Debatt

Nord-Trøndelag er dødt. Leve nordtrønderen!

Trøyst for nordtrønderen: Om hundre år er allting gløymt. Utanom fogderia og nordtrønderen, skriv innsendaren. Her er nordtrønderen representert ved Lornts Mørkved fra Høylandet.  Foto: Audun Hoem Musinoi Hagen

Saken oppdateres.

Dei som er urolege for at nordtrøndersk identitet blir borte ved årsskiftet, kan slappe av. Det skal meir til enn eitt par vedtak til for å viske ut tilhøyring. Tru meg.

Først ei lita oppsummering: Eg er fylkestingsrepresentant for Venstre i Sør-Trøndelag og no for Trøndelag. Dermed har eg sjølv fått vore med på dei historiske samanslåingsvedtaka. I samband med dei har mange snakka varmt om identitet og tilhøyring.

LES OGSÅ: Tre nøtter for Askepott



Og identitet er viktig! Sjå berre på verdshistoria, sjå kor mange «vi» og «dei» som har funnest eller har blitt skapt, og som har hatt dramatiske verknader på godt og vondt.

Eller sjå litt kortare, til nabofylket vårt i sør.

Eg har sjølv opphav i Møre og Romsdal, men er ikkje «møre og romsdaling». Ingen er det. Eg er ikkje møring, sjølv om det er det trønderar kallar meg. Eg er romsdaling – til trass for at øya eg vaks opp på er milevis ute i havet, og langt frå sjølve Romsdalen. Dessutan snakkar eg med sunnmørske pronomen. Forvirra? Det forstår eg godt.

Les Tone Sofie Aglens kommentar: 2 år, 32 workshops, 550 deltakere og 16 300 ord måtte til for å lage Trøndelags nye visjon

I Møre og Romsdal snakkar ein om «fogderi». Fogderia i Noreg er noko som gjekk ut av soga for over hundre år sidan. Likevel snakkar ein om nordmøringar, sunnmøringar og romsdalingar med den største sjølvfølgje. På kjøpet får ein tillagde eigenskapar i kraft av sin superlokale etnisitet. (Fun fact: Eg kjenner mange sunnmøringar som ikkje er gode med pengar!)



Då somme nordmørske kommunar bad om ei fagleg konsekvensutgreiing for å sjå om dei kunne bli del av det komande Trøndelag, kom det mange interessante argument for og imot. Mange av dei gjekk meir på nettopp identitet, og mindre på kommunale tenester eller regional utvikling. Fleire snakka om at nordmøringen er «lik trønderen», men at romsdalingen ikkje er det. Med respekt å melde, det er pølsevev. Nordmøringar (og romsdalingar) er like forskjellige som alle andre folk, så klart. Å klassifisere folk etter opphav har lite for seg.

Det vart også hevda at sidan nordmørsk målføre er «trøndske» dialektar, så høyrer nordmørskommunane heime i Trøndelag. Eg heldt meg for god til å påpeike at etter same vitskap er norsk faktisk «germansk».

Les også: Det nye fylket vil bruke 15 mill. i året på smarttelefoner til alle ansatte



Når ein skal diskutere grensejusteringar, så er det gjerne patos og kjensler som dominerer. Det er ikkje alltid konstruktivt, men det er heller ikkje feil. Identitet er ikkje reine fakta, det er også kjensler. Geografiske og organisatoriske grenser blir flytta, men det betyr ikkje at me kjenner oss noko annleis enn før.

Og her er trøysta for nordtrønderen:

Om hundre år er allting gløymt. Utanom fogderia og nordtrønderen.

Opptatt av debatt? Les også: Hvordan vil det gå med oss når alle dyr er borte? Enn så lenge gleder jeg meg over ribberester

Tove Eivindsen, Fylkestingsrepresentant i Trøndelag og stortingsvara for Sør-Trøndelag Venstre. 

Tove Eivindsen, Fylkestingsrepresentant i Trøndelag og stortingsvara for Sør-Trøndelag Venstre. 

På forsiden nå