Adresseavisens kronikk torsdag 31.juli 2008

Universalgeniet Johan Daniel Berlin

«Johan Daniel Berlin fremstår med rette som et universalgeni i landets og Trondheims kulturhistorie».

Saken oppdateres.

Då Det Trondhjemske Selskab vart stifta i 1760, og seinare endra namn til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab (DKNVS) i 1767, var det dei tre herrane Gunnerus, Schønning og Suhm som var grunnleggjarar. Å gjere seg kjend med desse tre kan vere ei interessant oppgåve for barn og unge i stiftsbyen når vi nå nærmar oss 250-års jubileet for Videnskapsselskabet i 2010. Mindre kjend og feira er ein samtidig, og kanskje like viktig person for Selskabet, og ikkje minst for byen: Johan Daniel Berlin. Om dei tre første var dyktige og framståande, var Berlin fenomenal. Byen har aldri sett maken, korkje før eller sidan. Og alt frå dei første åra i Selskabets historie vart han eit svært aktivt medlem.



Men korleis skal vi klassifisere ein mann som i si levetid hadde status eller stilling som kongeleg privilegert stadsmusikar, organist og orgelvirtuos i Nidarosdomen og Vår Frue kirke, Norges største 1700-tals komponist, første norsk-danske lærebokforfattar i musikk, matematikar, mekanikar, fysikar, oppfinnar, overbrannmester, vassverksingeniør og -inspektør, meteorolog, amatørastronom, arkitekt, oppmålar og kartteiknar? Karakteristisk for hans mangfald og talent er det at då Kari Michelsen i 1987, ved 200-års minnet for Johan Daniel Berlins død, redigerte ein biografi over mannen, måtte det 10 forfattarar til for å dekke alle sider ved fenomenet Johan Daniel Berlin! Konklusjonen vart: «Johan Daniel Berlin fremstår med rette som et universalgeni i landets og Trondheims kulturhistorie».



Johan Daniel Berlin vart fødd i det som i dag er Litauen, den gongen Prøyssen, i 1714. Etter opplæring som organist hos faren, gjekk han sju år i musikklære og i arbeid hos stadsmusikar og meister Andreas Berg i København. Nå var han moden for stillingen som kongeleg privilegert stadsmusikar i Trondheim frå 1737. I 1740 vart han tilsett organist i Nidarosdomen, og starta arbeidet same året som Wagner-orgelet i Nidarosdomen stod ferdig, i 1741. Hadde han ein finger med i valet av dette moderne og vakre orgelet? Enkelte vil argumentere for at det er sannsynleg. Nå ville truleg dei fleste vere godt nøgd med denne posisjonen, men ikkje 27 år gamle Johan Daniel!



At han skulle vakte nøye over sitt musikalske rike som einerådande «impressario» og musikar for heile byen og landselen, frå Romsdal til Namdalen, følgde med privilegiet. Han dreiv i praksis ei privat musikknæring med svennar som hadde arbeidsplikt og gjekk inn i hushaldet. Hans musikalske breidde kom til syne i samlinga som vart registrert då han døydde i 1787. Der var ikkje mindre enn 46 musikkinstrument, og utruleg nok, i tillegg 87 naturvitskaplege instrument, mange av dei sjølvlaga. Sikkert ikkje tilfeldig vart Det Trondhjemske musikalske Selskab stifta nærast som ein konklusjon på hans aktive musikarliv, i 1786, og naturleg nok vart han tilbydd status som overdirektør.

Johan Daniel Berlin var eit kjent namn ute i Europa, og det er funne omtale av han i sju ulike leksikalske verk frå hans samtid og like etter. At han gav ut den første lærebok i musikk i kongeriket, vekte oppsikt. Det vitnar sterkt om hans umåtelege energi at han sjølv skreiv inn notane for hand i kvart eksemplar! Som komponist var det naturleg for han å hente musikkeksempla frå eigne verk. Slik vart noko av musikken redda for ettertida. Mykje er nok og gått tapt. Berre eitt verk vart trykt, i Tyskland. Berlin blir gjerne omtala som Norges betydelegaste 1700-tals komponist. Stilen ligg naturleg nok i overgangen mellom barokk og wienerklassisisme. Han må ha rådd over sitt eige orkester på ca 15 musikarar, og i notesamlinga hans fanst det mellom anna 138 symfoniar og 92 konsertar.

Men la oss sjå nærare på dei ennå meir overraskande sidene ved mannen. Og her er det mykje ta av. At organisten og komponisten Berlin var kompetent både i tidas matematikk og fysikk, har vi handfaste bevis for, mellom anna på Ringve Museum. Hans Monochordon Unicum var ein eineståande konstruksjon som gjorde stemming av alle slags instrument meir påliteleg. Her utøvde han overraskande avansert naturvitskap og matematikk i kombinasjon, med god forståing av svingemønsteret i vibrerande strenger, slik som på eit strykeinstrument. Til dette tok han i bruk logaritmer frå matematikken. Instumentet som er vakkert bygd, med storleik omtrent som eit golvur, står på Ringve den dag i dag.



Kva så med overbrannmesteren Johan Daniel Berlin, og inspektøren for vassverket? Berlin var i realiteten byens tekniske sjef, og leia med stort engasjement bygginga av det nye vassverket frå Ilabekken inn til sentrum, med ei rekkje velordna vasspostar, alt på tre månader. Postane var godt plasserte i høve til brannpostane. Begge deler var hans ansvar. Igjen viste han forbløffande kompetanse, dvs han konstruerte sjølv pumper og ventilar til det nye vassverket, og han fekk orden på brannvesenet som ingen annan. Vassverket vert omtala som byens stoltheit, og vatn vart også ført fram til ei rekkje private bygningar.

Men hans interesse for naturvitskap og teknikk var ikkje uttømd med dette. På 1760-talet starta han ein meteorologisk observasjonsserie. Han gjennomførde og publiserte systematiske målingar og observasjonar av lufttrykk, temperatur, og verlag i mange år. Naturleg nok vart desse trykte i Selskabets skriftserie og er ennå i dag ei interessant og nyttig kjelde til kunnskap om klimaet i Trondheim i 1760-åra! Interessant nok: Middeltemperaturen i juli 1766 var 20,4 C, heile 6,2 C over normalen, visstnok ennå rekord!



Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab har naturleg nok visst å heidre Johan Daniel Berlin, mellom anna i 1932 med den minnejetongen med hans profil. Men det er Selskabets meinig at byen på ingen måte har gitt han den plass han fortener. Selskabet har difor i vår foreslått for kommunen at Johan Daniel Berlin blir heidra ved 250-års jubileet for DKNVS i 2010 ved at ei gate, ein plass eller bygning i sentrum av Trondheim får hans namn. Etter Selskabets meining er Johan Daniel Berlin nettopp ein mann som forsvarar ei slik ære.



Kristian.Fossheim@ntnu.no

Kristian Fossheim

Visepreses DKNVS, Formann i Jubileumskomiteen for 250-års jubileet i 2010

 
Gikk du glipp av disse?
 
 
 
 
 
 
På forsiden nå