Gro, Jens og Jonas

Ståle Johansen på Kværner Verdal tok imot Jonas Gahr Støre tidligere i år. - I saka om oljeskatten no i vår, var det aldri tvil hjå leiinga om at det var arbeidarane ved Kværner Verdal vi skulle lytte til, ikkje Grünerløkka MDG, skriver Jo Heinum.   Foto: LEIF ARNE HOLME

Saken oppdateres.

Eg har vore Ap-medlem i 36 år, hatt ulike verv og roller i Sogn og Fjordane, Trøndelag og Oslo, dei siste åra som rådgivar i stortingsgruppa. Erfaringa er at misnøye ofte rettar seg mot noko anna enn det som er problemet. Kroneksemplet er dei som gladeleg røysta på Ap under Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg, men som no sviktar - og oppgir høgredreiing, Oslo-elite og sviktande distrikts- og industrifokus som grunn.

LES OGSÅ: Historisk dårlig for Arbeiderpartiet på ny måling

Mykje bra kan seiast om Gro og Jens. Også under dei var Ap partiet for det breie lag av folket. Men i tillegg til å ha sin privilegerte Oslo vest-bakgrunn, tok dei partiet gradvis mot høgre, bort frå distrikt og «folk flest». Og økonomiske teoriar om at industri ikkje var så viktig, fekk innpass i tenkinga.

Jo Heinum er rådgiver i Aps stortingsgruppe  Foto: Ap

Dette har snudd under noverande leiing. Ap er meir arbeidarparti, distriktsparti og industriparti enn på fleire tiår. I saka om oljeskatten no i vår, var det aldri tvil hjå leiinga om at det var arbeidarane ved Kværner Verdal vi skulle lytte til, ikkje Grünerløkka MDG. Med Støre som leiar har Ap løfta ambisjonane for industrien. Knytta sterkare band til fagrørsla. Skjerpa arbeidslivspolitikken. Tatt oppgjer med marknadstenkinga i offentlig sektor og leiarlønsgaloppen i stat og politikk. Sagt nei til EUs jernbanedirektiv. Løfta distriktspolitikken - landbrukspolitikken, ikkje minst - og forståinga av at Ap ikkje kan vere eit styringsparti utan solid oppslutning i heile landet. For å nemne noko.

Det er altså andre grunnar til at Ap slit på målingane. Og det er neppe «manglende tydelighet» heller. Eg minner igjen om Gro. På slutten av si statsministertid var ho den som ingen skjønte kva sa, men som alle var einige med. Ho var aldri den fødde opposisjonsleiar, men fekk eit solid ettermæle fordi ho var den fødde statsminister. Den historia kan fort gjenta seg.

LES OGSÅ: Tanker fra et medlem i Arbeiderpartiet

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå