Kronikk:

Vi veit ikkje kva som er umisseleg for oss, før vi ikkje har det lenger

I denne påskehøgtida er ikkje kyrkjene tilgjengelege for oss slik vi er vande med. Det er eit stort sakn for alle dei som lengtar etter å vere saman, etter å kunne møtast til gudsteneste, etter å syngje påskesalmane som vi er så glade i. 

Det blir ingen gudstjenester i Nidarosdomen på grunn av koronaviruset. Her bes en stille bønn for dem som ikke kan være tilstede i kirken i påsken.  Foto: HÅVARD JENSEN

Saken oppdateres.

Også lyden av kyrkjeklokkene saknar vi denne våren. Difor trur eg vi vil setje enda større pris på å høyre dei klinge ut over byen når høgtida skal ringjast inn på ettermiddagen påskeaftan. Ikkje for å samle oss til gudsteneste. Men for å minne oss om at vi går inn i den kristne høgtida som på den sterkaste måten vitnar om håp og nytt liv.

Vi veit ikkje alltid kva som er umisseleg for oss, før vi ikkje har det lenger. Slik kyrkjeklokkene gjev ein rytme til dagen og tida, er kyrkjehusa tydelege berarar av historie i lokalmiljøet vårt. Til saman danner kyrkjene i byen og bygda ei lenke som bind oss til kvarandre. Kyrkja og kyrkjebygningane si tusenårige historie er lag på lag av menneskets tilbeding. Steinane og veggane er levande fordi dei har teke imot smerte og liding, glede, kjærleik og sorg frå dei som har vore her før oss. Kyrkjebygningane attspeglar gudslengt og gudsnærvær. Det paradoksale er at dei også har rom for å synleggjere eit gudsfråvær.

Her kan du lese flere saker om koronaviruset.

Kyrkjene våre er på ein særleg måte stader for fortolking av levd liv og lengt etter meining. Difor er dei også blant våre viktigaste stader for utøving av kunst.

Kunsten vi omgjev oss med, om det er musikken, ordet som blir utlagt eller biletuttrykket, må møte oss i det som er no. Slik har det alltid vore. Difor kan vi i kyrkjene lese kva som har vore menneskets lengt gjennom hundreåra. På same måte som menneske har lagt sine liv, lag på lag, inn i gudstenesterommet, vitnar kyrkjehusa om korleis menneske til alle tider har blitt møtt med kunstens evne til fortolking og til å finne meining.

LES OGSÅ: Hva med å se det store i oss små?

Det sterkaste symbolet i kyrkjerommet vil alltid vere krossen. Symbolinnhaldet i krossen er fleirtydig. Den er eit dødsinstrument, den er teiknet på oppstoda og den er uttrykk for sameininga mellom Gud og menneske i Jesus Kristus. Krossens opprinnelege funksjon som ein grusom og smertefull torturreiskap har ikkje lenger nokon plass i vår symbolverd. Den latinske krossen, slik vi kjenner den, er direkte knytt saman med påskens bodskap: Jesu lidingssoge, hans død og oppstode. Krossen er så nært bunde saman med bibelens forteljingar at det nærast er umogleg for oss å skilje krossens ulike funksjonar frå påskehendingane i Jerusalem.

I påskeforteljinga sine dramatiske døgn er det også ei tid då verda ikkje har nokon gud. Frelsaren er i denne timen død. I kyrkjekunsten kjem dette til uttrykk i motivet som skildrar korleis Jesu døde kropp vert teken ned frå krossen. Eit likklede er strekt mellom krossarmane, ein skikkelse kviler i kledet. Mannen som sa at han var gud, viser seg å vere av kjøt og blod som resten av oss. Håpet om frelse og evig liv er der ikkje. Og sjølv om vi som ser motivet også veit at berre om nokre få dagar, på påskemorgon, skal kristne over heile verda jublande synge Kristus er oppstanden, er det som om vi enno ei tid må leve med eit opent spørsmål utan eit sjølvklart svar.

Les om våre nye debattsider: Du har mye å glede deg til!

Verdas angst og menneskes oppleving av det meiningslause, av gudsfråveret, må også ha sin stad. For viss vi ikkje torer å sette ord på at det er slik, kan vi heller ikkje tale truverdig om at den gud som lir og døyr langfredag, deler alle menneskes langfredagar. Og at oppstodas glede og livskraft ein dag skal bli alle menneskes glede og livskraft. Slik er kyrkjekunsten også berar av håp.

Christine Koht, som mange av oss kjenner frå tv og aviser, har det siste året vore svært sjuk, - livstrugande fleire gonger, og ho lever framleis med store helseutfordringar. I fjor skreiv ho følgjande i Aftenposten om det som held henne oppe når dagane er som tyngst:

Isteden går jeg også for håpet. Som jo ikke bare er en vakker og beroligende ting, men også noe overraskende solid. Håpet gjør at vi slipper å være bare fryktsomme krigere, alltid på vakt for det uforutsigbare kaoset rundt neste hjørne. Håpet erstatter orden når orden ikke er selvsagt.

LES OGSÅ: «Det verste som kan skje nå, er at dere som trenger hjelp, er redde for å være til bry»

Er det noko vi treng i vår tid, er det håp. Men håp er ikkje det same som optimisme, det er ikkje ei tru på at alt kjem til å ordne seg. Håpet er visse om at det finst nærvær, uansett kor tom og motlaus verda måtte opplevast. På langfredag vart håpet krossfest. Tida fram til den skjelvande flammen frå påskemorgonens lys igjen brenn, er ei tid i uvisse: Vil håpet og livskreftene overvinne vondskap og død?

Vi treng bodskapen om håpet og om den tomme grava. Vi treng det i vår del av verda, vi treng det over heile verda. Vi treng det no! For verda er råka av krefter som vil vondt. Det er vanskeleg å ta inn over seg den mengda av frykt og død vi ser omkring oss, nært og langt borte. I denne påskehøgtida kjenner vi det på ein særskild måte fordi det har kome så nær oss. Men om vi ikkje hadde vore i den spesielle situasjonen landet og verda er i no, måtte vi ta det inn over oss likevel. For lidinga i verda er ikkje akutt. Likevel: Vi må ikkje la oss overmanne av det som vil spreie frykt og angst og død. Vi må ikkje hamne der at redsla for det ukjente gjer at vi stengjer oss sjølv og grensene våre for den framande. Vi må ikkje leve slik at den einaste måten vi trur at vi kan leve godt, er å frårøve vår neste livet; anten det er vår fiende; vår syster og bror som trur annleis enn oss, eller det er den framande som bankar på våre dører.

I påsken feirer vi at lyset vinn over mørket. Og at vi skal få leve i det lyset. Det er ikkje lovnad om eit liv der alt er godt og smerten ikkje skal vere. Livet har lært oss at dagane kan vere mørke og sorga kjennes som ei klo i bringa som aldri slepp taket. Men dei kreftene Jesus tek eit oppgjer med i gravkammerets rom, dei skal ikkje ta overhand. Dei skal ikkje sigre. For Livet og Håpet er sterkare!

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå