Debatt:

Pålegg om å rasere naturen?

Omdømmet til Trønderenergi er sterkt fallande, skriver Harald Kjeldstad i dette debattinnlegget.

Trønderenergi ber sjølv ansvaret for sine handlingar, skriver Harald Kjeldstad. Bildet er fra motstanden mot vindmøller på Frøya.   Foto: Morten Antonsen

Saken oppdateres.


Konsernsjef Ståle Gjersvold vil ikkje gje faktabasert kommentar til min kronikk 5. august i redsel for at det fell på steingrunn. Han finn det underleg at ein leiar med bakgrunn frå det offentlege gjev råd om å gå mot lovlege, demokratiske vedtak. Eg må minne om at demokrati og ytringsfridom gjeld alle norske borgarar uavhengig av stilling og stand.

Les mer: Ledelse er å gå foran – og ikke vaie med vinden


  Foto: Faksimile Adresseavisen 7. august 2019



Trønderenergi ber sjølv ansvaret for sine handlingar. Ingen myndigheit har gjeve pålegg om utbygging og rasering av naturen. Kva med eigarane; kommunar og deira pensjonsselskap KLP? Omdømmet til Trønderenergi er sterkt fallande, dei kan ikkje dokumentere billegare kraft eller samla klimagevinst. Konsekvensanalysane er lite truverdige.

Les også kronikk av Gjersvold: Derfor vil Trønderenergi bygge vindkraft

Mange utbyggarar prøver nå å lappe på omdømmet. Gjersvold prøver også; det «er legitimt å vere mot vindkraft på grunn av naturverdier, kulturverdier, reindrift, eller at det påvirker våre bo- og turområder».

Men kva med dei enorme skadeverka som allereie er under utføring? På Frøya vil turbintårna med venger rage 180 meter over landskapet, dobbelt så høgt som spiret på Nidarosdomen. Men dette er ikkje elegante spir for gudsdyrking, men turbinflater der oppe på 15 dekar for kvar turbin med blinkande lys på spissen av kvar venge.

Les også: På knappe to måneder fikk Adresseavisen inn mer enn 50 leserinnlegg om Trønderenergi og enda flere om vindkraft på Frøya. Her er noen av dem.

Minnesmerka over vindkraftspekulantane sine (u)gjerningar vil bli ståande til evig tid. Berre tunge isbrear kan fjerne alle vegar, fjellskjeringar, og betongfundament. Kven kan opprette nye myrar som metanlager? Og kva med helse og livskvalitet for dyr og menneske? Kva med all splid som vert skapt i bygdene våre, der nokre få grunneigarar, gjerne med trussel om ekspropriasjon, gjev etter for at nokon skal profittere på felles natur og allemannsrett. Alle andre set att med sorg over dei øydelagde «horisontane». Bulyst og grunnlag for næringsliv vert sterkt svekka. Raseringa øydelegg for den hurtigast veksande næringa, reiselivsnæringa. Dei best betalande turistane kjem for å oppleve urørt natur med tilhøyrande kulturlandskap.

Les mer: Åpner for å droppe vindkraftplan. Trønderenergi vil ha debatten

Utbyggarane sin arroganse er stor. På Frøya var dispensasjonen i ferd med å gå ut då Trønderenergi brått sende inn lastebilar for å demonstrere oppstart i eit område regulert til landbruks-, natur- og friluftsområde. Dette vert øydelagt for all framtid basert på ein midlertidig dispensasjon frå arealformål, utan naturfagleg begrunnelse. Eller tilbod om dialog? At sterke næringsaktørar på Frøya også profitterte på felles natur? Dette vitnar om manglande respekt for dei som verkeleg utviklar industri, og manglande forståing om kva som er irreversible inngrep.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå