Energi- og industripolitikk på feil spor

Vi har minst 20 TWh å vinne inn med rehabilitering av eksisterande kraftanlegg, nesten utan nye synlege inngrep, skriver forfatteren av denne kronikken.  Foto: Håvard Jensen

Saken oppdateres.

Norsk energi- og industripolitikk har alltid vore knytt til utnytting av naturressursar eller naturgjevne utfordringar. Spesielt har utbygging av vasskraft og utvinning av olje- og gass til havs, gjeve grunnlag for avansert industri med storstilt utvikling av kompetanse og arbeidsplassar.

Dei siste femti år har olje- og gassutvinning på norsk sokkel dominert. Sterke og framtidsretta politikarar la grunnlaget for at denne ressursen skulle gje eigarskap, industri og teknologiutvikling i Norge. Om denne næringa kan utvikle seg vidare er avhengig av teknologi for langtidslagring av CO2 i stor skala.

Men den første store industrielle drivaren var vasskrafta, og slik bygde vi velstand på 1900-talet etter at styresmaktene med god lovgjeving tok kontroll over utbygginga. Vasskraft var det viktigaste faget når Norges Tekniske Høgskole blei bygd opp i Trondheim frå byrjinga av førre hundreår. NTH, nå NTNU, vart eit internasjonalt leiande kunnskapsmiljø på fagområdet. Vi bygde opp stor industri, fabrikkar og verkstader for produksjon av effektive turbinar, generatorar, kontrollanlegg, transformatorar og lukeanlegg. Ingeniørselskap vart utvikla for planlegging, byggeleiing og kontroll. Mange store entreprenørselskap voks fram med bygging av dammar, tunellar, fjellhallar og kraftlinjer i vanskeleg terreng. Vi organiserte kraftselskap og e-verk over heile landet. Samstundes bygde vi opp verdsleiande kraftkrevjande industri nær dei største kraftkjeldene. Framleis er dette ryggrada i norsk landindustri, den mest klimavenlege industrien for produksjon av jernlegeringar, aluminium, silisium og fleire kjemiske produkt.

LES OGSÅ: Det er rett og slett ikke lønnsomt å investere i vannkraft

Slik vart og er framleis Norge det mest elektrifiserte landet i verda med nesten 100 prosent av krafta vår frå vasskraft: Fornybar, stabil, rimeleg , regulerbar og magasinerbar. Det sikraste og mest avanserte kraftsystemet i noko land, utvikla og utbygd av flinke fagfolk på alle nivå. Norsk kompetanse og utstyr vart etterkvart sterkt etterspurt i alle verdsdelar.

Fagkunnskap frå kraftindustrien saman med maritim kompetanse gav utover i 70- og 80-åra grunnlag for utvikling av ein verdsleiande utvinningsteknologi av olje og gass til havs.

No er verda igjen på jakt etter fornybar energi for å redusere utsleppa av klimagassar. I Norge har vi behov for ny verdiskaping og nye arbeidsplassar. Vasskraftkompetansen vart utvikla i fjellrike land som Norge med elvar og innsjøar. Auka nedbør og avrenning er ein del av klimaendringane og skapar nye behov for flaumsikring og disponering av vassressursane, men gjev også grunnlag for å auke i kraftproduksjon. Med NTNU, HydroCen, Sintef og Rainpower sitt turbinlaboratorium i Trondheim og utstyrsindustrien rundt i landet, er norsk vasskraftkompetanse framleis i tet globalt. Men oppdragsmengda minkar, ekspertane vert permitterte. Norsk kraftbransje har i staden vendt merksemda mot vindkraft på land.

LES OGSÅ: Norsk kraft - litt ditt og litt mitt

Vi har aldri hatt og kjem aldri til å få kompetanse eller industri innan vindkraft. Vindkraft vart utvikla i sletteland som Danmark og Tyskland, nå med produksjon av utstyret hovudsakleg i Asia. Dette skapar ikkje arbeidsplassar eller industri i Norge, alt vert importert, alt utstyr og all kompetanse.

Dette står i sterk kontrast til vasskraft, der normalt opp mot 80 prosent av kontraktsummane for oppgradering, vedlikehald eller nybygg er norske leveransar.

Kvifor har vi ikkje ein strategi for å vidareutvikle vår industrielle kompetanse innan vasskraft? I staden har styresmaktene dei siste 20 åra etter omfattande påverknad frå private og offentlege særinteresser, sleppt laus spekulantar, utanlandske verksemder og investorar i utbygging av ustabil vindkraft med rasering av norsk natur, ei rasering drive fram av omfattande subsidier og svært gunstige skattereglar.

Vi har overskot av fornybar kraft i Norge og eksporterer 10-15 TWh årleg, og vi har rikeleg med overføringskapasitet til naboland og kontinentet. Vi har lenge vore det mest elektrifiserte landet i verda, ikkje minst innan tungindustri og nå også på personbilar. Det vert skissert sterk satsing på vidare elektrifisering framover, dette kan krevje opp mot 50 TWh fram mot 2050. Samstundes må vi stille kritiske spørsmål om all elektrifisering gjev klimagevinst og håpe på ærlige svar.

LES OGSÅ: Kraftkommuner må få betalt for ulempen

Vi har minst 20 TWh å vinne inn med rehabilitering av eksisterande kraftanlegg, nesten utan nye synlege inngrep. Klimaendringane fører dessutan til meir nedbør, rekna til 15 prosent auke i same periode, det vil si også ca. 20 TWh. Vi kan samstundes rette opp gamle feil med nye krav til minstevassføringar og betre flaumsikring. Så har vi eit potensial for effektivisering og gjenvinning av kraft på 10 TWh fram til 2030 og for kortreist solkraft på tak på nær 30 TWh. Samla har vi slik eit potensial på 80 TWh fornybar kraft, mykje meir enn kva som trengs til påtenkt elektrifisering innan 2050 nesten utan nye naturinngrep.

Vi har varig verna vassdrag med potensial på ca. 50 TWh, i tillegg har vi 25-30 TWh som er teknisk og etter kvart økonomisk utbyggbart. Men dette treng vi ikkje å røre. Slik kan vi bygge vidare på kunnskap som er opparbeidd over generasjonar, skape arbeidsplassar og berekraftig verdiskaping.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

Harald Kjeldstad 

Harald Kjeldstad 

På forsiden nå