Debatt:

Ein salgssjefs bøn til politikarane: Bruk innkjøpsmakta!

Skal «det grøne skiftet» bli meir enn ei tom frase, må kommunane bruke innkjøpsmakta si til å legge til rette for innovasjon og berekraft i norsk næringsliv.

Pipelife feirar i år 50 år med norsk industriaktivitet i Surnadal. Vi har tenkt å halde på i minst 50 år til , men det kan vi gjere berre viss kundane våre framleis veit å verdsette norsk kvalitet og miljø, skriver Trond Skogseth.  Foto: Harald M. Valderhaug/pipelife

Saken oppdateres.

I åra som kjem må det gjerast betydelege investeringar i vedlikehald og oppgradering av offentleg infrastruktur. Det inneber auka utgifter for kommunane. Og det vil kreve lokale folkevalde som er villege til å bruke tid og pengar på vedlikehald. Men i denne utfordringa ligg det også ei moglegheit: Er politikarane kloke, kan dei både ruste den kommunale infrastrukturen for framtida, og legge til rette for innovasjon og vekst i norsk næringsliv.

Trond Skogseth  Foto: privat

Årsaka ligg i endringane i lov og forskrift om offentlege innkjøp, frå 2017. Målet med lova var å både få fart på det grøne skiftet og stimulere til vekst i næringslivet. Miljøavtrykket frå produkta, ikkje berre pris, skulle avgjere kven som vinn fram.

Difor var vi i Pipelife svært nøgde med den nye lova. Endeleg skulle vi norske produsentar få att for at vi kan levere kvalitetsprodukt produsert på fornybar energi, frå fabrikkane våre i Distrikts-Norge, med kort og miljøvenleg transport til heile landet.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

I dag, over to år etter at dei nye intensjonane vart lov, har iveren vår stilna. Det som høyrtes så flott ut har dessverre vist seg å vere mest innhaldslause fraser. Bodskapet bar i alle fall ikkje heilt inn i innkjøpskontora som forvaltar dei over 500 milliardane som Staten kjøper for årleg. Det er urovekkjande at Staten ikkje følgjer opp det som blir sagt i lovtekstene. Tilbake står vi, og andre leverandørar, med fagre løfter og høgare kostnadar – for eit skifte som ingen tykkjer å vere villige til å verdsette og betale for.

LES OGSÅ: Teknogründere har laget brettspill som bare tar en øl å spille

Vi har aldri forventa at norske industribedrifter skal bli urettmessig prioriterte. Det vi ber om er at dei dokumenterte verdiane vi kan tilby, som til dømes dei høgare kvalitetsnormane vi må etterleve og det lågare miljøfotavtrykket vårt, blir verdsett. Vi kan alt om utfordringane med industriell drift i høgkost- og høgkvalitetslandet Norge, og ønskjer òg å få utnytta dei naturgitte fordelane det å produsere her gir. Å produsere rør og transportere desse frå sør i Europa gir, til dømes, langt dårlegare logistikk og større utslepp enn det vi norske produsentane kan tilby. I Granavolden-plattforma har regjeringa sagt at dei har som mål å halvere utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Effektiv transport av rør og andre volumøse produkt kan vere eitt viktig bidrag i så måte.

LES OGSÅ: Syv råd for å få trønderske bedrifter til å vokse

På same måten som mange bekkar blir åer, blir effektane av mange miljøvenlege rør store. Infrastrukturen vår for vatn og avløp er enda dårlegare enn det vegane våre er, og vil ha behov for nye rør og samla oppgraderingar på rundt 250 milliardar innan 2040. Askøy-saka og store flaumskader dei siste åra har vist at maset om behov for betre VA-system ikkje er storm i eit vassglas, og håpet er at det kan bli like attraktivt å rydde opp i anlegg som ligg gøymd langt nede i bakken, som å klippe snorer for nye vegar.

Pipelife feirar i år 50 år med norsk industriaktivitet i Surnadal. Vi har tenkt å halde på i minst 50 år til , men det kan vi gjere berre viss kundane våre framleis veit å verdsette norsk kvalitet og miljø – og det at eit skifte til ei grønare og meir berekraftig framtid vil krevje handling – ikkje festtalar og sovande lovtekster.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå