Debatt:

NRK P1-kritikken: - Kva med meg som er 43 år, då?

Mitt gamle NRK-hjarte ønskjer å lage god radio. Det krev og innhald, skriver innleggsforfatteren.  Foto: NORSK SJØMAT

Saken oppdateres.

Nei, alt var ikkje betre før. Ja, utvalet er større. Utfordringa er berre at innhaldet er mindre og har langt meir pjatt. Sidan Siri Wahl-Olsen visst nok ikkje er i målgruppa, håper eg mann på 43 år å passe betre inn. Ifølgje måla er eg nemleg den P1 ønskjer å nå. Utfordringa til P1 er berre: Heller ikkje eg er nøgd med det eg høyrer.

Her kan du lese lørdagskommentaren til Siri Wahl-Olsen: Bør menn sitte når de tisser?

Adresseavisen sin pensjonerte kommentator bretta ut sin irritasjon og frustrasjon over endringane i NRK P1 i ei av dei siste laurdagsavisene. Eg har vore taus i to snart måneder. Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å ytre meg. Eg ville helst gi det enno meir tid, rett og slett fordi eg veit det tek tid å innarbeide gode nye program. Svaret eg las frå P1s kanalsjef Bjørn Tore Grøtte, gjer at eg midt i målgruppa no tek til ordet.

Som tidlegare NRK-journalist, der eg og var så heldig å få pris for gode radioprogram, hadde eg æra av å jobbe i Norges største mediehus. Ei fantastisk tid, med svært dyktige kolleger, så utruleg mange spennande oppdrag og ikkje minst gleda over å kunne formidle gode reportasjer om alt som skjer i dette landet. Ting er ikkje heilt som den gongen, Wahl-Olsen satte mine radiokjensler i brann.

Den store omlegginga i NRK P1 har skapt stor debatt. Mykje er endra på. Sjølvsagt må ein endre på ting. Det høyrer heime. Eg veit at frustrasjonen i P1s kanalleiing har vore stor i mange år på at ein ikkje klarer å skaffe seg yngre lyttarar. Difor kom det ikkje som eit sjokk at ein endra konseptet. For mange oss som er 40-åringar har det derimot vore ein grunn til at me har lytta til P1 i staden for P4, Radio Norge, Energy NRJ, P5 eller nokon av dei mange andre DAB kanalene.

LES OGSÅ: Ja, Grøtte, jeg har lyttet

P1 har gjeve innhald, P1 har formidla vanlege menneske, P1 har og hatt evnen til å gi gyldne radioaugeblikk. Mange av desse augeblikka skjer framleis i radioen. Grøtte har heilt rett at det er mange dyktige journalistar i hans eige hus som verkeleg kan formidle, engasjere, nødvendig provosere og informere. Mi kjensle er at mange av dei etter omlegginga ikkje får gjere dette lenger i Norges største radiokanal.

Slik P1 i dag er blitt etter omlegginga, er det enno mindre innhald. Det kallast populært flytradio. Grøtte har sjølv diskutert dette før og stadfesta at ja det er meir musikk. For eg som er litt meir enn ein gjennomsnittleg radiolytter, høyrer eg og meir kjendisar, mindre reportasjer og heilt rett slik Wahl-Olsen skriv meir «jabbin». Eg kallar det pjatt. For all del noko av det er god pjatt, dyktige programleiarar og fyll som berre er der. Men det har då vi ti andre kanalar som også er gode på? P1 har og tapt frå 31,1 prosent til 25,3 prosent i oppslutning ifølgje medienettstaden Kampanje. Eg forstår at folk leiter etter noko anna når innhaldet er så endra. Mitt gamle NRK-hjarte ønskjer å lage god radio. Det krev og innhald.

LES OGSÅ: Folk hører mindre på radio

NRK har eit utruleg breidt tilbod. Eg elskar NRK Jazz, eg synst P3 morgon var fantastisk, for meg er laurdagsformiddagen på p2 nærmast heilag, radiodokumentaren og ikkje minst Are og Odin. Lista er lang. P1s kanalsjef har heilt rett i at NRK er gode på mykje, til dømes lengre, gode nettsaker og i tillegg blir det mange spennande podcaster. Når eg ser, lyttar og høyrer til slikt, kjenner eg meg framleis litt som NRK-er og kan forsvare både lisens og statskanal til min døyande dag. Men P1 har og eit ansvar. Når ein har flytta ressurser over frå radioen til andre flater, blir det meir musikk og mindre innhald. Det gjer at også eg på 43, i utgangspunktet din kjernelyttar, Grøtte, ikkje er like entusiastisk lenger. Eg skrur av, og den kritikken bør faktisk også P1s kanalsjef lytte til.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebookog Adresseavisen på Facebook,Instagram og Twitter

På forsiden nå