Overrasking frå Posten: «Ingen kjenner Norge bedre»?

Til gjengjeld vil eg ha alle brev som ikkje er rekommanderte, levert i postkassa kvar dag. Treng ikkje ha dei under trappa eingong, skriv debattanten.   Foto: Vidar Ruud

Saken oppdateres.

Ein vanleg dag ligg det eit uvanleg tilbod frå Posten i den heimelaga postkassa vår. Eit rundskriv (med glade ropeteikn) fortel at sjølv om det frå juli 2020 blir brevomdeling berre annankvar dag, kan netthandelspakkar leverast kvar dag. Og ikkje nok med dét: Posten kan levera dei utan at mottakeren er heime, på avtala (lur) stad, for eksempel under trappa. Posten kan til og med levera pakke innafor døra (!) dersom det er digital dørlås.

Interessert i debatt og meninger? Les flere saker her.

Dette er eit spesielt tilbod til netthandlarane som truleg er et kundegruppe som er plaga av stort utolmod.

Men sidan dette tilbodet er generelt og kostnadsfritt for postkunden - sjølv om det opplagt må vera ressurskrevjande - vil eg be Posten om ein bytehandel: Eg seier frå meg for livstid (cirka 10 år) retten til netthandelpakker under trappa. Til gjengjeld vil eg ha alle brev som ikkje er rekommanderte, levert i postkassa kvar dag. Treng ikkje ha dei under trappa eingong.

Avtale, ja, Posten?

Opp-i-opp, ja?

LES OGSÅ: Korleis skal samfunnet avspeglast?

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

OPPTATT AV DEBATT? Lytt til en debatt-podkast, i regi av ungdommer på Saupstad og Kolstad: Helsesista svarer om ensomhet, sex, følelser og porno

På forsiden nå