Skuterløyper: Rekreasjon for kven?

Innleggsforfatteren mener naturopplevelsen blir ødelagt av det han mener er lystskjøring i villmarka.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

På ein ein skitur i Hølondas skogar for nokre år sidan opplevde vi noko nytt: Tiur som låg i dokk. Synet av dei store fuglane som fauk opp frå sitt skjul i den djupe laussnøen var eit flott syn. Spelspor viste at vi hadde funne ein tiurleik! Men forskrekkinga var desto større da vi oppdaga ein annan form for leik i området. Med snøskuter! Spor i kryss og krok avslørte ein gjeng som ga blaffen i lova, utan å bry seg om fugle- og dyreliv som treng ro i ei kritisk årstid. Dette sette ein alvorleg dempar på skituren i sol og glitrande snø.

LES OGSÅ: Flere snøskutere gir større trygghet i fjellet

No foreligg aktulle planar for å åpna Flåmarka i Melhus for snøskuterkjøring langs det som så fint kallast rekreasjonsløyper. Til rekreasjon for kven? I alle fall til frustrasjon for mange, særleg oss som verdset naturens ro. Som kjent er det i dag adgang til å vedta slike løyper, etter ei lovendring for ei tid sidan. Men kva signal gir våre styresmakter ved å endre lova som resultat av stadige lovbrot, slik at lovbrytarane får lova på si side? Det er neppe eit folkekrav som ligg bak.

Lat det ver sagt: Vi som likar å ferdast i fri og uforstyrra natur, taper stadig terreng. Ikkje berre til snøskutertrafikk, men og til ymse slags inngrep og utbyggingar (der vindmølle-anlegga er av dei mest brutale). Denne utviklinga går fort. I stor grad takk vera sentrale styresmakter. Kva finst att av større uforstyrra naturområde som Flåmarka for komande generasjonar? Er det meininga at vi som brukar beina, skal henvisast til maskinpreparerte løyper?

LES OGSÅ: Snøskuterkjøring på ville veier

I dag hører vi mykje om tiltak mot klimautslepp, også kalla fotavtrykket. Skuter-entusiastane vil kanhende hevda at fotavtrykket blir mindre av ein tur på skuter enn til fots. Bokstaveleg forstått kan det seiast slik. Det argumentet kan dei få billeg. Samanlikna med matnyttig verksemd (eks. landbruk) er det uforståeleg at det nærmast er fritt fram for unyttig aktivitet (fornøyelseskjøring med skuter), utan at utslepp skal nemnast. Kva så med helsegevinsten, i ei tid da livsstilssjuksdomar er eit samfunnsproblem, fordi vi sit for mykje i ro? Å røra seg meir til fots er effektiv medisin, men å trengja fotfolket unna med motorisert ferdsel løyser ikkje noko problem. Dette er trafikk som øydelegg naturopplevinga for mange, og vi held oss helst unna slike område.

LES OGSÅ: Vi må tåle snøskuterspor i snøen

Å dømma etter anmeldelsar pga. skuterkjøring etter at «rekreasjonsløyper» var vedteke i Selbu, er det framleis ikkje fritt for ulovleg kjøring. Så gode lokalpolitikarar: Spar oss for løyper for unødvendig lystkjøring i villmark, med dei uante konsekvensar dette kan ha for naturen.

Følg Adresseavisen Midtnorsk debatt på Facebook!

På forsiden nå