunnvatn inkludert.

Regulering av 2250 dekar til dagbrotsdrift vil vere ei statisk avgjerd for framtida. Sisnemnde er som kjend dynamisk – usynleg – kven veit kva som vil skje?

· Robot-teknologi kan gjere underjordisk drift enklare.

· Opinionen kan vende seg mot dagbrotsdrift. Elles i verda er det allereie store protestar. I «European Innovation Partnership on Raw Materials» (EU) blir det arbeidd for ei ny retning i gruvedrifta: «Invisible mine». Målsettinga er at all gruvedrift skal ned under bakken der det er mogleg. Framtida er usynleg!

· Ein kan få nye lover som gjer at kommunen kan krevje kompensasjon når nytt areal blir regulert til dagbrotsdrift.

· Etterspurnaden etter gode, sentrumsnære friluftsområde vil auke. Grotteturisme kan bli ein farsott med potensial for næringslivet.

· Marknaden for kalkstein kan skrumpe. Dette kan kome av m.a. nye tollbarrierar eller mindre bruk av sement i betongproduksjon. Større vekt på sirkulær økonomi tilseier at overskotsmasse som i dag blir dumpa i sjø på Nordmøre (Hustadmarmor) kan erstatte Tromsdalskalk til ein del formål.

· Sysselsetjingsverdien til verksemda vil bli mindre med ny transport-teknologi, t.d. transportband eller førerlause lastebilar.

I alle tilfelle vil Verdal kommune bli ein statist i høve til utviklinga av kalksteinbrotet. Innafor reguleringsplanen vil Verdalskalk ha krav på å få drive dagbrot akkurat der kor det passar dei. Bedrifta vil knapt måtte søkje kommunen om nokon ting.

Men, om ein etter nokre tiår ser at utviklinga ikkje vart som ein hadde tenkt, vil ein ikkje da kunne gjere om på vedtaket? Verdal har erfaring med det: Reguleringsplan Ørin Nord frå 1987 la grunnlaget for eit 560 dekar stort industriområde. Tjue år seinare såg ein at opparbeiding av alt arealet ikkje var realistisk.

Dessutan, som del av eit av svært få gjenverande elvedelta i Trøndelag hadde området store naturverdiar. At over 300 dekar vart omregulert frå industriareal til fuglevernområde er temmeleg eineståande. I dag er dette innlemma i Ørin naturreservat.

Omreguleringa på Ørin Nord var mogleg fordi reguleringsplanen var fremja av kommunen sjølv. Det er ikkje tilfelle i Tromsdalen. Når ein privat reguleringsplan blir vedteken så er han juridisk bindande for partane. Eit positivt vedtak om ny reguleringsplan for Tromsdalen vil derfor vere ei definitiv avgjerd om å gi frå seg kontroll over naturressursar. Verdal har erfaring med det: I 1912 såg herredstyret seg nødt til å selje Værdalsbruket, det vil seie 58 prosent av arealet i kommunen. Ein hadde kan hende ikkje noko val: Gjelda var enorm, behovet for nyinvesteringar var stort og drifta av eigedomen var komplisert med fleire kryssande interesser.

I framtida vil utviklinga av gruvedrifta i Tromsdalen kome som resultat av dynamikken mellom mineralindustrien, marknadskreftene, grunneigarane og statlege myndigheiter. Det som skal avgjerast no er om også lokaldemokratiet skal ha ein direkte rolle i dette spelet.

Anno 2018 har Verdal kommune eit val. Eit ja til planen vil vere å seie frå seg direkte makt over naturressursforvaltninga i Tromsdalen. Det ein sit att med då er rolla som høyringsinstans når statlege myndigheiter handsamar søknader om nye løyve.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter