Ein robot kan aldri erstatte ein lærar

Det er ikke lett å være lærer heller under koronakrisen, skriver innlegsgforfatteren.  Foto: Privat

Saken oppdateres.

Denne teksten ble skrevet i en intern nettavis på Charlottenlund videregående skole, som et kåseri eller skråblikk rundt tiden som har vært.

Koronadagbok, juni 2020: No er årstida med dei lange, lyse nettene her. Netter som i mesteparten av arbeidslivet mitt på denne tida har vore fylt med karaktersetjing, eksamensbunkar og avslutning. Erkjenninga av å ha runda endå eit skuleår, på godt og vondt. Denne tida, der fristane kjem tett som hagl og ein kjenner seg fullstendig oppeten av krav og forventningar. Denne tida når ein alltid tel timane til ein kan sette seg på flybussen og reise vekk frå alt. Korleis er det i år? Korleis kjennest korona-våren ut? Er han lik dei andre skulevårane vi har kjent? Han er ikkje det.

LES OGSÅ: Avlyst eksamen vil skape ro

På eit eller anna vis er ein flau for ikkje å vere så utsliten som ein alltid er på denne tida, når ein brukar vere så frynsete i sjela at ein byrjar grine berre ein høyrer isbilen. Det er litt flaut å ikkje ha avrunda året med å slepe åtte motviljuge elevar gjennom munnleg-eksamen. Det er flaut å ikkje ha streva med sensurbunkar og knappe fristar. Det er flaut å ikkje ha hatt telefonsensurmøte til øret dovnar bort.

For vi har jo vore heime i tre månader. To og ein halv sommarferie har vi sitte med pc-en ved kjøkkenbordet medan ungane har teikna eller herja rundt i huset, katter har sprunge over tastaturet, sysken og ektefellar har lista seg halvpåkledde i bakgrunnen av nettmøtet, og elevar har teke imot undervisning medan dei framleis låg under dyna.

LES OGSÅ: Da eksamen ble avlyst, lærte elevene mer på skolen

Vi har hatt ti timers dagar med å finne ut av deling av skjerm, zoom, teams, og korleis ein får til kahoot frå heimekontoret. Vi har ringt kontaktelevane kvar veke for å høyre korleis dei har det. Vi har hatt førelseningar i retorikk for ein still skjerm, og har prøvd å få i gang samtalar om spennande tema med elevar som sat på kvart sitt rom frå Selbu til Sjetnemarka, Støren og Stabbursmoen. I pysjamasane sine, med frukostblanding i fanget og trøytte auge.

LES OGSÅ: Ikke ok at én eksamen bestemmer studentens evne

Vi har gått usminka i joggebukse ein halv vinter. Vi har ikkje vaska håret på ei veke. Headsettet har blitt ein slags erstattar for mascara om morgonen. Vi har sprita hendene, og sprita avisa og sprita dørhandtak og blitt deprimerte av Dagsnytt. Nokre kreative pedagogar har lagt ut festlege musikkvideoar på på You Tube, der dei prøvde bruke humor som verkemiddel for å halde ut pandemien og muntre opp heile internettet. Og nokre har delt gode tips i alle dei velvillige facebookgruppene, som skulle hjelpe oss med å finne pedagogisk gull i denne landsdugnaden. Men denne ustanselege straumen av innspel frå verdsveven har for mange av oss blitt overveldande å ta inn, i alt sitt sprudlande omfang. All denne spritinga må ha gjort noko med konsentrasjonen vår.


LES OGSÅ DETTE DEBATTINNLEGGET: Jeg er ikke enig med mange i partiet: Avlys eksamen!

For jobben har vi måtta løyse sjølve, heime ved kjøkkenbordet i tøflar og kosebukse. I ein halv vinter. I to og ein halv sommarferie. Og no skal vi bruke tid framover på å evaluere. Diverre betyr ofte evaluering, i alle fall i skulen, å finne alt vi har gjort gale. Og sannsynlegvis er det ein heil del. Vi var ikkje førebudde nok på ein pandemi. Vi hadde ikkje gode nok planar. Vi gav ikkje god nok informasjon. Vi hadde ikkje kameraet på, eller vi hadde det på for mykje. Vi hadde for få konferansar, eller vi hadde for mange. Vi var for trege til å komme i gang med dei mest fancy digitale plattformene.

Eg tur vi skal la det dårlige samvitet få kvile no. Parkere denne kjensla av å ikkje vere sliten nok i juni. Eg trur og vi skal prøve å balansere biletet og sjå litt på det som gjekk bra, før vi byrjar sjølvpiskinga. Alt som gjekk gale kjem vi sikkert til å studere under lupa i lang tid framover. Men ein ting er eg heilt sikker på, etter denne rare tida. Og det er at ein robot aldri kan erstatte ein lærar.

Følg Adresseavisen Debatt på Facebook

På forsiden nå