«Nye veier» på ville veier

Konsekvensen av Nye Veiers planer er at fleire hus og garden til Audun Krogstad ved Hovinsåsen blir utradert. Det er valdtekt, skriver Reidar Almaas i dette innlegget.  Foto: Morten Antonsen

Saken oppdateres.

Vi les i Adressa og lokalavisene at «Nye Veier» endrer planene for ny E6 forbi Hovin. I staden for å krysse Gaula og jenbanen ved Røskaft, planlegg «Nye Veier» å flytte kryssinga lenger sør, til Gaulfossgjelet. Konsekvensen er at fleire hus og garden til Audun Krogstad ved Hovinsåsen blir utradert, Midttømme trelast XL-bygg må flyttast og mye dyrkamark vil gå tapt.

LES OGSÅ: Bedre infrastruktur snur ikke utviklingen

Gardbrukaren vart varsla klokka 08.50 same dag som den nye og dramatiske vendinga skulle presenterast for Melhus kommune same kveld. Dette er uverdig behandling av eit lokalsamfunn. Denne kuvendinga skjer etter at Melhus kommune for mange år sidan vedtok reguleringsplan for kryssing av Gaula for denne parsellen. Ein gard og fire hus er alt reve og erstatta i den traseen som Melhus kommunestyre har vedtatt.

LES OGSÅ KOMMENTAREN: Vi trenger ny E6, men vi må ikke kjøre i 110

Folk mellom Lundamo og Hovin har vendt seg til tanken om kor ny firefelts motorveg med fartsgrense 110 km i timen skal koma, og så skjer dette. Ein kan ikkje behandle folk og kommunar på denne måten. Vi ser at slikt skjer i Kina, men har ikkje vi eit lokaldemokrati? «Nye veier» har vorte ein stat i staten.

Sein varslingsfrist begrunnar «Nye Veier» med at det var vinterferie i veka før. Sjølv tillater «Nye veier» seg å sette frist for innsigelse til 1. april. Det er skjærtorsdag i min kalender. No må politikarane i Melhus vise seg vaksne for sine oppgåver, gripe inn og sette ned foten.

Følg Adresseavisen Midtnorsk debatt på Facebook

På forsiden nå