Adresseavisen kunne 28. mars melde at Teknologibygget på Kalvskinnet får namnet «Akrinn», «et gammelt stedsnavn for dette området på Kalvskinnet, forteller Nils Jørgen Moltubakk, leder for NTNUs navnekomité». Slik står det t.d. i Trondheim byleksikon, som kanskje er kjelda, men det er neppe rett.

Slik staden er omtala i Sverresoga, kan det somtid vere uklart om det er meint som eit stadnamn eller berre tyder «åker, jordstykke», og ulike utgåver og omsetjingar har tolka det ulikt.

Namnet opptrer fleire gonger i samband med slaget på Kalvskinnet i 1179, t.d. slik: «… dei møttest på åkeren ovanfor tårnet litt utanfor byen.» Like etter heiter det at merkesmannen til Erling jarl «dreiv merkestonga ned i åkeren» (mine omsetjingar frå den norrøne teksten). I desse døma verkar det heilt klart at det er snakk om eit jordstykke, ikkje ein bestemt stad ved namn Åkeren. Både «åkeren» og «byen» er omtala i bestemt form, ulikt stadnamn flest i soga, noko som òg talar for det er bruka som eit vanleg samnamn – det var dyrkamark der, vest for elvebrua og sjølve byen.

Altså er det mest truleg ikkje noko gamalt stadnamn. Dessutan er det etter mi meining berre jåleri å velje eit norrønt namn. «Akrinn» er ikkje eingong gamalnorsk, for her var det ein dialektforskjell mellom norsk og islandsk. På norsk hadde ordet lang a, som vart skriven á. Den gamalnorske forma var altså ákr, bestemt form ákrinn. Lang a vart etter kvart til å, og vi nærmar oss den moderne forma åkeren. Ei gamalislandsk namneform er verken fugl eller fisk, og gjer det vanskelegare å sjå samanhengen med den moderne forma av ordet, åker. Det kan òg føre til at namnet blir uttala med feil tonelag – det rette er same tonelag som åker’n. Namnet burde helst vore noko heilt anna, alternativt «Åkeren», i verste fall «Ákrinn», men «Akrinn» blir feil på alle vis. Dette skreiv eg òg da namnekomiteen spurde om råd, men dei faglege råda vart ikkje tekne til følgje.

I same avisartikkel står det dessutan om namnet Gløshaugen at «Gløs er det gammelnorske ordet for lys». Det må nokon ha drøymt. Førsteleddet i Gløshaugen er verbet gløse «stire, speide» som finst i nynorsk og i namn på fleire plassar med godt utsyn (sjå Norsk stadnamnleksikon). Det finst eit gamalnorsk substantiv glǿsa med tydinga «tome ord», men enda så godt det høver i denne saka, er det nok ikkje det som ligg attom namnet.