Slutt for ei av dei mest populære skiløypene i Midt-Norge?

Bildet fra Storlidalen viser mektige Storsalen og Innerdalsporten i Trollheimen i bakgrunnen.   Foto: Ludvig Killingberg jr. (arkiv)

Saken oppdateres.

Storlidalen i Oppdal er eitt av dei mest snørike områda i Midt-Norge. Skiløypenettet der er difor av dei mest populære og bruka løypene i regionen, og folk kjem stundom langvegsfrå for å nytte dei.

Løypenettet i Storlidalen blir drifta av eit friviljug løypelag der grunneigarar og drygt hundre hytteeigarar og andre har gått saman om eit spleiselag. Slik kan vi by på nærare 60 km velpreparerte løyper. Ei av dei går frå Storli, inn til Tovatna, rundt fjellet Høa og attende til Storli. Den er 16 km, og er blitt særs populær, både fordi ho er variert, men ikkje for krevjande, og fordi ho går i spektakulær natur.

LES OGSÅ: - Naboer og slekt er splittet. Folk unngår hverandre

Ettersom Storlidalen ligg ved foten av Trollheimen, går rundt 20 km av løypene våre i Trollheimen landskapsvernområde, og det gjer også løypa rundt Høa. Kvart 3. år må vi difor søkje Verneområdestyret om løyve for å få køyre opp løyper i verneområdet. Fram til nå har det gått greitt, men då løyvet skulle fornyast i vår, fekk vi ei uventa overrasking. Ein ny sakshandsamar innstilte rett nok på nytt løyve, men han la inn så mange og nye restriksjonar at det i røynda var eit forbod som ville gjere det tilnærma umogeleg å køyre opp løyper som før.

  • Vi får ikkje nytte trakkemaskin som er breiare enn 3,0 meter medan den vi nyttar er 3,10 meter.
  • Vi får ikkje bruke fres, det vil seie at vi ikkje får lov å harve opp snøen rett under maskina for å kunne setje spor. Eit forbod mot fres gjer at belta berre vil gå oppå skaren, og det vil ikkje bli skispor.
  • Vi får ikkje nytte «vengjer». Dei nyttast til å klappe ned snøen på sidene av løypa slik at snøen ikkje raser ned i løypa når det er mykje laussnø.
  • Vi får ikkje merke løypene med plast- eller bambusstenger, men må nytte sokalla «stedegen vegetasjon». Vegetasjonen som finst bak Høa er i beste fall einerkratt som ikkje er særleg eigna til løypemerking.
  • Vi får ikkje køyre løyper i helger eller mellom 21.00 og 08.00 i vekedagane. Og frå skjærtorsdag til 2. påskedag får vi berre køyre mellom klokka 08.00 og 12.00 på påskeaftan. Dette skal vere for ikkje å forstyrre «andre brukarar av området». Køyringa vår må sjølvsagt tilpassast vêret, men det får vi ikkje lenger lov til. Det vanlege er å køyre opp løyper på sein kveld eller tidleg morgon, for då er det ingen andre ute. Nå er vi pålagd å køyre berre på tidspunkt der det er mange skigåarar ute. Og i påskehelga, når det er flest som vil bruke løypene, har vi så godt som totalforbod mot å køyre.

LES OGSÅ DENNE SAKEN FRA 2016: - Gjevilvassdalen er så godt som død

Då verneområdestyret behandla denne saka i juni, blei innstillinga vedtatt med 12 mot 4 røyster. Men i ettertid har det gjennom intervju i lokalavisene vist seg at fleire i styret ikkje forstod kva dei vedtok. I tillegg til søknad om fornya løyve, søkte vi om to mindre endringar der vi også fekk blankt nei. Den eine galdt å få køyre dei siste 300 metrane frå vernegrensa til Vassendsetra, ei hytte som nyttast av Trondhjems Turistforening. Den andre var å sneie 35 meter innom vernegrensa for å krysse ei elv der topografien gjer kryssing mogeleg.

Vedtaka i verneområdestyret blei sjølvsagd påklaga, og saka kjem opp til ny handsaming i styremøte måndag 28. september. Men det ser svart ut, for i saksframlegget på heile 33 sider gir ikkje sakshandsamaren ei einaste innrømming.

LES OGSÅ: Asfaltpåske i Gjevilvassdalen

LES OGSÅ: - Alle vil ha hytte

Løypa rundt Høa er mykje eldre enn verneområdet, og det er køyrd trakkemaskin der i rundt 25 år. I staden for å sjå om bruken av fres gjennom så mange år har gjort noka synleg skade på vegetasjonen i området, blir det vist til røynslene frå Forsvarets verksemd i Troms. Løypa rundt Høa blir køyrd opp til vinterferien midt i februar, og blir halden oppe til 20. april. Dette er eit område med mykje snø, og der det normalt er skiføre heilt til juni. Det seier seg sjølv, og det kan ein også sjå ved synfaring i sommarhalvåret om ein vil, at sporadisk køyring med trakkemaskin ikkje kan samanliknast med tung tankskøyring i Troms.

Storlidalen løypelag greier ikkje heilt å sjå det problematiske med ei skiløype når det i det same verneområdet er fritt fram med sykling når og kor du vil. Det er atskilleg meir øydeleggjande for jordbotn og vegetasjon. Det er dessutan ikkje berre naturen ein skal ta vare på gjennom landskapsvernet. Eitt av formåla med forvaltningsplanen for verneområda er å «legge til rette for et bærekraftig friluftsliv». Forvaltinga har også som mål å «fremme friluftsliv og folkehelse i et folkehelseperspektiv».

Vi meiner at skiløypene i landskapsvernområdet, ikkje er til nokon påviseleg skade for natur, vegetasjon eller artsmangfald, og at vi i høgste grad bidreg til å fremje friluftsliv og folkehelse i eit folkehelseperspektiv. I dette har vi full støtte frå ordførar og det politiske miljøet i Oppdal. Vi håpar difor at verneområdestyret i møtet måndag vil gi oss medhald slik at vi kan halde fram med det positive arbeidet for å få folk ut i naturen og gi dei både frisk luft, mosjon og gode naturopplevingar.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå