Med barnet i sentrum

Magnhild Haalke var lærar i 30 år og forfattar i 50. Med «Allis sønn» på Trøndelag teater har mange møtt forfattaren Haalke, kanskje for første gong. 

Magnhild Camilla Haalke (født 12. august 1885 i Vikna i Nord-Trøndelag, død 8. oktober 1984 i Oslo), avbildet i 1949. I disse dager spilles «Allis sønn» på Trøndelag teater.   Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum

Saken oppdateres.

Haalke viste i debutromanen Allis sønn i 1935 ei heilt uvanleg evne til å skildra eit barn som ikkje var som andre. Brått vart småskolelærarinna frå Vikna ein berømt forfattar, og med omsettingar til fleire språk. Mange års arbeid som lærar hadde gitt henne mykje «råstoff», ho såg ungane. Gripande barneskildringar finst i fleire av bøkene, fundert på eit vel gjennomtenkt syn på barn og korleis dei bør behandlast: «Hvad det gjelder er ikke å opdrage men å opdage barnet, se det, lede det forsiktig i barnets ånd. Elske det med måte – det er så megen egoisme i verden skjult under kjærlighetens kappe. Foreldre må ikke tro at de eier barnet», sa ho til bladet Urd i 1938. Dette var ikkje heilt i tråd med tradisjonelt syn på ungar den gongen.

Skuespiller Jan Lockert Rohde og musiker Hans Magnus Snah på Trondheim Teater, til en sak i Adresseavisen om den nye forestillingen «Allis Sønn», basert på boka fra 1935.  Foto: David Engmo

I alt skreiv Haalke 19 romanar, og ein heil del noveller, mange dei samla i På fell sjø (1939), Dragspill (1958) og Sol og skygge (1971).

Fleire av desse bøkene toler å bli henta fram frå gløymsla. Eg meiner dei tre trilogiane er av dei mest «slitesterke». I den første av dei – Åkfestet (1936), Dagblinket (1937) og Rød haust? (1941) – møter vi Gry som heilt frå ho er småjente er uunnverleg for foreldra, ho må sitja inne og vogga småsøsken medan andre ungar er ute i sola. Skildringane av tolv år gamle Gry og barndomskjærasten Sem sine korte møte er med få ord rørande presise. Med åra blir Gry meir og meir uunnverleg for foreldra, Sem blir meir og meir utolmodig. Pressa av ei egoistisk mor og sitt eige samvit maktar Gry ikkje å riva seg laus. I slutten av den tredje boka er det framleis uvisst om Gry og Sem får sjansen til eit liv i lag, eller om alt er for seint. I våre dagar handlar det sjeldan om å halda liv i eit nedslite småbruk, men det finst framleis sterke og egoistiske mødrer som kan prioritera seg og sitt framfor dottera sin rett til eit eige liv.

Kronikkforfatteren har skrevet «Der livet brenn. Ein biografi om Magnhild Haalke» (2019). 

Den andre trilogien, om forfattaren si mormor, mor og litt om henne sjølv, er reine verkeleigheitslitteraturen. Den første boka heiter Karen Anna Velde, mormora heitte Karen Anna Wiig, den andre Kaja Augusta, det heitte også mor til Haalke. Til slutt kom Kvinneverden. I desse bøkene møter vi for ein stor del sterke kvinner i eit landskap Haalke kjende godt frå sin eigen oppvekst. Det var framandt territorium for litteraturekspertane i hovudstaden, ingen av dei såg at nokon kunne kjenna seg att her. Heilt ulikt det som skjedde med Vigdis Hjorth sin roman Arv og miljø (2016), der lesaren kanskje kunne kjenna att ein kjend familie på beste vestkant i hovudstaden. Arv og miljø førte til heftige diskusjonar om samanheng mellom liv og dikting.

Dei fleste kritikarane såg ei imponerande skildring av kor vanskeleg det kunne vera å vera innflyttarar i bygdesamfunn, eit allment tema som truleg ikkje er ukjend i dag heller. For den som ikkje er «herifra», kan det ta både éin og to og tre generasjonar å bli ein «ekte» innbyggjar i bygda.

Haalke var ikkje nådig i omtalen av personar ho var kritisk til, dei fanst det fleire av i lokalmiljøet – iallfall i fortida. Dette pregar særleg delar av Kvinneverden. Medan dei aller fleste kritikarane var eintydig positive, var det ein som las Kvinneverden heilt annleis enn dei andre. «Sjelden har jeg lest en bok som er så tvers gjennom ond», skreiv G. H. i Namdal Arbeiderblad. Det var signaturen Guttorm Hansen, seinare ein velkjend politikar, brukte når han skreiv bokmeldingar. G. H. las heile boka som «en eneste pamflett mot ei heil grend», aldri hadde ei grend i Ytter-Namdalen vore «befolket av så mye dævelskap som denne». Eg meiner denne trilogien framleis er interessant lesing.

Den tredje trilogien – Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957) og Serinas vei (1962) – kom etter at Haalke hadde fylt 70. Kritikarane vart storleg overraska, og det vart overskrifter som «Magnhild Haalke forbauser», «Overraskende Magnhild Haalke» og «Ny Magnhild Haalke».

Dei fleste kritikarane plasserte Serinas hus blant dei beste av det Haalke hadde skrive til da. Ein av dei jamførte denne boka med nokre av dei største verka i verdslitteraturen, som til dømes Ødipus av Sofokles (Drammens tidende 12.11.1955). Denne gongen var Guttorm Hansen berre positiv: «Det er en rik bok, en sterk bok. Det er en forelsket bok om forelskelse, om glede, om sorg, [… ] det er erotisk dikting på det aller beste», skreiv han (Namdal Arbeiderblad 22.12.1955).

Serina er og vil vera kunstnar, 20 år gammal bur ho i sitt eige hus som ho har arva, eit kvitt hus mellom skogen og havet. Ho kom til å bli stilt overfor heilt andre etiske dilemma og gjera heilt andre – og dristigare – val enn Haalke sine tidlegare hovudpersonar. Kor grensa går mellom mot og hovmod, ligg under som eit spørsmål i alle dei tre bøkene.

Det overraska mange at Haalke framleis var ein produktiv forfattar i ein alder da andre var pensjonistar. Da den siste romanen, Kommer far i dag?, kom ut, var forfattaren 84 år gammal. Også her står barnet i sentrum, fleire av kritikarane framheva spesielt dialogen mellom den vesle hovudpersonen Eskil og mora: «Denne ordenes og tankens dialog mellom mor og sønn er spindelvevfint utformet. En kunstnerisk prestasjon […] som avtvinger den største respekt», skreiv Arbeiderbladet (Aftenposten 3.12.1969).

Den som vil finna ut meir om Haalke sitt forfattarskap, kan gå på jakt i bibliotek og antikvariat. God jakt!

Politisk redaktør Siv Sandvik holder deg oppdatert: Abonner på hennes nyhetsbrev her!

Vil du vite mer om hvordan du skriver for Midtnorsk debatt? Les mer her!

Interessert i debatt? Les flere innlegg her!

Bli med i Midtnorsk debatt sin Facebook-gruppe

På forsiden nå