Kronikk

Eit museum for framtida

Eit nytt museumsbygg i Trondheim reiser med rette mange spørsmål. Kvifor det? Kvar skal det ligge? Kva skal det koste, og kven skal finansiere det? Alle desse er legitime spørsmål, men det viktigaste spørsmålet står likevel att: Kva skal eit nytt museum vere?

«Eit nytt museum skal ikkje kaste ut fortida. Bygninga der Trondheim kunstmuseum ligg i dag, bør ha ei vidare framtid som visningsstad for kunst» skriv Nina Refseth. 

Saken oppdateres.

Bakgrunnen for ønske om nytt museumsbygg er samansett. Dagens bygningar for Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Trondheim kunstmuseum har både tekniske og romlege utfordringar, og er langt unna å møte nye utfordringar knytte til sikring og klima. Særleg er bygninga i Munkegata i kritisk dårleg forfatning, med eit stadig aukande vedlikehaldsbehov. Takhøgda er låg, og om lag 95% av den rikhaldige og veksande samlinga på nærare 40000 gjenstandar blir sjeldan eller aldri vist fram for publikum.

Begge bygningane har rom som til dels har låg takhøgde, til dels lite areal. Det legg igjen rammer for kva som kan visast per i dag. Eit døme er den store retrospektive utstillinga av Håkon Bleken, Do not go gentle. Utstillinga blir vist i full breidde på Henie Onstad, men i Trondheim blir ho avgrensa av plass. Også Hannah Ryggen-samlinga på NKIM, som stadig er etterspurt internasjonalt, blir klemt og avgrensa i dagens bygg.

Les også denne kronikken: La kunstmuseet stå der det står

Dette er utfordringar som aukar ettersom kunstuttrykk også endrar seg. Museum har også som oppgåve å ta vare på og fremme uttrykk frå samtida for ettertida. Dersom vi skal kunne utvikle samlingane vidare, treng vi rom for å kunne vise dei. Nasjonale og internasjonale utstillingar som krev større volum kan per i dag ikkje besøke Trondheim. Det utelukkar store delar av den internasjonale samtidskunsten, som i dag kan visast i både Oslo og Bergen.

Med eit nytt museumsbygg må det vere ei målsetting også å revitalisere tanken om kva museet sjølv skal vere. Da Nordenfjeldske kunstindustrimuseum opna i 1893 var formålet «… at fremme den norske industri med hensyn til smagfuld og paa samme tid hensigtsmæssig form samt at utvikle almenhedens sans i denne retning ved at gjøre seg bekjendt med smukke, karakteristiske, og hensigtsmæssige kunstindustriprodukter i original eller efterdannelse…»

Opptatt av debatt? Les også: De med flest studiepoeng går Birken og følger helseråd


Ambisjonen om å fremme «en norske industri» var altså ikkje avgrensa til Trondheim, grunnleggjarane tok frå starten av ei nasjonal oppgåve. Trondhjem såg seg sjølv som naturleg for denne lokaliseringa, og i 1903 vedtok da også Stortinget opprettinga av NTH i byen. Det opphavelege formålet for NKIM burde ha stor gyldigheit også frametter. Trondheim er i dag i enda sterkare grad ein teknologiby, og har unike fortrinn gjennom rommet for å kople kunst og teknologi. Ambisjonane bør ikkje vere lågare no enn for 125 år sidan. Eit nytt, framtidsretta museum for kunst og design bør ta mål av seg å ikkje berre ta ein nasjonal posisjon, men å gjere seg internasjonalt gjeldande gjennom særpreg og kvalitet.

Samtidig må eit nytt museumsbygg bli ein attraktiv plass også for byens befolkning. Terskelen for å gå inn på eit museum, særleg eit kunstmuseum, kan vere høg for mange. Da kan det vere eit poeng at museet er ein stad å besøke i kraft av seg sjølv, om det er for barnehagar eller pensjonistar, eller om så berre for å gå ein tur for å sjå på bygget eller ta ein kaffe. Om kunsten kan bli presentert mindre pretensiøst og i eit rom som er tilgjengeleg for alle, kan det kanskje friste nokon fleire til å våge seg inn. Mange var skeptiske til ein ny opera, men no er bygninga i seg sjølv ein attraksjon, og besøket høgare enn nokon sinne. Kvifor ikkje i Trondheim?

Mer debatt: Gode tips for å bli en ekte matredder

Eit nytt museum bør ha rom til å ta med seg både fortida gjennom samlingane, kunsten og kunsthandverke i samtida og skape eit museum for framtida. Eit nytt museum skal ikkje kaste ut fortida. Bygninga der Trondheim kunstmuseum ligg i dag, bør ha ei vidare framtid som visningsstad for kunst. Både utstillingar frå dagens samlingar og samtidige gjesteutstillingar kan finne rom der. Kanskje kan det vere aktuelt å vise delar av dei flotte kirkekunstsamlingane frå Vitenskapsmuseet og Kunstindustrimuseet.

Men det å ta vare på og bruke ei vakker bygning frå fortida kan ikkje hindre oss i å skape nye, vakre bygningar for framtida. Om Trondheim ønsker å bli europeisk kulturby, må ein rette ryggen og løfte ambisjonane. Vi må høgne ambisjonane fagleg, og vi må forvente at staten tek det nasjonale ansvaret for å vere med å løfte eit nasjonalt museum for kunst og design i teknologihovudstaden Trondheim.

Hør våre kommentatorer og gjest Jonas Skybakmoen snakke om Venstre-bråk, Skippysenteret og trøndersk kulturliv

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter


Hør vår debatt-podkast: De møtte sine jentesuperhelter


Kronikkforfatter: Nina Refseth er adm. direktør ved Museene i Sør-Trøndelag 

Kronikkforfatter: Nina Refseth er adm. direktør ved Museene i Sør-Trøndelag 

På forsiden nå