«Tinestafetten er for alle. Meld på mange lag, så alle får løpe» står det øvst på nettsida for Tinestafetten.

Mitt barn hadde stor glede av å springe sin 200 meter, få T-skjorte og kjenne på det å høre til under Tinestafetten i 2015. Hadde innimellom snakka mye om den, og både gledd seg og trena regelmessig fram mot denne festdagen.

Han hadde fått nye sko og kjente seg vel godt budd fram mot den store dagen.

Trudde at han berre tulla med meg, da han kvelden før fortalte at han i lag med fire andre elevar frå klassen hadde vorte uttrekt til ikkje å delta.

På sidelinja

Litt av ein nedtur. Vart mildt sagt fortørna da eg forsto at dette var sant.

Skolen skal hjelpe til å oppdra, oppfostre og ta vare på våre barn og ikkje la fem unger stå på sidelina for at det ikkje gjekk opp med åttegangen.

Ja, faktisk så mye som halve klassen sto der. Dette er ein dag for aktivisering og ikkje for passivt oppmøte.

LES OGSÅ DEBATTINNLEGGET: Er det rett at foreldre skal gjøre dugnad i barnehagen?

I skoletida

Dette er i skoletida, det er opplegg for elevene frå sjette til niende trinn, går det an at berre 16 elevar av ein klasse på om lag 35 får lov til å delta i gymtimen?

Meiner denne læraren at det er meininga med denne skoledagen at talet på elevar skal divideres på åtte og at resten skal strykast?

At det kan finnast nokre elevar som ikkje har lyst er berre normalt, men alle som vil skal da få delta. Lærarane er da normalt veldig flinke til å organisere.

LES OGSÅ DEBATTINNLEGGET: «Hun har båret gutten fram i ni måneder og får ikke se han»

Forslag til løsning

Eit forslag, om stafetten må gå opp i åttegangen: Kanskje kunne dei tre første springe dei tre siste etappene? Kanskje kunne tre av dei som hadde sprunge ei tidlegare pulje tatt ein 200 meter til? Eller aller helst, så kunne tre frå den delen av klassen som var passivt med vorte oppfordra til å stille opp?

Dette berre eit forslag, det er mange andre måter og organisere dette på.

Normalt skulle heile klassen ha sprunge. Sånn som det gjort i dette høvet, så minner det meg litt om den tida da elevane velga lag og at dei same ungene alltid måtte stå igjen til slutt og kjenne at dei var med på nåde og aldri vart verdsatt.

Å bli heia fram

Det handler om postive opplevingar og det å bli verdsett.

Det er ei stor stund for ein elev som ikkje er så mykje sett, å bli heia fram av kameratflokken. Ja, like stort som for Bjørgen og Nortug i store meisterskap. Ja, eg trur faktisk det er større for dei elevane som aldri har opplevd dette.

Det handler om fysisk fostring, livsstil, helse og om framtida. Dette er ein liten, men viktig brikke i oppveksten.

Kan det vere på fleire skoler at det er åttegangen som er avgjerande for om skoleeleven får delta i Tinestafetten?

Følg Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter.

Hør våre kommentatorer på podkast: