Debatt:

18 lange månader

Det viktigaste vi har lært etter Odins forsvinning er likevel kor mange som bryr seg, skriver Odins mor i dette innlegget.   Foto: Privat

Saken oppdateres.

18. mai 2020 har Odin André Hagen Jacobsen vore borte i 18 lange månader. Vi foreldre kunne ikkje førestilla oss at det skulle gå så lang tid utan at vi fekk svar på kva som har skjedd med guten vår. Den flotte unge guten som sto på terskelen til vaksenlivet. Enno har ikkje politiet greidd å lukka nokre av hypotesane dei har i etterforskinga i «savna-saker», på trass av stor arbeidsinnsats. Vi har lært mykje i denne prosessen.

Mellom anna har vi lært at politiet har lite fullmakter og ressursar når ei forsvinning blir definert som ei savna-sak. Det er ikkje før dei har mistanke om noko kriminelt at politiet har meir ressursar til å driva etterforsking. Men korleis veit ein at det ikkje har skjedd noko kriminelt når ein person er savna?

LES OGSÅ: Har du kjennskap til kva som har skjedd med Odin? Kom med det no!

Vi har også lært at datatilsynet sin regel om at video-overvakingsbilde må slettast innan 7 dagar, er til stort hinder for politiet sitt arbeid. Derfor gjeld det at politiet sikrar seg overvakingsmateriale så raskt om mogleg. Men som ein representant frå Datatilsynet sa i eit avisoppslag like etter Odins forsvinning; i slike saker er det mogleg å gjera unntak frå 7-dagarsregelen. Det bør politiet merka seg.

Vi har også fått innsikt i at sjølv om overvakingsbilde er sletta, så er dei ikkje borte for alltid. Dette er også kjent for etterforskarar i overgrepssaker. Det er ikkje før ein overskriv dei sletta filene som ligg på lagringsharddisken at dei ikkje kan gjenopprettast.

I Odin-saka gjorde over to månader med overskriving at det har vore eit møysommeleg arbeid å få fram bilde som viser at Odin var på Pir II, Brattøra. Vi er takksame for politiets analysearbeid, sjølv om mykje av materialet var gått tapt. Men kva skjedde etter at Odin sist blei observert ved funnstad to lange ute på Pir II kl. 06. februar for 18 månader sidan? Og kva observerte føraren i den kvite bilen som parkerte på nett same stad seks timar seinare?

LES OGSÅ: Politiet ber om tips etter funn i dette området

Vi har også lært at tilfeldigheitar kan endra ei etterforsking. Ein mann som gjekk på tur ved Jonsvatnet observerte noko han gjenkjente som Odins eigedelar frå etterlysingane på Facebooksida «Hvor er Odin?». Dette funnet gjorde at politiet saumfarte området, både på land og i vatnet. Men framleis er funnet ved Jonsvatnet eit mysterium. Korleis hamna Odins eigedelar ved Jonsvatnet, nesten to mil frå Brattøra? Kven tok eigedelane hans med seg dit og kvifor?

Vi har også erfart at politiet gjer eit grundig arbeid, særleg nå dei har konkrete tips å gå etter. Fleire gonger der personar har trudd at dei har observert Odin, har politiet vore raskt på pletten. Men det har også vore mange tips, rykte og innspel frå klarsynte som har gått i sprikande retningar i denne saka. Vi skjønar at politiet har hatt ein vanskeleg jobb, også med å prioritera oppgåver. Men no når korona-restriksjonane er mindre, og andre saker er løyst, håper vi politiet kan prioritera å etterforska Odin-saka igjen.

Det viktigaste vi har lært etter Odins forsvinning er likevel kor mange som bryr seg. Både Odins venner, familie og mange andre støttespelarar har bidratt kontinuerleg, med engasjement, pågangsmot og støtte. Folk har vore rause med gode ord, tid og midlar. Vi ønsker alle å få eit svar på kva som har skjedd med Odin. No må politiet følga opp.

Dette innlegget ble først publisert på Facebook.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå