«Eit år i ungdomstida er mykje meir enn eit år når du er 40» 

Dette innlegget vant 2. plass i Adresseavisen Midtnorsk debatts skrivekonkurranse.

  Foto: Morten Antonsen

Saken oppdateres.

Vi vakna om morgonen, kom oss opp av senga og drog på jobb og skole. Kom heim etter ein lang dag, åt middag med familie, trefte venner og levde livet som normalt. Før vi rakk å tenkje oss om, sat vi alle heime heile dagen. Mange mista jobbane sine, mykje pengar blei tapt, men kva skjedde med oss unge?

Vi unge fekk tidleg skulda. Var vi fire venninner ute og gjekk saman, fekk vi stygge blikk frå andre rundt oss. Det å treffe vennene våre, som før var ei sjølvfølgje, var nå blitt en skam. Vi vart einsame og innestengde. Menneskje treng nærkontakt og vi treng å vere sosiale, og ikkje berre med familien vår. Spesielt viktig er det for ungdommane. Vi lever ein stressande kvardag der mykje skjer heile tida, både med skola, sosiale nettverk og på fritida. Det var ein stressfaktor å ikkje møte venner, fordi det kjentest som vi mista dei. I vanskelege periodar søker vi hjelp og varme frå menneskje rundt oss, men denne gongen kunne det virke som om vi måtte klare det åleine.

Vil du lese flere slike debattinnlegg? Sjekk ut mer her!

Nora Helmersen vant 2. plassen i Adresseavisen Midtnorsk debatts skrivekonkurranse for ungdom.   Foto: Morten Antonsen

Allereie har det gått over eit halvt år med smittevernstiltak som har avgrensa vår ungdomsfriheit svært mykje. Festar og arrangement er og blir stadig vekk avlyst. Tida kor vi skal vere unge, frie og kose oss som mest, forsvinn litt etter litt. Det er den kortaste delen av livet for dei fleste, men også kanskje noko av det vi ville hugsa best. Sommaren da vi var 16 kan vi ikkje gjere om igjen når korona er over. Vi kan ikkje ha den mest spektakulære 18-årsdagen neste år. Våre draumar om det perfekte året vart knust. Det er ikkje det same som for dei som ikkje fekk pussa opp hytta eller reist på den ekstraordinære turen til Hawaii. Fordi det kan du gjere neste år utan at så mykje er forandra. Eit år i ungdomstida er mykje meir enn eit år når du er 40. Vi ønskjer også å fortelje våre barn om festane med venner, bading i solnedgangen, hytteturane med venner, den første kjærleiken og alle eventyra som våre foreldre har fortalt oss.

Jobbar som er mista, kan ein få att igjen og pengar som er tapt, kan tenast opp, men tid er noko vi aldri vil få att. Vårt liv vart satt på pause for at andre liv skulle berge. Vi fekk mykje av skulda og det var ein skam å møte vennar. Pandemien er kjip og det er lov til å synest synd på seg sjølv, men vi skal også takke ungdommen, vi har ofra mykje.

Følg Adresseavisen Midtnorsk debatt på Facebook!


På forsiden nå