Debatt

- Leirtrøs togavsporing

Kirsti Leitrø meiner at innkjøpet av dei bimodale toga er eit feilspor. Samferdsleministeren meiner at Leirtø har spora av.

Saken oppdateres.

Regjeringa satsar på å gjere jernbanen meir attraktiv for passasjerar og næringsliv. Jernbanebudsjettet for 2019 er nær 80 prosent høgare enn i 2013, det siste budsjettet som blei vedtatt under den raudgrøne regjeringa. Nye anlegg blir planlagt og bygd ut, rutetilbodet er styrkt og stadig blir nye tog sette i trafikk. Dei reisande ser ut til setje pris på satsinga. Passasjerane straumar til toga, NSB set stadig nye rekordar i reisetal.

LES OGSÅ: Frykter bydelssenter stoppes av jernbaneplaner

For nokre få år sia blei rutetilbodet på Trønderbanen utvida til omfatta fleire stasjonar sør for Trondheim. Det var positivt, men eg er sjølvsagt einig i at togtilbodet i Trøndelag treng eit stort løft.

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)   Foto: NTB / Scanpix

 

Elektrifisering er eit stikkord som raskt vekkjer harme hos opposisjonen. Å elektrifisere Trønder- og Meråkerbanen gjer togtrafikken meir miljøvenleg, men gir i seg sjølv ikkje eit betre togtilbod. Plattformforlenging på stasjonar og – ikkje minst – bygging av kryssingsspor – er naudsynt for å realisere avgangsfrekvensen på Trønderbanen. Dette er heilt avgjerande for å få fleire til å ta toget.

LES OGSÅ: - Vi skal ikke spise så mye som en bolle før den første masta er på plass


Tidlegare denne veka blei det kjent at 14 nye bimodale togsett skal inn i togtrafikken i Trøndelag i løpet av 2021. Toga skal erstatte gamle, utdaterte dieseltog. Dei nye toga har større setekapasitet, høgare komfort og betre nett-/mobildekning enn dei gamle toga. Dei bimodale toga reduserer òg risikoen for forseinkingar og innstillingar. Eg er temmeleg sikker på at togpendlarane i Trødelag vil bli nøgde med dei nye toga.

I eit intervju i Adresseavisen (20.12) er Aps Kirsti Leirtø ikkje nøgd med innkjøpet av dei nye toga. Ho hevdar at dei bimodale toga er eit feilspor. Leirtrø meiner at regjeringa berre kan setje i gang med å elektrifisere, og at bimodale tog er dyrare å kjøpe og drifte enn elektriske togsett.


Eg vil minne om at det er lov å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. Sjølv om vi no ser på tiltak som kan auke frekvensen og kjøper inn nye tog, hindrar ikkje det elektrifisering eller delelektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen. Eg er sikker på at passasjerane i Trøndelag i fyrste omgang er meir opptatt av betre rutetilbod og komfort enn at toget får straum via køyreleidning på heile strekninga. I fall det blir aktuelt å byte ut dei bimodale toga med elektriske togsett på strekningar i Trøndelag, kan dei bimoda toga gjere nytte for seg på andre jernbanestrekningar.

Leitrø meiner at innkjøpet av dei bimodale toga er eit feilspor. Eg meiner at Leirtø har spora av.

Hør våre kommentatorer snakke om: Teatersjefen takker av, mer bråk i KrF, opptur for Ap i Trondheim og ny sang om RBK

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter


Ønsker du å motta aktuelle meninger i innboksen?

Abonner på nyhetsbrevet mitt og få ukentlig innblikk i hva jeg mener er viktige debatter og interessante meninger, både i Adresseavisen og hos andre. -Tone Sofie Aglen, politisk redaktør i Adresseavisen.


Hør vår debatt-podkast: De møtte sine jentesuperhelter


 
På forsiden nå