Debatt

Å gifte oss i høg alder, er det beste vi har gjort etter mange år åleine, men det straffa seg

«Etter kort tid fekk eg brev om at min ektefellepensjon var inndratt» skriv Einy Rendal Elgsæther i dette debatinnlegget.

«Altså i vår moderne likestilte tid er reglane basert på at ektemaken skal forsørga ein» skriv Einy Rendal Elgsæther som her er avbilda med ektemannen Svein Volle på bryllaupsdagen. 

Saken oppdateres.

Vårt samfunn motarbeider at folk gifter seg. Det vart tydeleg for oss etter at vi inngjekk nytt ekteskap i høg alder. Det er det beste vi har gjort etter mange år åleine. Men det straffa seg. Etter kort tid fekk eg brev om at min ektefellepensjon var inndratt.

Når ein har minstepensjon, så betyr det litt å mista 25000,- kroner i året. Så difor kontakta eg KLP, som kunne fortelja at dette er dei firkanta reglane som ikkje er noko å gjera med.

Les også: Var gift to måneder for kort tid

Det gjeld ikkje par som inngår sambuarskap, det gjeld berre ved inngått nytt ekteskap, kunne dei konstatera, ikkje for ugifte som flytter saman og har felles utgifter. Enda intensjonen i reglane var at ektefellepensjon skulle kompensera for auka utgifter ved å bu åleine.

Seinare fekk eg også brev frå Nav om at pensjonen, som er minimal frå før, vil bli redusert.

Til saman vil eg mista ein tredel av ein liten pensjon. Mannen min vil også mista ein god del av sin pensjon.

Les også: Ole Stig var gift i to måneder for lite. Nå presser Venstre regjeringen på ektefellepensjon

Er verkeleg familieministeren frå KrF samd i denne urettferda? Eller ønskjer han å gjera noko med det?

Det gjorde ingen forskjell at vi ikkje har flytta saman, men har sereige, kvar vårt hus og adresse, kvar vår hushaldning, kvar vår bil etc.

Kort sagt same utgifter som før, bortsett frå ekstra utgifter for å halda kontakt ved 22 mils avstand.

Les mer: - Samboere har ikke rett

Eg fekk orientering om at eg kunne søkja om utvida trygd, men det var berre i ekstraordinære tilfelle at det vart innvilga, ikkje i tilfelle der ektefellen hadde meir enn minstepensjon.

Altså i vår moderne likestilte tid er reglane basert på at ektemaken skal forsørga ein.

Dette var ei stor overrasking, og eg spør no familieministeren om samfunnet vårt verkeleg ønskjer at ekteskapet skal nedprioriterast på denne måten.

Hør våre kommentatorer snakke om: Varslingssak i Trondheim Ap, Venstres vei videre og ny storfilm om polarhelten

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

HTML: Påmeldingsskjema nyhetsbrev (Mailchimp, ukens meninger

Hør vår debatt-podkast: De møtte sine jentesuperhelter


På forsiden nå