Debatt:

Einy (79): Eg følte at straffa var urimeleg stor for eit uhell

Einy Rendal Elgsæther fikk bot og mistet førerkortet et halvt år etter en utforkjøring uten personskade. Det syntes hun var en hard straff.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

I skrivande stund er det på tiande døgnet sidan eg skulle fått att førarkortet etter ei utforkøyring. Ein skulle tru det var nok straff med inndraging av førarkort i seks månader og ei bot 8000 kroner for eit uhell utan skade på personar eller andres eigedom, om ikkje offentleg sommel skulle forlenga straffa i vekesvis.

LES OGSÅ: En bussjåfør er en mann med godt humør og sterk psyke

Som pålagt melde eg frå om fristen i god tid, enda ein skulle venta det kunne gå automatisk i vår datatid. Det ser ikkje ut som slike tidsfristar gjeld for det offentlege, eller at dei treng å be om orsaking eller betala erstatning for forlenga straff. Men dersom ein som straffedømt ikkje betaler i tide eller vedtek forelegget umiddelbart, så blir straffa større med saksomkostningar etc eller ein får fengsel i 16 dagar. Altså stempla som kriminell. Eg veit ikkje om slike reglar gjeld for alle, eller det er berre for eldre.

Er det slik at styresmaktene og påtalemyndighetene ønskjer å få oss eldre ut av trafikken? Er det dokumentert at eldre er større fare i trafikken enn unge råkøyrarar?

Eg følte at straffa var urimeleg stor for eit uhell, og lurer på om det blir brukt like store ressursar for overlagt brotsverk, overgrep, innbrot, tjuveri, vald etc. Eg er ikkje sikker på om eg i det heile tatt skulle hatt straff, men med minstepensjon har ein ikkje råd til advokathjelp, og da har ein ikkje mykje ein skulle sagt, om ikkje straffa skal bli enda større.

LES OGSÅ: Bil havnet på siden og sjåfør kom seg ikke ut

Eg måtte møta i retten og sitja på tiltalebenken framfor ein dommar for første gong i mitt snart 80-årige liv.

Eg har likt å køyra bil, køyrt lange turar til Nord-Norge og Sørlandet, inkludert fleire byar, også åleine, utan uhell av noko slag. Eg har køyrt heile tida for å halda rutinane ved like, og tatt mange timar oppfrisking med køyrelærar, både landevegskøyring og fleire timar bykøyring i Trondheim. Men etter å ha blitt nekta å køyra eit halvt år, gler ein seg ikkje akkurat til å køyra igjen, og ein reknar ikkje med å ha blitt ein betre sjåfør. Men det er kanskje hensikten?

LES OGSÅ: Mistet førerkortet etter utforkjøring

Etter å ha prøvd å leva lovlydig eit heilt liv, i respekt for bod og reglar, også fartsgrenser, føler ein eit slikt møte med rettsvesenet underleg og skremmande. Vil føya til at det lokale politikontoret her i Surnadal ikkje har noko med saka å gjera, da uhellet skjedde ein anna plass, men har vist hjelpsemd, omtanke og respekt.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå