Kronikk:

Kvifor me bør innføre særskatt på grunnrente i oppdrett

Kven eig grunnrenta frå norsk natur og kven eig dei norske fjordane? Dette er viktige spørsmål som alle i Noreg bør vere interesserte i og meine noko om. Det angår nemleg oss alle.

Me synest det er svært merkeleg at LO gjennom sin representant i utvalet føretrekk å beskytte oppdrettskapitalistane framfor å sikre at fellesskapet og alle arbeidstakarar i Noreg får ta del i denne grunnrenta, skriv dei to kronikkforfattarane som var med i utvalet.   Foto: Morten Antonsen

Saken oppdateres.

NOU-en om grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa er no levert. Utvalet konkluderer med at det har vorte generert mykje grunnrente i næringa i seinare år – det vil seie, profitt ut over det som er normal avkasting. Studiar viser at denne superprofitten dei siste åra har vore på rundt 20 milliardar kroner per år. Til samanlikning utgjer dei samla inntektene til alle norske kommunar på eigedomsskatt i 2018 kroner 14 milliardar. Dette er store summar! Det er også stor tru ute i næringa på at den høge lønsemda vil halde fram, noko som går fram av summane oppdrettsselskapa har lagt på bordet i seinare tid for å få tillating til å produsere meir.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Claire Armstrong 

Linda Nøstbakken 

I 2018 auksjonerte ein ut ny konsesjonskapasitet i produksjonsområda langs kysten der styresmaktene meinte at biologiske tilhøve gir rom for ny vekst. Eit av områda som fekk ny kapasitet gjennom auksjonen var «Nord-Trøndelag med Bindal». Her betalte oppdrettsselskap i gjennomsnitt kr 214 200 per tonn ny kapasitet, ein pris som ville ha verdsett ein standard konsesjon på 780 tonn, dvs. noverdien av all grunnrente knytt til den framtidige oppdrettsproduksjonen på konsesjonen, til kr 167 millionar. På eit standard oppdrettsanlegg produserer ein i dag gjerne med fire konsesjonar, noko som betyr at konsesjonsverdien knytt til eit slikt anlegg på godt over ein halv milliard kroner. Dette er konsesjonar staten i si tid delte ut gratis eller for langt lågare beløp.

LES OGSÅ: Lakseskatt kunne gitt dem millioner i kommunekassa, likevel sier de nei

Havbruksutvalet si oppgåve var å utgreie alternative modell for å skattleggje grunnrente i havbruk. Som del av fleirtalet i Utvalet føreslår me ein modell for å skattleggje grunnrenta som sikrar at fellesskapet – både lokalt der ein skapar verdiane, og nasjonalt – får glede av det ekstraordinære overskottet frå oppdrett av laks og aure i dei svært produktive oppdrettsområda langs kysten vår. Dette skattesystemet sikrar at delar av grunnrenta på allereie utdelte oppdrettskonsesjonar kjem både havbrukskommunane og heile det norske folk til gode. I tillegg sikrar det at auksjonsinntekter frå tildeling av nye konsesjonar kjem både noverande og framtidige generasjonar til gode.

LES OGSÅ: Ikke urimelig med egen lakseskatt

Me føreslår å skattleggje 40 prosent av det ekstraordinære overskottet i oppdrett av laks og aure i sjø. Dette er ein skattesats på linje med det ein har i vasskraft. Størsteparten av overskottet (60 prosent) vil verte igjen i oppdrettsnæringa, som også vil sitje att med normal avkastning både på arbeidskraft og kapital.

Me ønskjer at havbrukskommunane skal få ein del av grunnrenteskatten. Dette for at ein også lokalt skal få del i verdiskapinga som skjer med utgangspunkt i naturressursane langs kysten.

Oppdrettsnæringa har gått gjennom ei enorm utvikling sidan den spede starten på 1960-talet. Frå å vere attåtnæring i distrikta, er det i dag store børsnoterte selskap med ein stor del utanlandske eigarar som kontrollerer størsteparten av oppdrettskonsesjonane. Ved utgangen av 2018 eigde utanlandske aktørar 35,4 prosent av oppdrettskapasiteten i Noreg. Dei største veks seg stadig større i næringa, og blant dei 20 største oppdrettsselskapa har utanlandske aktørar ein eigardel på heile 47,3 prosent. Det er flott at den norske oppdrettsnæringa er interessante for utanlandske investorar, men den norske grunnrenta bør likevel bli att og bidra til velferd i Noreg.

LES OGSÅ: Næringsforeningen skuffet over Adresseavisen på lederplass: Særskatt på norsk laks vil skade både Trøndelag og Norge

Me synest det er svært merkeleg at LO gjennom sin representant i utvalet føretrekk å beskytte oppdrettskapitalistane framfor å sikre at fellesskapet og alle arbeidstakarar i Noreg får ta del i denne grunnrenta. Større skatteinntekter frå oppdrett kan jo også brukast til å redusere skattepresset på arbeidsinnsats.

Me ser at det kan freiste å argumentere mot skatt på einskildnæringar, som havbruksnæringen.

Næringa sjølv ønskjer det sjølvsagt ikkje og har sterke interesser. Fellesskapet er ikkje like godt organisert og i stand til å tale fellesskapet si sak. Det er ein gong slik at den norske velferdsstaten er avhengig av skatteinntekter. Diverre må me skattleggje aktivitet som er ønskjeleg, som arbeid, for å få inn naudsynte skatteinntekter. For mange år sidan gjekk diskusjonen om Noreg skulle innføre grunnrenteskatt på petroleum. Aktørane, mange av dei store internasjonale aktørar, truga med å forlate landet, og ein frykta at ein slik skatt ville øydeleggje næringa. Kva om me hadde latt det vere med det?

Politikarane den gongen våga å satse. Den norske petroleumsnæringa har sidan blitt ei suksesshistorie, kanskje nettopp fordi grunnrenta har kome fleire til gode utan at dette har gått ut over verken innovasjonsevne eller vekst.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå