«Nynorskbrukarar får høyra på fest at folk hatar språket deira. Me får høyra at verda hadde vore ein betre stad om ikkje språket vårt hadde funnest» skriv Åsmund M. Kvifte i dette debattinnlegget.

I Adresseavisen 24. februar meiner skuleeleven Julie Ressem me bør byta ut sidemålsundervisinga med eit fag om å takla presset som møter dei unge i dag.

For hundre år sidan vart det slåsskamp då det kom eit nynorsk teater til hovudstaden. For førti år sidan hadde motstanden moderert seg, men det var kampanje for å stryka over Noreg og skriva Norge på dei nye femtilappane.

I dag er haldningane til nynorsk mykje betre, og det er av di det bokmålsfolk både er flinkare i nynorsk og kan meir om nynorsk.

Les Julie Ressems innlegg her: Kutt nynorsk og gi oss heller et eget fag om det å overleve alt presset

Skjeld ut

Likevel kan ein verta skjeld ut av framande på bussen berre av di ein har eit bittelite jakkemerke kor det står at ein likar nynorsk. Nynorskbrukarar får høyra på fest at folk hatar språket deira. Me får høyra at verda hadde vore ein betre stad om ikkje språket vårt hadde funnest.

Det var verre før, og vert betre, men det er framleis dårlege haldningar til nynorsk, og desse haldningane vil berre vika for kunnskap.

I dag er det sterkt press for å prestera og passa inn. Det er både kroppspress og karakterpress og ei forventing om at ein i tillegg skal gjera mykje meiningsfullt og sosialt i fritida. Døgnet har ikkje heilt nok timar til alt det, og kvile i tillegg. Det er viktig og riktig å arbeida for at presset og stresset vert mindre. Mange skular kan nok verta flinkare i å stø elevane sine i å motstå presset.

Opptatt av debatt? Les også: Hva er det med ungdom som velger å stjele en rullestol?

Mer debatt: Jeg sto og holdt rundt ei jente, da flere menn stilte seg rundt oss og begynte å filme oss

På ville vegar

Men om ein byter ut sidemålsundervisinga med stressmeistring er ein på ville vegar.

Det vil svekkja kunnskapen og dei betre haldningane til nynorsken, og gjera det vanskelegare å vera ein nynorskbrukar.

Presset på ungdomen er for stort, men ved å avskaffa sidemålsundervisinga vil ein ikkje minka det – ein vil berre skyva det over på dei som helst vil skriva nynorsk.

Hør våre kommentatorer og gjest Silje Engeness snakke om Kosmorama, Kystad-saken, kulde og kulturkonflikt

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter