Debatt

Avvikande kongeørner i Trøndelag?

Her ligg nok nøkkelen til å forstå høge tal for kongeørndrepne lam i Trøndelag/Fosen.

Bjørg Alseth (til venstre) og Kari Åker (med antenna) bruker sommerhalvåret til å peile seg frem til lam som har dødd på utmarksbeite i fjellheiene på Fosen.   Foto: Helene Mariussen

Saken oppdateres.

Etter reportasjar i Adresseavisa i sommar finn Norsk Ornitologisk Forening (NOF) det nødvendig å kome med nokre kommentarar om kongeørn og lam i Trøndelag.

LES OGSÅ: Fredet kongeørn skutt i Meråker

Adressa hadde 5. juli og 8. august oppslag om store lammetap til kongeørn på Fosen i sommar. Saueeigarane ynskjer å felle kongeørn. Vi forstår sauebøndene sin frustrasjon når dei tydlegvis forventar at forskingsprosjektet på Fosen skal inkludere førebyggande felling av kongeørn og at det vil løyse tapsproblema, men er dette rett vurdert? SNO har i Rovbase 2019 registrert 12 lammekadaver «drept av kongeørn» i Indre Fosen og nærområde i Åfjord og Verran. Fylkesmannen vurderer det ikkje som høgt nok til å gje fellingsløyve for kongeørn.

LES OGSÅ: Færre sauer drept av rovvilt

Funnmønsteret i Trøndelag siste ti åra skil seg frå landet elles og har topp seinsommar, med 40-50 prosent av landets kongeørntapte lam i juli/august sjølv om fylket berre har ti prosent av landets sauetal. Hedmark og Buskerud har og ørntap av lam etter midtsommar, men lågare enn Trøndelag. I landet elles er kongeørntap på topp i mai/juni og låge tapstal seinare på sommaren, etter at lamma er utafor den byttedyrstorleik kongeørna normalt går etter.

Kongeørnen i Trøndelag har avvikende oppførsel.  Foto: DAN ÅGREN

Her ligg nok nøkkelen til å forstå høge tal for kongeørndrepne lam i Trøndelag/Fosen. Når tapa toppar seg i juli/august, må reell tapsårsak vere slikt som gjer dyra til lett bytte for ørn. Alveld, infeksjonar, parasittar og flåttborne sjukdomar dominerer tapsbildet i kystfylka lenger sør, kvifor ikkje i Trøndelag? Hos kongeørn er normal byttedyrfordeling 80 prosent under 1 kg og 90 prosent under 2 kg. Frå midtsommar er beste byttedyrtilgang i året. Det er ulogisk at kongeørn skal velje energikrevjande bytte når dei fleste er i fjørskifte og treng energiøkonomisering.

LES OGSÅ: Veldig sannsynlig at hunden ble tatt av ørn

Naturmangfaldlova § 8 krev kunnskapsbasert naturforvalting. Stortingsvedtak juni 2016 om tapsstudier på Fosen og i Troms vektlegg og kunnskapskravet. All faktakunnskap må verte aktivert og ny samla i samsvar med intensjonar og godkjende planar, før det vert sett i verk tiltak som til no ikkje kan vere i samsvar med kunnskapskravet i lova. Prosjektet på Fosen har fem års tidsramme til meir enn 20 millioner kroner. Dei første to åra er nær omme. Det forpliktar i høve til kunnskapskravet!


På forsiden nå