Adresseavisens kronikk lørdag 24.mai 2008

Skriveopplæring i motvind

Skoledebatten hittil i år har dreia seg om PISA-sjokket og lesing. Media og den offentlege debatten har i liten grad vore opptatt av at elevane faktisk også skal skrive.

Saken oppdateres.

Fredag 23. mai var skriftleg eksamen i norsk i grunnskolen, med ny ordning. Elevane har tidlegare hatt avsluttande skriftleg eksamen over to dagar, ein i hovudmål og ein i sidemål. Nå har elevane berre ein eksamensdag i norsk. På fem timar skal dei skrive to tekstar, ein skjønnlitterær og ein sakprega, ein på bokmål og ein på nynorsk. Endringa er ei følgje av behandlinga av innstillinga til St.meld. 30, Kultur for læring, i forrige stortingsperioden, da Stortinget gjorde eit kompromissvedtak om at begge målformer skal prøvast same dag, men med mest vekt på hovudmålet.

 

Kva slags reaksjonar har forslaget om den nye ordninga vekt? Medlemmene i det daverande Fagutvalet for norsk i grunnskolen i Utdanningsdirektoratet, som i fleire år hadde utarbeidd oppgåver til avgangsprøva, la ned arbeidet sitt i protest mot nyordninga. Faglege organisasjonar har reagert, lærarar og elevar har protestert, til dømes ved Ugla ungdomsskole i Trondheim. I Stavanger har 16 rektorar sendt protestbrev til Utdanningsdirektoratet. I Sarpsborg krev foreldra ved ein ungdomsskole at elevane får tilbake den gamle eksamensordninga, dei arbeider òg for å få til ein landsomfattande aksjon. Reaksjonar er melde også frå andre kantar av landet.

 

To viktige språklege og kulturelle strategidokument har uttala seg. Den eine er Norsk i hundre! (2005), som vart utarbeidd av ei gruppe som var nedsett av Språkrådet. Det andre er Framtidas norskfag (2006), som vart utarbeidd av ei arbeidsgruppe nedsett av Utdannings- og forskingsdepartementet. Gruppa var leia av nåverande forskingsminister, Tora Aasland. Begge gruppene meiner det er svært uheldig med ein felles eksamensdag for begge målformer. Ei slik ordning vil ikkje gi elevane høve til å vise brei skrivekompetanse, den er såleis i strid med kompetansemåla i norskplanen i Kunnskapsløftet.

 

Kva er så ille med den nye ordninga? For det første er den urettferdig mot elevane. Eksamensoppgåvene og rammene rundt eksamen har dei siste åra vore utforma med tanke på at elevane skal få vise breidde i skrivekompetanse og ha tid til å utvikle tankar og utforme tekst. Såkalla eksempeloppgåver vart sende ut til skolane i slutten av oktober 2007 og prøvde ut i 10. klassar. Elevane klaga over vanskar med å berekne tida, det var slitsamt å omstille seg, dei fekk ikkje vist kva dei var gode for. Erfarne norsklærarar som har vurdert elevsvara frå prøveoppgåvene, seier at det resultata viser så langt, er to uferdige tekstar. Dei ser dyktige skrivarar som ikkje har hatt tid til å arbeide fram kvalitet på teksten og svake elevar som kjem enda dårlegare ut enn tidlegare. Karakterane ligg mykje lågare enn etter den gamle ordninga, og, som ein frustrert lærar skriv: «[...] det neste blir vel at vi får beskjed om å senke karakternivået så det passer til eksamen.»

 

For det andre har eksamensordninga tilbakeverkande kraft på undervisninga. I kvardagen er denne meir styrande enn læreplanane. Ein ansvarsmedviten lærar vil legge opp undervisninga slik at elevane skal meistre eksamenssituasjonen så godt som mogeleg med omsyn til tid, hjelpemiddel, oppgåvetypar, osv. Etter den nye ordninga er det ikkje relevant å skrive lengre tekstar der eit tema blir utvikla og belyst frå ulike sider. Korte, kjappe snuttar som elevane kan prestere på eit par timar, vil lett kunne få forrang.

 

Dette fører over til det tredje punktet, nemleg at den undervisninga som vil bli prioritert gjennom den nye eksamensordninga, vil gjere elevane dårlegare rusta for den skrivinga dei møter i vidaregåande opplæring, i yrke og samfunnsliv. Særleg vil det ramme den resonnerande, utgreiande og argumenterande skrivinga som krev trening både i tenking og språkleg utforming, det vi kallar sakprosa. Sakprosaskrivinga trengst å styrkast både i grunnskolen og den vidaregåande skolen. Det er grunn til å tru at den nye eksamensordninga og den styringseffekten den har på undervisninga, vil gi dårlegare vilkår for at elevane kan bli dyktigare til å skrive sakprosatekstar. Det hjelper lite at Kunnskapsløftet legg opp til styrking av sakprosaen når eksamensordninga motarbeider planen.

 

Utdanningsdirektoratet seier det vil følgje ordninga nøye, evaluere korleis den fungerer og foreslå endringar dersom det viser seg å vere nødvendig. Men evaluering krev utprøving over tid, og i skolen er det ikkje enkelt å gå tilbake til tidlegare ordningar. Det som er sikkert, er at den nye ordninga vil føre til at skriveopplæringa i grunnskolen går i revers. Det vil ramme elevar, som får ei dårlegare skriveopplæring enn dei har krav på, det vil ramme lærarar som må gå på akkord med det dei meiner er god skriveopplæring, men først og fremst vil det ramme oss som kunnskapsnasjon. Krava til å uttrykke seg skriftleg stig etter kvart som samfunnet blir meir og meir skriftleggjort, kunnskap blir skapt og formidla vidare gjennom språket, ikkje minst det skrivne ordet.

 

torlaug.hoel@plu.ntnu.no

 
Gikk du glipp av disse?
 
 
 
 
 
 
På forsiden nå