Debatt:

Har du kjennskap til kva som har skjedd med Odin? Kom med det no!

Her er Odin som 18-åring, avbilda med sin kjære hund Alfa. Vi foreldre savnar sjølvsagt Odin, kvar einaste dag, skriv mora i dette innlegget.  

Saken oppdateres.

«Med egne ord»: Denne uken var det ett år siden Odin André Hagen Jacobsen ble borte. Hver uke ber Adresseavisen folk som har vært i medias søkelys, om å fortelle om saken «med egne ord». Her er moren til Odin sitt debattinnlegg, som først ble publisert på Facebook-siden «Hvor er Odin»:

Det er heilt utruleg at det er eitt år sidan Odin er borte. Eitt år sidan han ikkje kom heim etter å ha vore ein tur på byen. Vi meldte umiddelbart Odin savna, 18. november 2018. Odins forsvinning blei til ei «savna-sak». Politiet leita og vi leita. Det blei funne videomateriale av Odin som gjekk rundt i byen, også med dei han var i byen med. Seinare blei nokre av Odins eigedelar funne på Pir II, Brattøra. Kva skulle vi tru? Hadde Odin havna i elva eller sjøen? Etter mange søk, med dykkarar og drone var det ingen spor etter Odin. Heller ikkje leiting på Frosta og med varmesøkande kamera i småfly over Trondheimsfjorden førte fram.

LES OGSÅ: Politiet ber om tips etter funn i dette området

Ingunn Hagen  Foto: Kim Nygård

Mysteriet vart ikkje mindre då fleire av Odins eigedelar blei funne på Brottan ved Jonsvatnet rundt påsketider. Korleis hadde Odins ting havna der? Vi reknar det som usannsynleg at Odin har lagt frå seg tinga sine der. Sjølv om Odin var glad i å gå, ville han neppe ha traska 19 kilometer frå Brattøra til Jonsvatnet tidleg den søndags morgonen han forsvann. Politiet har gått manngard i området og også søkt i Jonsvatnet, men finn ikkje spor etter Odin. Kanskje har kriminalforfattar og eks-politimann Jørn Lier Horst rett, når han seier: «Savna-saker kan også vera ei perfekt utført forbrytelse.» «Perfekt» i betydninga utan spor. Etter eitt år er vi like langt (eller kort) som vi var for eitt år sidan. Vi veit ikkje kva som har skjedd med Odin eller kvar han er.

Bildet er av Odin som ettåring.   Foto: Mariann Nilssen

Vi legg ved to bilder av Odin. Eit av bilda er av Odin som eitt-åring. Det bilde fekk vi nyleg tilsendt av ei venninne. Det andre bilde er av Odin som 18-åring, avbilda med sin kjære hund Alfa. Vi foreldre savnar sjølvsagt Odin, kvar einaste dag. Det er også ei stor påkjenning ikkje å vita kva som har skjedd med Odin og kvar han er. Desse spørsmåla grublar vi på, dag og natt. Odins venner, familie og slekt savnar også Odin. Det varmar oss alle at så mange er engasjert og emosjonelt berørt av Odins forsvinning.

LES OGSÅ: Naboer ante ingenting om funnet: - Vi fikk litt sjokk da vi skjønte det

Det gleder oss at politiet enno etterforskar kva som har skjedd med Odin og fortsett analysen av restane av video-overvakingsmateriale frå Brattøra. Men no treng vi også tips frå dei som veit noko. Kva skjedde med Odin? Korleis enda tinga hans opp der dei er funne? Ring gjerne telefonnummer 73 48 94 00 viss du veit noko eller har høyrt noko om kva som har skjedd med Odin. Det er også mulig å vera anonym.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå