«Begge var fulle» - om organisasjonskultur og alkohol

Eivind Hasle, ordet fritt  Foto: privat

Saken oppdateres.

Då eg på fleire kurs i Actis-regi for 10-15 år sidan spurde ungdomspolitikarar i Møre og Romsdal om kva slags regelverk dei hadde i partia sine når det galdt rusmiddel, var svaret at dette ikkje var noko problem – det var ei uinteressant problemstilling. Det mest interessante svaret var at Torbjørn Jagland i si tid hadde fått gjennomført alkoholforbod på AUFs leirstad Utøya.

LES OGSÅ: Det er trist og vondt å lese slike innlegg. Takk til alle som har vist stort mot

Seinare har den eine rusmiddel-saka etter den andre kome opp, i Frp, i Høgre, i SP og etter kvart i dei fleste partia. Og alkoholliberalismen har skapt problem, ikkje berre i og for ungdomspartia, men og i felles partiarrangement for ungdom og eldre. Ein rusmiddelforskar, Willy Pedersen, meinte og å kunne dokumentere at alkoholliberalismen var større i dei politiske ungdomspartia enn i ungdomsorganisasjonane generelt. Og problemstillingane rundt seksuell trakassering frå «menn i baren» har blitt tydelegare og forsterka i tilknytning til metoo-kampanjen. Uansett kor «skikkelege» folk er eller veit dei skal vere når dei er edru, skjer det overtramp når hemningane og kontrollmekanismane er svekka – som dei blir hos alle av rusmidla.

LES OGSÅ: Hun tilhører Giskes nærmeste krets. Nå forteller Sandra (29) hva som skjedde på nachspiel

Og alle veit også at minne og bevis blir upålitelege og mindre truverdige når rusen får virke – sjølv om ikkje alle i striden og i media synest å ta omsyn til det. Og når dette i tillegg blir rota saman med politiske konfliktlinjer og interessemotsetningar som det finst rikeleg av i politikken, både internt i partia og mellom partia, blir resultata ofte tragiske, både for dei involverte personane, for dei interessene som står på spel, og for oss alle. Det ser vi no i den såkalla Giske-saka.

Men den liberale rusmiddelbruken som har blitt akseptert som ein del av organisasjons-kulturen og har breidd seg meir og meir i organisasjonane og i samfunnet generelt, vil likevel dei færraste nemne som ei vesentleg årsaksfaktor til problema. Kanskje er det på tide å endre på dette?

LES FLERE DEBATTINNLEGG OM DENNE SAKEN:

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå