Nominasjonskomiteen står fjellstøtt

Nominasjonane for 2021 vart avgjort i slutten av november i år og blir offentleggjort tidleg på nyåret. Me reknar med at det vil skape debatt, slik gode nominasjonar skal gjera, skriver museumsdirektøren ved Rockheim.  Foto: Sindre Vartdal

Saken oppdateres.

Børre Haugstad er ute med sterke ord om både nominasjonar og kompetanse hos nominasjonskomiteen til Rockheim Hall of Fame. Haugstad har gode poeng om ein viktig aktør i norsk populærmusikk.

LES INNLEGGET: Kutt ut narrespillet - spark den inkompetente nominasjonskomiteen for Rockheim Hall of fame

Nominasjonsmøtet for 2021 er allereie gjennomført, og som ny direktør går eg ikkje inn i mine dyktige forgjengarar sine vurderingar og prosesser, eller deler komiteen sine diskusjonar og nominasjonar før dei er offentleggjort. Det eg derimot meiner mykje om er nominasjonskomiteens kompetanse, og der meiner eg at Haugstad sine påstandar er grunnleggande feil.

Rockheim er eit nasjonalt musikkmuseum som driv etter høge museumsfaglege standardar. Når Rockheim jobbar med eksterne aktørar søker me alltid å jobbe med sterke fagmiljø med høg kompetanse på sine områder.

Det er styret i MiST (Museene i Sør-Trøndelag) som formelt utnemner medlemmer til komiteen, men dette skjer i tett samarbeid med Rockheim og musikkbransjen. Haugstad kan godt vera rykande ueinig med nominasjonskomiteen og synast den tek annleis og dårlegare valg enn han ville tatt, men at komiteen er inkompetent er faktisk feil.

LES OGSÅ: Snart 50 år med nedvurdering av Hans Rotmo

Nominasjonskomiteen representerer ei breidde av inngang til, og forståing av, norsk populærmusikk. Komiteen består i dag av folk som kjenner musikkbransjen frå 70-tallet til i dag både som utøvarar, forfattarar, frå musikkpresse, plateselskap og bransjeorganisasjonar. Utan å ramse opp for mykje så må ein ha høg kompetanse for å skrive leksikon om norsk pop og rock.

Ein får stor realkompetanse av å jobbe i norsk platebransje, inkludert organisasjonar, plateselskap og prisutdelingar dei siste 40-50 åra, eller har vore utøvande musikar og jobba med det norske musikarkollegiet frå ein var ungdom og heile sitt voksne arbeidsliv.

LES OGSÅ: Fremmedfrykt fra smørøyet

Samansettinga av komiteen har endra seg gjennom desse ti åra, slik ein nominasjonskomité skal. Nokon har gått ut og nye har kommen til. Grunngjevingane for tidlegare nominasjonar har eg ikkje kjennskap til.

Etter å ha deltatt på mitt første nominasjonsmøte i Rockheim Hall of Fame har eg opplevd ein grundig og gjennomtenkt nominasjonsprosess. Beslutningane blir tatt av kompetente personar med svært god oversikt over populærmusikkens historie i Norge, og som evner å balansere mange kriterier og omsyn opp mot kvarandre. Det er musikkens påvirkingskraft og artistane sine bidrag til norsk populærmusikken som er sentralt. Tilsyn av høg moral og ytringar er ikkje kriterium som komiteen er bedt om å forholde seg til.

Rockheim sitt samfunnsoppdrag er å forvalte populærmusikkens kulturarv i heile si breidde, ikkje berre rock, slik namnet vårt kan få mange til å tenke. Frå nyttår av blir også Rockheim slått saman med Ringve Musikkmuseum slik at musea til saman skal famne heile den musikalske kulturarven. Komiteen sitt oppdrag er derfor å vurdere artistar frå mange sjangrar, slik tidlegare innlemmingar i Hall of Fame også reflekterer.

Nominasjonane for 2021 vart avgjort i slutten av november i år og blir offentleggjort tidleg på nyåret. Me reknar med at det vil skape debatt, slik gode nominasjonar skal gjera.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook og Adresseavisen på Facebook, Instagram og Twitter

På forsiden nå