Trebyens mange rom

Nokre innsikter får ein ikkje ved å løfte blikket. Innsikt i trebyens mange rom, for eksempel. Det skjer heller når du sakkar tempoet innmed ein lun vegg, knyter skoa på eit trappetrinn, gløtter gjennom eit ope portrom, og let deg invitere inn til ei solfylt stille, vegg i vegg med ei travel handelsgate. Der. Er du med?

  Foto: Byantikvaren

Saken oppdateres.

I vår fekk kommunen ferdigstilt ein DIVE-analyse for nordøstre del av Midtbyen. DIVE er namnet på ein metode som Riksantikvaren har laga, for å gjere ein kulturhistorisk analyse av ein bydel. Analysen er utført av Asplan Viak, med innspel fra byantikvaren. I prosessen deltok 35 godt kvalifiserte personar for å representere næringsliv, kulturliv, bebuarar og myndigheter. Resultatet gir heilt ny innsikt i denne delen av Midtbyen.

Midtbyen er ein av åtte middelalderbyar i Norge, og særleg i nordøstre del har vi omfattande spor. I grunnen, ja, og i veitene som gateløp. Men visste du at middelalderbyen også finst i ein stadig bevart eigedomsstruktur, og i heile bygningsmiljø av ein vidareført byggjeskikk? I tillegg til å ligge i det overordna bylandskapets hyllest til ei domkyrkje, og i ei bryggevis omfamning av elvemunningen? Alt dette ligg der framleis, som fysiske referansar til ei tid der byen var åsted for ei rekke nasjonalt avgjerande hendingar for eit årtusen sidan.

Trebyen Trondheim er gårdsrom med plass for husdyrhald og hagar, måltider og kulturopplevingar, småindustri og barnefamiliar, srkiver kronikkforfatterne.   Foto: Byantikvaren

Statlige, regionale og kommunale verneplaner og -register konkluderer at analyseområdet har store verdiar. Dagens bryggerekker er definert som viktig kulturmiljø på nasjonalt nivå. Det same er gatestrukturen, vidareført nær uendra som den er, gjennom snart 350 år. På bygningsnivå viser kommunens aktsomhetskart ei omfattande mengd viktige enkeltbygningar her. Og på kommuneplannivå er heile Midtbyen regulert til hensynssone for kulturmiljø, for å ivareta blant anna bylandskapet og Cicignons byplan.

Nordøstre del av Midtbyen har samstundes vore området med alle gavlane, utan ei eiga hensynssone for vern. Inneforstått: Dette er området med alle fortettingspotensiala.

LES OGSÅ: Hvorfor har Trondheim kommune forsømt seg grovt i byplanleggingen?

DIVE-analysen argumenterer no for ei inndeling av dette området i fem soner. Fem soner som har ulike historier, verneverdiar, tolegrenser og handlingsrom. Dette gir eit heilt nytt blikk på dagens by, og gjev viktige innspel til ein ny områdeplan og til diskusjonar om høgder og fortetting på Midtbyhalvøya.

Kartet viser DIVE-analysens hensynssoner, som er omtalt i kronikken.   Foto: Byantikvaren

Den første sona dekker kjernen av det barokke Trondheim. I krysset mellom praktgatene Kongens gate og Munkegata, visuelt forbunde med Munkholmen og Fosenalpane, ligg ei rekke storslåtte arkitektoniske byggverk frå ulike tider. Iscenesett av dei enorme byromma, såvel som av nærheta til den meir generelle og beskjedne bybebyggelsen.

I sonene 2 og 5 finn vi bryggerekkene. Her ligg historia om kystbyen vår. Om internasjonal handelsaktivitet rundt lagerbygg og heiser, lenge før varene fann vegen til utstillingsvindauge lenger inne i bystrukturen.

I sone 4 ligg nyare fortettingsprosjekt tettare, langsetter ei stadig meir oppdatert historie om middelalderbyen. Her ligg forteljinga om ein økonomi som flytta seg frå bryggene i Kjøpmannsgata til bankane sine praktbygg i Søndre gate. Bygningane er generelt høgare, djupare, nyare. Viktige spor frå 17- og 1800-talet finst, men det dominerande uttrykket løfter den enkelte eigedomen sine arkitektoniske visjonar, over ideen om ein samla områdeidentitet.

LES OGSÅ: Fakta om boliger i Trondheim

Dette er trebyen Trondheim. Du kjenner straks att dei fargerike, panelkledte fasadane, skriver kronikkforfatterne.   Foto: Byantikvaren

Den største openbaringa finn vi i sone 3. Her gjev DIVE-analysen ei vektig visualisering av det fyldige 17-1800-tals trehusbeltet, som strekker seg frå Ila og Hospitalsløkkan og gjennom heile nordre del av Midtbyhalvøya. Eit belte som i det store og heile framstår som ein reindyrka og solid bystruktur, representativ for si tid. Men som stadig er trua av å bli innsnevra og pulverisert.

Dette er trebyen Trondheim. Du kjenner straks att dei fargerike, panelkledte fasadane. Men trebyen er mykje meir enn desse. Den er også ein eigedomsstruktur, eit taklandskap og ein rytme i gatebiletet. Den er 200 år gamle dører, portrom og trapper, tett i tett langs gater og veiter. Den er lafta hovedhus, dimensjonert etter lengda på ein typisk trøndersk tømmerstokk. Den er uthus med plass for toaletter, boder, varelager og verkstader. Den er gater med lune solveggar. Den er eit mangfald av næringsareal og boareal.

Den er gårdsrom med plass for husdyrhald og hagar, måltider og kulturopplevingar, småindustri og barnefamiliar. Framleis har vi rundt 130 slike private små tun, gøymt inni kvartala. Nokre har enno svært gode solforhold. Mange er vidare kopla til ein av dei omlag 100 hvelvkjellarane som finst under bakken.

Trebyen Trondheim har mange rom. Rom som er fylte av folk sine kvardagar. Og rom som ventar på den rette brukaren. Rom som forankrar trebyen i ein heilt unik bystruktur.

Et eksempel på nyhus mot gårdsrom, trebyens gavlar.  Foto: Byantikvaren

Trebyen Trondheim har også mange gavlar. Gavlar som iscenesett spranga av kompetanse, materialtilgang og arkitektur-moter, som har kome til i byen dei siste 150 åra. Men som samtidig stiller trebyen opp mellom lengre slagskygger.

DIVE-analysen viser den sårbare balanselinja for trebyens framtid. Og gjev vektige argument for å ta trebyens rom på alvar, også når dei skjuler seg inne i kvartala.

Sjekk ut framtidstrondheim.no.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå