Energisparing må til for både å nå måla for klima og naturmangfald

Vestfossen 20050929 Illustrasjonsbilde til høyspentlinjer og kraftoverføring. Strøm. Strømforbruk. Strømbruk. Master. Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX Kraftoverføring, strøm  Foto: Terje Bendiksby NTB Scanpix

Saken oppdateres.

Energidirektør Kenneth Brandsås i NTE hevdar i eit innlegg at det må bli bygget mykje meir vindkraft i Trøndelag for fase ut fossil energi og nå klimamåla i 2050. Som i tidlegare innlegg i debatten ser Brandstad dessverre heilt bort frå energisparing/ energieffektivisering i bygg, industri etc. Er energisparing eit fy-ord hos kraftselskapa?

Det er kanskje ikkje så rart, for NTE lever av å selje straum, og då er det dårleg butikk å satse på sparing. Det er vel heller eit ønskje at forbruket skal opp, og at vi får fleire kablar til utlandet for å få prisane opp. Energi Norge (organisasjonen til kraftselskapa) protesterte difor kraftig mot at Noreg i 2013 planla å satse på 20 prosent energisparing, for då kunne det bli overskot av kraft og låge prisar. Dei vart roa ned av regjeringa, og planane om storstilt satsing på energisparing vart lagt på hylla. Heller ikkje tilfeldig at Energi Norge er pådrivar for å få Skottlandskabelen NorthConnect, som vil drive prisen opp om den blir bygget.

Les også: Mer penger til nye oppskrifter

Regjeringa har no lovt 10 TWh mindre energibruk i bygg innan 2030. Forskarar ved NTNU og Sintef har vist at ein kan redusere energibruken i bygg med 40 TWh innan 2040, sjølv om befolkninga aukar ein god del. 40 TWh mindre energibruk i bygg i 2040, var også det same som Arnstadutvalget sa i 2009.

For Trøndelag vil dette seia ca. en TWh mindre energi til bygg i 2030 og ca. fire TWh mindre i 2040. I tillegg har vi potensialet for energisparing i industri, der det også er mykje å hente. For berre å nemne eitt eksempel; dersom Wacker Holla Metall i Heim innfører tilsvarande energigjenvinning som Elkem Thamshavn, kan det aleine gi 0,3 TWh. Systematisk energileiing i næringslivet og premiering av energisparing kan utløyse ein god del meir ut over dette.

Les også: Vil fylle opp Enova med koronamilliarder

Når det gjeld framtidas behov for energi, er det også feil å leggja til grunn at dagens utvikling skal halda fram. I 2050 bør Noreg ha kome så langt at vi har fått dobbeltspora jernbane med stor fart mellom Steinkjer og Oslo, og kraftig nedgang i flytrafikken og dermed mindre behov for drivstoff til fly. Det er også ein nasjonal målsetting å flytte gods frå veg til bane.

Jo, det er ein del tiltak vi må vedta allereie no. Å vedta kraftfull satsing på energisparing og omlegging av transport av folk og gods i energi- og miljøvennleg retning vil skaffe nok fornybar elektrisitet til å erstatte fossil energi, både i Trøndelag og landet totalt sett. Dette vil og gje eit stort kraftoverskot til utvikling av industri og nedlegging av vindkraftverk for restaurering av natur.

Det vi ikkje treng, er ytterlegare nedbygging av naturområde med vindindustri av typen Ytre Vikna II og andre anlegg.

Følg Adresseavisen Meninger på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter



På forsiden nå