Debatt

Djupt vonbroten, såra og retteleg forbanna på NRK som gjer sundagane mine annaleis enn dei har vore

«Tradisjonsrike program for voksne vert bytt ut med tanketomme platepratarar» skriv Jarle I. Kvam i dette debattinnlegget.

«Det verkar på meg som det er ei styrt avvikling på gang i NRK» skriv Jarle I. Kvam.  Foto: Stian Lysberg Solum,, NTB scanpix

Saken oppdateres.

God morgon og eg held på å sei, kondolera.

I går fekk eg vita at laurdag og sundagsmorgonane mine vil bli heilt annaleis frå slutten av oktober enn dei har vore i heile mitt voksne liv.

«Friluftsmagasinet» på laurdagar og «Naturens verden» på sundagar skal leggjast ned.

Opptatt av debatt? Les også: Kim Larsen var vår helt. Det ble en herlig svett konsert i TMV-hallen på Nedre Elvehavn


Tanketomme platepratarar

Eg har ant det lenge, men det drog so ut i tid at eg hadde von om at dei hadde gått attende på avgjerda, men med den leiinga som det er i NRK no for tida var nok det for mykje å vona på.

Det verkar på meg som det er ei styrt avvikling på gang i NRK. For medan lyarane stikk til alle kantar, sit dei der og sler seg på brøstet og tykkjer dei er mykje til karar.

Tradisjonsrike program for voksne vert bytt ut med tanketomme platepratarar som ikkje har anna å formidla enn sine eigne juvenile opplevingar, mellom Kygo og resten av den sokalla A-lista, som skurrar omatt og omatt i alle dei programma dei sender.

Mer debatt: Kommunen bruker flere hundre millioner på metrobuss fremfor å styrke eldreomsorgen


Skal lokke ungdommen

Slik skal dei lokke til seg ungdommen.

Og ungdommen, dei flokkar seg nok heilt sikkert rundt radioen kvart på seks om morgonen for å høyre Bjørn Ivar Bjørnerud lesa opp vindstyrken og bølgevarsel for samtlige fyr langs kysten, i håp om løn for strevet med hiphopmusikk, medan dei ventar på andakten halv ni.

Eg er djupt såra, vonbroten og retteleg forbanna!

RIP NRK


Hør våre kommentatorer snakke om KrF, Knut Arild Hareide, Kim Larsen og bråk på NTNU

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter


Ønsker du å motta aktuelle meninger i innboksen?

Abonner på nyhetsbrevet mitt og få ukentlig innblikk i hva jeg mener er viktige debatter og interessante meninger, både i Adresseavisen og hos andre. -Tone Sofie Aglen, politisk redaktør i Adresseavisen.


Hør vår debatt-podkast: - Man må kunne tåle karikaturer av profeten


Gikk du glipp av disse?
 
 
 
 
 
 
På forsiden nå