Debatt:

Kyrkje og kyrkjelyd må inspirere til eit liv i nestekjærleik

I eit lesarinnlegg i Adressa 3.august minner Bjørn Lien oss om å vise omsorg for dei aller svakaste mellom oss, skriver domprost Ragnhild Jepsen.

Dei siste åra har kyrkjelydane i Trondheim blitt styrka med nye diakonstillingar, skriver domprost Ragnhild Jepsen i dette debattinnlegget.   Foto: Therese Alice Sanne

Saken oppdateres.

Det er mange gode krefter i byen vår som har hjarte og språk for dei som ikkje så sterkt kan målbere sine eigne behov og rettar. I kyrkja kallar vi det diakoni; det er kyrkja si omsorgsteneste som alle er kalla til, men nokre er utvalde og utrusta på ein særleg måte. Dei siste åra har kyrkjelydane i Trondheim blitt styrka med nye diakonstillingar. Diakonane arbeider i den lokale kyrkjelyden, og det er utvikla gode og spennande samarbeidsprosjekt med andre aktørar i bydelane som også har omsorg som sine arbeidsoppgåver.

Les mer: Det er ikke rart at så mange melder seg ut av kirka, når den er så kald

I eit lesarinnlegg i Adressa 3.august minner Bjørn Lien oss om å vise omsorg for dei aller svakaste mellom oss. Vi må legge til rette for gode samtaler lokalt for at vi på best måte kan inkludere og støtte, slik at den lokale kyrkjelyden har eit omsorgsarbeid som er retta mot lokale utfordringar. Her har prestar, andre tilsette i kyrkjelyden, sokneråd, konfirmantar og frivillige også ansvar for å vere med.

Les også: Om boller, Jesus og livssynsnøytralitet

Vi som har eit særleg leiaransvar i kyrkja skal også målbere dette, ikkje berre i ord, men óg i handling, slik at kyrkje og kyrkjelyd inspirerer til eit liv i nestekjærleik. Det overordna perspektivet må vere at diakonien i kyrkja står saman med alle menneske av god vilje i arbeidet for å ta vare på dei grunnleggjande verdiane i samfunnet.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter





På forsiden nå